LO-leiaren: – Det er rom for eit solid lønnsoppgjer i år

– Det er rom for eit solid lønnsoppgjer i år, meiner LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv frifagbevegelse.no.

Tysdag hadde LOs representantskap møte, der vart følgjande vedteke:

  • Sikre auka kjøpekraft. Det betyr i praksis at lønna må stige meir enn prisane.
  • Sikre lønnstakarane sin del av verdiskapinga. Dette er kor mykje av kaka arbeidstakarane får.
  • Dette skal gjerast gjennom generelle tillegg og heving av overeinskomsten sine satsar.
  • Både låg lønn og likelønn skal prioriterast.

– Lønnsomheita i industrien er svært god, og vi skal ha ei forbetring i kjøpekrafta også i år, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til nettstaden.

Auka kjøpekraft betyr at lønna stig meir enn prisane.

LO har ikkje sett noko tal på kravet i år, men fjoråret vart det beste sidan 2012, og leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet seier at resultatet i fjor er eit godt utgangspunkt for årets oppgjer.

LO og NHO utvekslar sine krav fredag 14. mars.

Powered by Labrador CMS