Lærarane treng meir tid og tillit
Debatt: – Mindre ressursar og fleire oppgåver set lærarane i ein umogleg spagat.
Det er no snart 25 år sidan eg første gong sto i eit klasserom og hadde ansvaret for undervisninga. Eg hugsar kor stolt eg var. Stolt over å vere lærar. Stolt over at eg hadde fått eit så stort og viktig ansvar. Eg var ein lærar. Ein lærar som skulle få vere med å utdanne morgondagens vaksne.
Det som tok det meste av tida mi dei første åra, var å forberede undervisninga. Den undervisninga som skal vere spennande, skape engasjement, nysgjerrigheit, vere differensiert slik at ho famna om alle elevane. Undervisning som skal vere variert, gje rom for medverking, vere informativ og skape undring. Undervisning som skal danne og utdanne elevane, og sette dei i stand til å ta sjølvstendige val, vere kritiske, kunne stå opp for seg sjølv, respektere andre sine meningar, og argumentere for sine eigne.
Undervisning som skal gje dei kunnskap og dugleik, både fagleg og sosialt, til å fungere i ei gruppe, i eit inkluderande og likeverdig fellesskap. Fungere i eit samfunn.
Det er like viktig i dag, om mogleg kanskje enda viktigare. Den tida du har til å planlegge ei undervisning som skal halde tritt med eit samfunn som endrar seg i rekordfart, som skal konkurrere med sosiale medium, digitale verktøy og kunstig intelligens.
Lite tid til planlegging
Likevel, i dag er det for lita tid igjen til å planlegge den viktige undervisninga, for lita tid til det som er lærarens kjerneoppgåve. I dag blir mesteparten av tida vår brukt til å dokumentere alt vi gjer, til å handtere barn som har sterke åtferdsuttrykk, barn som har uttrykk som kan skade og/eller skremme andre, truslar, barn som ikkje har lyst til å følgje beskjeder eller ikkje klarar det, samarbeid med andre instansar eller framoverlente føresette som treng støtte og rettleiing, for å nemne noko.
Ein
klar intensjon i den norske skulen er at den skal inkludere alle og ivareta
alle. Kanskje er det på tide å ta ein fot i bakken, og undre seg over om
individet sine rettar no står så sterkt at det går på kostnad av
fellesskapet.
På
toppen av det heile blir det kutta i ressursane til skulen, og vi blir stadig
pålagt fleire oppgåver. Ingenting blir fjerna. Vi blir ståande i spagat, i eit
krysspress der det heile tida vert forventa at vi skal yte meir slik at elevane
kan lære meir, forstå meir og meistre meir. Og det skal dokumenterast. Skulen
blir ikkje ein god plass å vere for elevane då.
Tid og tillit
Vi
lærarar treng tid. Tid til å gjere jobben vår. Tid til å ivareta elevane våre
slik dei fortener. Tid til å reflektere over eiga undervisning saman med
kollegaene våre, slik at vi kan lære av kvarandre og utvikle oss til å bli enda
betre, i eit profesjonsfellesskap.
Og
vi treng tillit. Tillit til lærarprofesjonen og lærarane sin autonomi. Gje oss
tid og tillit, og vi vil gje dykk morgondagens heltar, vi vil utrette mirakel
og utdanne Noreg.
* Innlegget har tidlegare vore publisert i bt.no.