VERDENS LÆRERDAG 30 ÅR

I Roar si klasse jublar dei for to veker med grammatikk

– Det var som å kome heim. Slik skildrar norsklærar Roar Ulvestad opplevinga av å begynne i vaksenopplæringa.

Publisert Sist oppdatert

BERGEN: – Her blir eg gjerne arbeidslivet ut, seier Roar Ulvestad.

57-åringen har utforska ulike delar av læraryrket. Han snakkar varmt om sine sju år som ungdomsskulelærar på Rothaugen, sine 12 år ved Steinerskulen på Paradis og sine åtte år som fulltids hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Bergen. 

Men det er først no i vaksenopplæringa at han får oppfylt dei fleste ønska han hadde då han valde å bli lærar.

– Steinerskulen ga meg ein fin introduksjon til læraryrket med pastellfargar og tur i skogen. Det er meir ordna tilhøve i den offentlege skulen, og eg hadde det veldig kjekt på Rothaugen. Men det er eit enormt trykk på ungdomsskulelærarane. Det er krevjande å sjonglere så mange ungdommar i ein så viktig livsfase, seier han.

30 år – 30 lærerhistorier

  • Verdens lærerdag er en FN-dag som markeres den 5. oktober hvert år. 
  • I år fyller dagen 30 år! I den anledning har vi møtt 30 lærere, verden over. 
  • Mange står i store utfordringer: lav lønn, fattigdom, sensur og ressursmangel. Men deres historier handler også om læreglede, engasjement og håp.
  • God lesing! 
    Les sakene her

Kanskje kom det litt i bakgrunnen, faget som han eigentleg skulle lære bort. For, som han seier så diplomatisk, ungdomsskuleelevar har ofte eit uklårt bilete av framtida, og då er det vanskeleg å sjå kva nytte dei vil ha av diktanalyse, sidemål og grammatikk.

Det er noko heilt anna med vaksne. Dei har ofte eit tydeleg bilete av kven dei er og kva dei vil gjere, og dei veit at vaksenopplæringa er vegen til målet.

– Seier du til ein gjennomsnittleg 9. klasse at det blir 14 dagar med grammatikk, då merker du ei bølge av tristesse som skyl gjennom rommet. I vaksenopplæringa derimot blir det jubelstemning. Dei elskar grammatikk fordi det er så konkret. Grammatikken gjev dei reglar og noko handfast som kan gjere norsken lettare å forstå. Det varmar ein norsklektors hjarte, seier Ulvestad.

Han synest også det er deilig å ha få klassar og bere undervise i norsk.

– Det er som å kome heim, seier han.

Berre skryt frå klassen

Sjølv om dei som er i vaksenopplæringa ikkje heiter elevar, men deltakarar er mykje av undervisningsstilen til lik som før. Han brukar humor og dreg i gang samtaler. Men han set pris på å sleppe å vere den strenge utgåva av seg sjølv.

– Han svarar alltid med eit smil, seier Marzieh Jahanbani.

– Han er veldig snill og fleksibel, seier Vandana Tehalan.

Roar Ulvestad
Roar Ulvestad engasjerer seg i deltakarane si læring, men også deira ve og vel. Her diskuterer han eksamen med Vandana Tehalan.

Superlativa sit laust når deltakarane i Roar Ulvestad sin norskklasse omtalar læraren sin. Tidlegare har han fått høyre at han var den brua ein deltakar trong for å gå over til den norske kulturen.

– Han er ikkje berre ein lærar for oss, han viser full forståing for oss. Han er open for alle spørsmål, også om sosiale forhold og om samfunnet, seier Yan Wang.

Rett som det er sporar samtalene i Ulvestad sine timar av frå norskfaget. Då meiner Ulvestad at han kan skulde seg sjølv og sin eigen plan for timen. 

Han brukar å sleppe til samtalene, og ofte dreier dei seg om viktige tema som barneoppdraging, kjønnsroller og arbeidsliv. Gjennom deltakarane har han forstått at mange arbeidsgjevarar tek lettare på denne gruppa. 

Ulvestad flaggar ikkje eige syn på fagorganisering, men blir glad når han ser at deltakarane kjem med ryggsekkar frå Fagforbundet.

– Dei har skjønt verdien av å vere fagorganiserte, seier han.

Nesten alle deltakarane er i full jobb og har familie, men deltakinga er stort sett høg i Ulvestad sine timar. Og godt er det, for dei har eit stort pensum når dei på eitt år skal få like høg norskkompetanse som ein norskspråkleg 16-åring. 

Mange av dei snakkar godt norsk, men manglar skriftleg kompetanse. Målet er å få studiekompetanse, eller å få godkjent høgare utdanning frå utlandet.

– Vår jobb er å serve dei, uansett kva nivå dei er på, seier Ulvestad.

– Må tilpasse seg elevane

Dette er ei av fleire hjartesaker for Ulvestad, at skulen må møte elevane der dei er. Høyrer han nokon gje inntrykk av at problem i skulen skuldast at elevane ikkje er gode nok, reagerer han. Skulen og lærarane må tilpasse seg til dei elevane dei har, meiner han.

Mange har lese Roar Ulvestad sine meiningar om alt frå nasjonale prøvar til kunstig intelligens. Han er opptatt av gode arbeidstilhøve for både lærarar og elevar, og då han vart tillitsvald på fulltid byrja han å skrive lesarinnlegg og kronikkar. 

