VERDENS LÆRERDAG 30 ÅR

Silje famla i blinde då skulen fekk 50 ukrainske elevar
– ein idé snudd alt

– Eg forstod at eg hadde stilt altfor høge krav, både til meg sjølv og elevane, seier lærar Silje Skogheim Lillestu. 

Publisert Sist oppdatert

ENGERDAL: – Eg følte meg mislykka etter kvar einaste ting vi prøvde. Dette funkar jo ikkje, tenkte eg.

Tidleg i 2022 opna Engerdal kommune, nord i Østerdalen, opp igjen eit flyktningmottak som hadde vore stengt. Det vesle samfunnet vart brått fylt av ukrainske flyktningar.

Saman med to lærarkollegaer fekk Silje Skogheim Lillestu ansvaret for å ta imot barna og ungdomane og gje dei ei første innføring i norsk språk, før dei skulle vidare til andre kommunar.

Ho hadde jobba med minoritetsspråklege før. Men ikkje i ein slik skala. Oppimot 30 nye elevar kom til skulen, og talet berre auka. Hausten 2022 var det over 50. Dei kom, og dei reiste vidare, dei kom, og dei reiste. 

I dag er Engerdal barne- og ungdomsskole den grunnskulen i Noreg med størst andel ukrainske elevar. 

– Det er vanskeleg å undervise når du ikkje har eit felles språk. Og når stadig nye elevar startar, endrar dynamikken seg heile tida i klasserommet, seier Lillestu.

30 år – 30 lærerhistorier

  • Verdens lærerdag er en FN-dag som markeres den 5. oktober hvert år. 
  • I år fyller dagen 30 år! I den anledning har vi møtt 30 lærere, verden over. 
  • Mange står i store utfordringer: lav lønn, fattigdom, sensur og ressursmangel. Men deres historier handler også om læreglede, engasjement og håp.
  • God lesing! 
    Les sakene her

Ein einsam dans

Elevane vart delte i to grupper: 1.-4. klasse og 5.-10. Aldersspennet i kvar gruppe var stort, men ressursane var avgrensa, og dei tre lærarane måtte kunne avlaste kvarandre. Lillestu fekk hovudansvaret for den eldste gruppa. 

Ho gjekk laus på jobben full av pågangsmot. Men ho merka snart vanskane.

– Berre å forklare noko så enkelt som «sisten» er kjempevanskeleg viss ein ikkje snakkar same språk.

Ein regntung haustdag i 2022 skulle ho lære elevane BlimE-dansen. Ho brukte eit omsetjingsprogram for å forklare konseptet: Alle skulle med, det handla om fellesskap og inkludering, og til slutt skulle dei lage dei ein film.

Elevane følgde med. Men då dei skulle danse, var det berre éin eller to som reiste seg. Lillestu viste med heile seg at dette skulle bli moro, på nesten panisk vis forklarte ho at dei måtte gjere det, at kvar enn dei hamnar i Noreg blir det BlimE-dans.

Dei få som hadde reist seg, sette seg igjen. To kraup under pultane sine og tviheldt i dei. Til slutt stod ho der og dansa heilt åleine.

Den oransje frukta

I dag står Silje Skogheim Lillestu framfor elevane med ei trygg utstråling. Ho spør dei kva dei gjorde i friminuttet. Ein elev strekkjer begge armane i veret.

– De bad?

Eit par elevar nikkar.

– Fekk de noko svar, da? Did they answer you?

– Nei, ler elevane.

Ho spør fleire om friminuttet, før ho deler ut lappar med spørsmål. Éin elev skal for eksempel spørje dei andre: «Kva heiter den oransje frukta som nordmenn et?» Eleven som svarer «appelsin», stiller neste spørsmål.

Unge, usikre gutar og jenter, alle med sine historier, men dei har møttest her i Engerdal.

Lillestu står fremst i rommet som ei Mor Norge. Ho ler og tøysar, forklarer ord som «løk» og «bæsj», kastar inn ei ukrainsk glose her og ei spansk der. Brukar namna til elevane hyppig.

Det er vanskeleg å sjå føre seg at også ho har vore ny og usikker. Men hausten 2022 orka ho til slutt ikkje å snakke med folk når arbeidsdagen var over. Ho ville berre gå tur, sitje for seg sjølv, sjå på tv.

Draumen om ein god dag

– Vurderte du å slutte?

– Ja, på ein måte, for eg følte at eg ikkje fekk til jobben min. Men eg er sta som eit esel og sa til meg sjølv at eg skulle klare dette.

Dei to lærarane ho samarbeida med, opplevde også at ting butta. Dei hadde mange samtalar på team-rommet. Den største utfordringa var det store gjennomtrekket: Korleis skulle dei klare å gje eit tilbod både til nye og meir erfarne elevar på same tid?

Arbeidsdagen avslutta dei alltid med ei felles songstrofe: «Dagen i morgon kan bli vår beste dag!»

Og éin dag, på seinhausten 2022, skjedde det noko. Kollegaen Mats Lund fekk ein idé: Kva med å starte eit åtte vekers undervisingsopplegg, med eit nytt tema kvar veke?

Éi veke kunne dei lære om mat, ei anna om skulekvardagen. Slik ville alle lære noko nytt. Blei nokon verande lenger enn åtte veker, kunne dei få meir avanserte oppgåver når opplegget starta på nytt. Etter kvart ville desse også kunne hospitere i norske klasser.

Ideen vart eit vendepunkt.

– Vi driv framleis undervisinga på den måten. Vi er stolte over opplegget, for det har fungert kjempebra, seier Lillestu.

Måtte senke krava

Men sjølv om noko lausna, var det framleis vanskeleg å undervise elevar som ho ikkje hadde eit felles språk med.

