student
videreutdanning
bibliotek
lekser
studere

Opnar lærarutdanninga for studentar under  karakterkravet

Regjeringa vil at søkjarar som ikkje tilfredsstiller karakterkravet, skal kunne starte eit lærarstudium denne hausten.

Publisert Sist oppdatert

Dette kjem fram i høyringsnotatet om forslag til endringar i nivåkrav til opptak til høgare utdanning og opptak til praktisk-pedagogisk utdanning som regjeringa la fram mandag.

Her skriv regjeringa at utdanningsinstitusjonane nå i haust bør kunne ta opp lærarstudentar som ikkje tilfredsstiller karakterkrava, om to krav er oppfylt:

Det eine er at institusjonen har søkt om dispensasjon frå karakterkravet. Det andre er at institusjonen ikkje har klart å fylle opp studieplassane med kandidatar som tilfredsstiller karakterkravet. Opptaket skal skje lokalt.

Regjeringa vil ha dette som ei særordning for komande studieår.

Som permanent regel foreslår regjeringa i høyringsnotatet at institusjonane etter søknad skal kunne avvike frå karakterkrava dersom dei har tiltak som ivaretek dei same omsyna som nivåkrava er meint å ivareta. Denne endringa i regelverket vil regjeringa skal skje frå studieåret 2026-27.

 

 

Powered by Labrador CMS