
LO-leiaren: – Det er rom for eit solid lønnsoppgjer i år
– Det er rom for eit solid lønnsoppgjer i år, meiner LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Det skriv frifagbevegelse.no.
Tysdag hadde LOs representantskap møte, der vart følgjande vedteke:
- Sikre auka kjøpekraft. Det betyr i praksis at lønna må stige meir enn prisane.
- Sikre lønnstakarane sin del av verdiskapinga. Dette er kor mykje av kaka arbeidstakarane får.
- Dette skal gjerast gjennom generelle tillegg og heving av overeinskomsten sine satsar.
- Både låg lønn og likelønn skal prioriterast.
– Lønnsomheita i industrien er svært god, og vi skal ha ei forbetring i kjøpekrafta også i år, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til nettstaden.
Auka kjøpekraft betyr at lønna stig meir enn prisane.
LO har ikkje sett noko tal på kravet i år, men fjoråret vart det beste sidan 2012, og leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet seier at resultatet i fjor er eit godt utgangspunkt for årets oppgjer.
LO og NHO utvekslar sine krav fredag 14. mars.