Ho forstod at viss ho skulle halde fram i jobben, måtte ho endre både innstillinga og måten ho underviste på. Aha-opplevingar som kom innimellom, hjelpte henne på veg: For eksempel lærte ho meir og meir ukrainsk av elevane, og ho innsåg kor ulikt det var norsk.

– Eg forstod at eg hadde stilt altfor høge krav, både til meg sjølv og elevane.

Ho begynte å gje kortare beskjedar. Repetere, repetere, repetere.

– Eg kunne ikkje vente at dei skulle lære 40 ord på same dag. Eg måtte heller tenkje at viss vi har brukt ein heil dag på å lære at ein stol er ein stol og at ein blyant er ein blyant, er det kjempebra, seier ho og legg til:

– Vi må forenkle alt vi driv med, og når vi trur vi har forenkla det, må vi forenkle det enda ein gong.

Engerdal

Fredag er medaljedag

I dag startar ho alle undervisingsveker med å skrive vekas ord på tavla. Elevane fyller ut orda i hefta sine. Gjennom veka har dei ulike øvingar, og også diktat. På fredagen er det glosetest: Ingen får karakter, men 1., 2. og 3.-plassane blir kåra og medaljar delte ut. Alt med humor og humør.

Fordi det den siste tida har kome færre minoritetselevar i dei øvste alderstrinna, er elevane i dag fordelte på tre grupper i staden for to. Då blir aldersspennet mindre, og det er enklare å drive undervising, ifølgje Lillestu.

Samtidig blir nokon av elevane verande lenger. Den siste tida har det nemleg kome flyktningar til Engerdal mottak frå andre land enn Ukraina. Desse er ofte ikkje garanterte opphaldsløyve, og det kan ta tid før dei får ein bustadkommune.

Den eleven som har vore lengst i Lillestu si klasse, er der framleis etter eitt år. Den som var der kortast, reiste etter to dagar.

Til saman har ho blitt kjent med over 250 ungdomar.

Det eigentlege målet

– Snakkar du med elevane om det dei har opplevd før dei kom til Noreg?

– Eg opplever at det er utanfor mi rolle å spørje, men det hender at dei fortel. Éin hadde flykta med foreldra sine i bil medan bombene small bak dei. Slikt gjer jo inntrykk.

I 2023, eit år etter den store invasjonen av Ukraina, såg klassa på ein musikkvideo av Kringkastingsorkesteret og artisten Emma Steinbakken, som markerte hendinga.

– Det er ikkje kjekt å sjå at elevar græt. Men vi må alltid hugse at det er dette dei kjem frå. Mange har framleis familie og venner i eit land med krig. Då får det vere godt nok, då, at vi har lært oss kva ein stol er. Det finst viktigare ting.

At elevane skal lære seg godt norsk, har ikkje førsteprioritet hos Lillestu.

– Målet mitt er at elevane skal vere trygge og ha ein bra skulekvardag. Det er også målet til skulen vår.

Gåve frå Ukraina

Gjennom sosiale media får ho ofte meldingar frå tidlegare elevar. Og då ho nyleg var på fotballkamp i ein nabokommune – Lillestu er nemleg trenar på fritida – kom ein tidlegare elev dit for å helse på henne.

Han hadde med ein pepperkake-liknande kjeks som var innpakka i cellofan. På kjeksen var det inngravert norske og ukrainske motiv. «Til Norge, fra byen Odessa,» stod det.

– Når eg opplever slikt, blir eg rørt. Då kjennest det som om eg har nådd målet mitt: at uansett kva elevane har opplevd før i livet, har dei iallfall hatt det trygt og godt her i Engerdal.

Ho skildrar jobben som hjartebarnet sitt. Frå å kjenne seg fortvila og maktelaus, står ho i dag framfor klassa og elskar det ho gjer. Ukrainsken hennar er langt ifrå perfekt, men ho bruker han likevel; viser elevane at det går an å prøve, sjølv om ein ikkje alltid lukkast.

Det var det same ho gjorde med BlimE-dansen. Men i dag kjennest det som om grunnen under henne er tryggare.

Ei mental endring

– Den gongen tenkte eg at eg ikkje fekk til jobben min. No tenkjer eg at det gjer eg jo. Eg har endra meg mentalt: Blir ikkje ein time akkurat som eg har tenkt, går det for det same. Det kjem nye sjansar.

På Verdas lærardag 5. oktober fyller Silje Skogheim Lillestu 33 år. Ho har framleis mange yrkesaktive år igjen.

– Kvar trur du at du er om 30 år?

– Eg håper at eg er her på skulen, og at eg framleis jobbar med flyktningar. Eller vent … kanskje eg er i Ukraina? Vi har sagt det, kollega Mats og eg, at vi skal kome på besøk der når krigen er over. Og når vi har hatt godt over 250 elevar derifrå her på skulen vår, har vi ein del folk å besøke.

Verden mangler 44 millioner lærere

FNs bærekraftsmål nummer 4 er å sikre inkluderende og rettferdig utdanning av kvalitet og fremme livslang læring for alle innen 2030. 

Det mangler 44 millioner nye lærere på verdensbasis om man skal nå dette målet. Behovet er størst i landene sør for Sahara. Der trengs det 15 millioner lærere de neste seks årene. 

UNESCOs råd er å bedre lærernes lønns- og arbeidsvilkår, sørge for bedre lærerutdanninger, styrke internasjonalt samarbeid og lytte til lærerne når man utformer utdanningspolitikk. 

Analyser viser at halvparten av alle land i dag betaler lærerne mindre enn andre yrker med lignende kvalifikasjonskrav.

Powered by Labrador CMS