Skolepolitikk er ikkje lenger den viktigaste saka i kommunevalet

Ved kommunevalet i 2019 mista skolepolitikken plassen som den viktigaste saka for veljarane.

Publisert Sist oppdatert

 I 1999 meinte meir enn ein av fem, 21 prosent, at skole var viktigaste saka i valet. Tjue år seinare meinte 9 prosent dette.  Miljø, klima og bompengar hadde gått forbi skolen på lista over det flest oppga som viktigaste saka for dei ved kommunevalet.

Klima og bompengar

Ved kommunevalet i 2019 meinte 15 prosent av veljarane at miljø og klima var den viktigaste saka, mens ti prosent av svara kom i kategorien «økonomi, skatt og bompengar».

– Svara i denne gruppa var dominerte av bompengane, seier Jo Saglie, forskar ved Institutt for samfunnsforsking. Han har vore med på innsamling og analyse av data frå Lokalvalundersøkinga 2019, som er offentliggjort i boka Lokalvalget 2019. Nye kommuner - nye valg?

Verdispørsmål

Ifølgje Saglie har norsk lokalpolitikk i stor grad handla om velferdsspørsmål. Innafor det har veljarane vore opptekne av ulike saker, og det har ikkje vore sterk semje om kva som er den viktigaste lokalpolitiske saka.

– Det nærmaste vi kjem ei slik sak, som har utmerkt seg over fleire val, det har vore skolepolitikken, seier Saglie.

Skolen vedgår mange. Samstundes er skole noe partia har trekt fram i si profilering.  Sjølv om lokalpolitikarane  ikkje kan bestemme mye om innhaldet i skolen, er det andre spørsmål som engasjerer, som skolenedlegging eller nybygg av skolar. Saglie trekk fram dette som grunnar til at skolen har toppa lista over område veljarane har sett som viktigast.

Men altså ikkje i 2019. Da tok klimadebatten over.

– Er det grunnar til å tru at skolepolitikken tar tilbake plassen som den viktigaste saka ved valet i haust?

– Det er lenge til hausten, og mye kan skje. Men til nå har straumprisar og prisstigning prega den politiske debatten. Ut frå det vi har sett så langt, tvilar eg på at skolepolitikken vil kome på topp igjen nå, seier Jo Saglie.

Powered by Labrador CMS