Lærarspesialistordninga er ein karriereblindveg
Debatt: – Tilgangen til karrierevegar bør vere den same for alle lærarar i eit kollegium.
Med ujamne mellomrom kjem det ei røyst frå Høgre og vil framsnakke denne ordninga, samstundes som dei vil kritisere den sitjande regjeringa for å fjerne den. Denne ordninga er interessant, og om ein les evalueringa av den, kan ein finne både positive og negative aspekt ved den.
Det å gjennomføre vidareutdanning og å spesialisere seg i didaktiske emne i faget sitt er alltid eit gode. At ein skule får ein fagperson i front for utviklingsarbeid i dei einskilde faga er òg positivt. Det handlar både om administrasjon, forvalting av kollektiv inspirasjon og samkøyring av det som skjer i faget, slik at fagfellesskapet ikkje blir ei samling av privatpraktiserande individ som stadig finn opp krutet for seg sjølv.
Diverre for Høgre er skulen allereie fulle av lærarar som er spesialistar i faga sine, med fagleg fordjuping på masternivå ++. Lærarar har sjeldan minimum det som er grads-kravet til adjunkt eller lektor. Det at ein skal utnemne ein funksjon med eit slikt namn er dermed ei direkte fornærming av dei tusental av fagspesialistar vi allereie har i skulen.
Det å vere lærarspesialist er liv laga om ein endrar namnet og innser at det er faktisk ingen karriereveg, men ein funksjon. Tilgangen til karrierevegar bør vere den same for alle lærarar i eit kollegium. Når ein har fått ein lærarspesialist i eit fag, er denne «karrierevegen» låst for alle andre på skulen. Denne mangelen ved lærarspesialistordninga har vore påpeikt heilt sidan ordninga var introdusert.
I tillegg er det eit stort tankekors at funksjonen vart tilgodesett med ei auke på nesten 50 000 kroner utover tariffløn, utan at det var ein del av forhandlingane. Dette er prinsipielt hykleri, når politikarar på nasjonalt nivå elles overlèt lønsutvikling til «partane».
Ein reell karriereveg vil vere ein utviklingsstige som er tilgjengeleg for alle som er i yrket, ein stige med vidareutdanning, rom for FOU-arbeid, endra arbeidsoppgåver, endra ansvar og styrka lønsvilkår. Lønsvilkår framforhandla av partane, ikkje backstage hos Erna. Her har alle parti, Høgre inkludert, vore heilt tomme for idear sidan dei tok til å diskutere karrierevegar. Det er det eine kortet dei har på handa som dei vil gje oss, og det er ein svarteper meir enn ein jokar..
Å vere i klasserommet er karrieren vår. Gje oss utteljing for å halde det gåande i tiår etter tiår, i staden for å lokke oss med karrierevegar berre nokre få utvalde kan få. I dag har vi lokale kompetansetillegg for tilleggsutdanning ut over grad. Om dette vert sentralt diktert, og ein ikkje stoggar ved 60 studiepoeng ut over grad, men òg legg pengar i kassen ved to årseiningar fag ekstra, vil fleire enn i dag spesialisere seg og få auka djupne, breidde og identitet i lærarvirket sitt.
Om det er berre lærarspesialisten som skal få utteljing for spesialisering, er eg redd for at det vil passivisere mange andre. Kvifor skal dei ta del i ein FoU-dugnad underlagt ein som er lønna ekstra tilsvarande utfallet av tre-fire lønsforhandlingar?
I dei åra som eg har vore lærar har det ofte vore snakka om sabbatsår der ein kan fordjupe seg fagleg. Kvar lærar burde ha høve til å vidareutdanne seg på arbeidsgjevar si rekning minst ein gong i løpet av lærarlivet. Det ville vere demokratisk og motiverande. Lærarspesialistordninga som den var, er dødfødt, umotiverande og tariffmessig heilt på kanten.