I 2016 skreiv han like godt ein alternativ versjon av læreplanens generelle del.

Vilkåra for norskfaget og skriveopplæringa er ei av sakene som lektor Ulvestad har engasjert seg i den siste tida.

– Teknologien har hola ut lesevanene våre, og no er eg redd for at kunstig intelligens skal hole ut skrivevanane, seier han.

Han påpeikar at dei fleste lærer best når dei både tenkjer, les og skriv.

– Om vi ikkje skriv sjølv, blir det kamuflert kva vi tenkjer. Vi kan ende opp med å produsere tekstar som går over hovudet på oss sjølve, seier han.

Kjempar for betre vilkår

Som grunnskulelærar hadde Ulvestad aldri tid til å skrive.

Roar Ulvestad

– Eg hadde knapt tid til å fullføre setningar eller gå på do, seier han.

Han har stor respekt for alle som jobbar i grunnskulen, men har også engasjert seg for at lærarar i vaksenopplæringa skal få betre vilkår. Mykje av undervisninga føregår på kveldstid. Det kan gjere det vanskelegare å rekruttere.

– I min livssituasjon er dette ein fantastisk jobb, men for småbarnsforeldre er det umogleg å jobbe på denne måten, seier Ulvestad.

Han meiner kveldstillegga burde vore høgare for å lokke fleire søkjarar til vaksenopplæringa.

– Vi har lågare kveldstillegg enn sjukepleiarar, og vi får ikkje kontaktlærartillegg, seier han.

Han meiner begge deler bør på plass for at lærarane i vaksenopplæringa skal bli verdsett for jobben dei gjer, som i praksis er å vere kontaktlærarar.

Sjølv om deltakarane er vaksne, treng dei mykje støtte frå klasseleiaren. Ulvestad meiner det er feil å tenkje at dei skal klare seg sjølv.

– Nokon av dei har erfaringar som ville knekt oss over natta. Eg møter dei med ei audmjuk innstilling, seier han.

– Utruleg viktig

Som lærar kan ein få ei svært viktig rolle for enkelte elevar, og ein kan kome tett på sterke skjebnar. Slik er det også i vaksenopplæringa.

– Nokon historier klistrar seg fast i sjela, seier Ulvestad.

I klasserommet stadfestar deltakarane at det er viktig med gode lærarar på kveldstid.

– Det er utruleg viktig! Dei fleste av oss klarer ikkje å delta på dagtid, seier Huda Ali. Som dei andre har ho ein travel jobb.

– Sjølv om eg er trøytt etter jobb pushar eg meg til å kome til timane fordi eg veit at det blir gøy å vere her. Det er veldig god stemning i klassen, seier ho.

I timane møter ho ein lærar som både skapar god stemning og hjelper ho med å forstå faget.

– Eg har lært veldig mykje. Han motiverer og gjev ærlege tilbakemeldingar, seier ho.

Mangfaldig klasse

Ulvestad brenn for norskfaget, men trur både han og deltakarane i undervisninga har god nytte av alle samtalene som dreier seg om andre ting enn norskfaget. 

I klasserommet møtest alt frå konservative muslimar til radikale ateistar, menneske som har vakse opp på landsbygda i India eller som har flykta frå krigen i Ukraina. Så ulike dei kan vere, opplever dei likevel at dei har mange like erfaringar og utfordringar. Mange lurer på det same, om alt frå barneoppdraging til arbeidsliv.

Ulvestad nyttar også oppgåvene til å trekkje inn ulike tema. Han synest dei tre tverrfaglege temaa folkehelse, demokrati og bærekraftig utvikling fungerer godt i vaksenopplæringa.

– Dei treng oppgåver som har relevans for dei. Ein engasjert skrivar er ein god skrivar. Dei treng også tekstar som utfordrar dei. Eg prøver ikkje å provosere, men vi kan snakke høgt om det meste, seier han.

Høgt arbeidsetos

Ei skriveoppgåve som slo spesielt godt an, var om temaet takknemlegheit. Då Ulvestad las tekstane, fekk han også sett sitt eige liv i perspektiv.

– Dei skreiv om helse, tryggleik, jobb og vener – ting vi knapt tenkjer over at vi kan vere takknemlege for, seier han, og oppmodar andre lærarar til å gje same oppgåve.

Ulvestad meiner at å undervise minoritetsspråklege er eit viktig samfunnsoppdrag i eit integreringsperspektiv.

– Eg er viss på at mange innvandringskritiske stemmer hadde hatt mykje å lære av både toleransen og arbeidsetoset til dei eg møter i klasserommet, avsluttar han.

 

Verden mangler 44 millioner lærere

FNs bærekraftsmål nummer 4 er å sikre inkluderende og rettferdig utdanning av kvalitet og fremme livslang læring for alle innen 2030. 

Det mangler 44 millioner nye lærere på verdensbasis om man skal nå dette målet. Behovet er størst i landene sør for Sahara. Der trengs det 15 millioner lærere de neste seks årene. 

UNESCOs råd er å bedre lærernes lønns- og arbeidsvilkår, sørge for bedre lærerutdanninger, styrke internasjonalt samarbeid og lytte til lærerne når man utformer utdanningspolitikk. 

Analyser viser at halvparten av alle land i dag betaler lærerne mindre enn andre yrker med lignende kvalifikasjonskrav.

Powered by Labrador CMS