VERDENS LÆRERDAG 30 ÅR

Når fagbrevet skal fullførast ringer tidlegare elevar til Asbjørn for hjelp

16 år gammal drøymde Asbjørn Lura om å bli lærar, ein heilt annan lærar enn dei han sjølv hadde hatt.

Publisert

STAVANGER: Mellom høvelbenkar, verktøy, sandpapir og moderne maskiner på Godalen vidaregåande skule står Asbjørn Lura. 

Han rekk fram ei hand, helsar og smiler. 

– Verkstaden er eg stolt av. Vi flytta inn rett før jul. Planlegginga tok fire år. No er alt på plass, og det fungerer som det skal, seier han. 

Skulen har dei siste åra vore gjennom ein omfattande rehabiliterings- og utbyggingsprosess, som førte til at klassen mellombels var plassert i industrilokalar på Forus. 

– Fylket har investert over fire millionar kroner i maskiner. Vi har landets mest moderne verkstad. Eg håpar det fører til fleire søkjarar. Mitt mål er fulle klasser på 15 elevar. 

65-åringen stortrivst som lærar, og kan sjå tilbake på 24 år ved Godalen. 

Undervisninga byrjar klokka 08.10. Men Lura kjem aldri seinare enn 06.30. 

30 år – 30 lærerhistorier

  • Verdens lærerdag er en FN-dag som markeres den 5. oktober hvert år. 
  • I år fyller dagen 30 år! I den anledning har vi møtt 30 lærere, verden over. 
  • Mange står i store utfordringer: lav lønn, fattigdom, sensur og ressursmangel. Men deres historier handler også om læreglede, engasjement og håp.
  • God lesing! 
    Les sakene her

– Vi er ein heil gjeng som møtest til kaffi, drøs og quiz. Gode kollegaer betyr mykje, slår han fast.

– Møt aldri nokon med knytt hand 

Han byrja på barneskulen i 1966, og fortel at han var den første som vart kasta på gangen. 

– Eg sleit med lese- og skrivevanskar, og klarte ikkje å sitje i ro. Eg måtte ofte i skammekroken. Der stod eg og såg rett inn i ein mursteinsvegg. Ein skulle sitje i ro, skulen var slik på den tida. I dag er det eit heilt anna menneskesyn, seier Lura. 

Ettersom åra gjekk, vart sløyden eit lyspunkt i skulekvardagen. Der kosa han seg og laga møblar han fekk ta med seg heim til gutterommet. 

Då han gjekk ut av ungdomsskulen i 1975 bar han på ein draum om å bli lærar. 

– Eg ville bli lærar, men ikkje slik mine lærarar hadde vore. Dei favoriserte dei beste elevane. Som lærar er eg medviten på å sjå alle. Eg set meg ofte ned med dei som heng litt etter, seier han. 

Då sommarferiane stod for døra sette han seg på toget til mormor i Asker. 

– Eg var høgt og lågt, og ein skikkeleg propell. Ho sa noko klokt. Du må aldri møte nokon med knytt hand. Med ei open hand får du meir att. Det same seier eg til elevane mine. Det verkar, seier Lura.

Brei arbeidserfaring 

Asbjørn Lura byrja på Bygg og anlegg ved Gand vidaregåande skule. 17 år gammal byrja han i lære. 

– Alle sa at det aldri kom til å gå godt. Dei tok feil. Eg fekk ein fin bas. Eg hugsar første gong han helsa på meg. Han hadde dei største nevane eg hadde sett. Han var fantastisk, og lærte meg mykje om å sjå menneske, fortel Lura. 

Etter over 20 års erfaring som forskalingssnekker, jernbindar, kranførar og bas, vart han skada. 

– Eg fekk ein karamell, og ryggen rauk. Eg måtte finne på noko anna å gjere, byrja på snikkarlinja og tok fagbrev. 

40 år gammal byrja han på Godalen vidaregåande skule. Først eitt år som miljøarbeidar.

 – Eg følgde opp ein elev som trong hjelp. Så føreslo eg for rektor at eg kunne bli lærar, og fekk ja. Eg vart tilsett som lærar og tok samstundes utdanning ved Sykkylven Tekniske fagskule i treteknikk, fortel han. 

Draumen om å bli lærar vart realisert, sjølv om det tok si tid. 

– Det var riktig tidspunkt. Då hadde eg brei erfaring frå arbeidslivet. Eg hadde funne meg sjølv og var ein tryggare person.

