Den svenske forfattaren Stieg Larssons bestseljar «Menn som hater kvinner» har blitt forboden på fleire skular i den amerikanske delstaten
Florida.
Larssons bok står på ei liste over titlar som no blir forbodne
både i skulebiblioteka og som ein del av undervisninga.
Foto: Gyldendal
Ein ny lov, som Florida innførte i fjor, gir innbyggjarar høve
til å melde frå om bøker dei oppfattar som støytande – til dømes bøker med
pornografisk innhald.
Lova har blitt kritisert for å sensurere tema som LHBT-rettar,
antirasisme og rettane til minoritetar.
Lista over forbodne bøker inneheld i år også titlar som «A Handmaid’s Tale» av
Margaret Atwood, «Fargen
purpur» av Alice
Walker og fleire av bøkene til Stephen King, skriv Expo.
Det er over 700 titlar på lista, dobbelt så mange som i fjor, ifølgje Expo.
Forbodet gjeld skulekrinsen Clay County, som omfattar elevane ved 29 grunnskular, åtte ungdomsskular og
åtte vidaregåande skular. Dette tilsvarer grunnskule og vidaregåande skule i
Noreg.
På skulane i Clay County er det over 41.000 elevar, ifølgje
nettsida til skulekrinsen.
Hanna Nordell, leiar for den svenske avdelinga av PEN, som
mellom anna arbeider med spørsmål om ytringsfridom, meiner at forbodet truleg
handlar om at «Menn som
hater kvinner» både
skildrar sex og seksuell vald.
– Det er sjølvsagt svært beklageleg, men det kjem ikkje som ei
overrasking. I fjor blei over 4000 bøker forbode på skular og bibliotek i USA,
og i år gjeld det over 10.000 titlar, seier ho til Expo.
Stieg Larsson døydde i 2004, 50 år gammal. Han grunnla
tidsskriftet Expo i 1995.