Ein brutal maskin 

Men den 24. mai 2018 klokka 09.25 gjekk det ikkje heilt som planlagt. Lura skulle frese 25 plankar. Då det stod att nokre få såg han på klokka. 

– Det er det dummaste eg har gjort og vitnar om dårleg dømmekraft. 

Tanken var å rekke dei siste 5 før friminuttet. Men ein stor kvist i treet førte til at maskinen slo tilbake og inn i handa. Maskinen tok alle fem fingrane på høgre hand. 

– Det såg ikkje bra ut, men eg kjente ingenting. No tek vi friminutt, sa eg, skrudde av maskinen og ringde avdelingsleiaren, fortel han. 

Han bandasjerte seg sjølv og gjekk ut i sykebilen. Nokre fingrar kunne reddast, og er sydde på att. 

– Kvist er noko herk, og maskinen er brutal. Ryktet spreidde seg fort på alle dei vidaregåande skulane i området. Eg blir framleis mobba for den hendinga, seier Lura og ler.

Men som han sjøl seier til elevane sine:  

– Den som ikkje gjer feil, gjer ikkje ein dritt. 

Han understrekar samtidig at han er nøye med HMS, og hevdar at det ikkje har vore ei einaste skade på elevane på 24 år på skulen. 

Hendinga i 2018 førte til sjukehusopphald og eit år med sjukemelding. 

– Då ville dei uføretrygde meg, men eg sa nei, no er eg frisk. Eg var ikkje klar til å gi meg. 

No tek 65-åringen i alle fall to år til, og er open for å bli så lenge han får det til med ungdommane. 

– Den dagen eg ikkje forstår humoren deira gir eg meg. Heldigvis har eg barnebarn på den alderen. Eg kan følgje med og lære av dei.

Eit fag i endring 

Han meiner klapp på skuldra og oppmuntring er viktig. Det er alltid ein elev eller to som treng litt ekstra. 

– Eg vart ikkje diagnostisert då eg var barn, men hadde garantert ADHD og dysleksi. Det er eg open om med elevane. Mange av elevane har dei same diagnosane. Dei synest det er godt å vite at det også gjeld meg. 

– 24 år som lærar. Kva endringar ser du hos elevane? 

– I dag må eg vere litt meir forsiktig, dei blir lettare såra. Dei har ein annan vilje, både på godt og vondt, og vil helst bestemme sjølv. Rydding og soping på verkstaden er ikkje populært, og dei likar ikkje HMS-reglar med briller og høyrselsvern. Før tok dei lettare imot beskjedar. Men elevane er like forskjellige som alle oss andre, seier han. 

På Godalen kan dei fordjupe seg innan tre område; Trappeproduksjon, dør og vindu og innreiing. 

28 bedrifter i distriktet tek imot lærlingar. Alle er garanterte læreplass, dersom dei vil. Lura sit i styret ved Opplæringskontoret, Rogaland Tresenter, og brenn for å rekruttere flest mogleg. 

– Det går litt opp og ned med søkinga til faget, det er eg ikkje nøgd med. Vi jobbar med å marknadsføre lina, og eg trur det er lettare no med det nye verkstaden, seier han. 

Faget er i endring. Det meste er automatisert, men sandpapir kjem ein ikkje utanom. 

– Det er nye datastyrte maskiner og det er bra. Vi må klatre oppover. Men eg heng ikkje alltid heilt med. Ein yngre kollega gjer ein god jobb med dei nye maskinene. Vi får også hjelp frå bedriftene i Rogaland. Vi har eit fantastisk samarbeid med Rogaland Treindustri.

Hjarte for elevane 

Det hender elevar som er gitt opp ved andre skular blir sende til Lura. 

Mange av dei går det i dag bra med. Han minnast ein elev som hadde hatt 170 fråversdagar på ungdomsskulen. 

– Her hos oss hadde han null fråvær, og fekk diplom. 

Tidlegare elevar ringjer og sender meldingar. Når fagbrevet skal fullførast, ringjer dei og ber om hjelp. 

– Eg set meg ned med dei og hjelper til slik at dei ikkje skal få for mykje nervar. 

På fritida er Asbjørn Lura å finne i kolonihagen blant blomar, ripsbuskar og epletre. Interesse for fotball har han hatt sidan han som gutunge spelte på Sandnes Ulf. 

– Eg var nok best på reservebenken. No er eg berre supporter. Eg seier til elevane at det berre er tre lag i verda som gjeld, Lura, Viking og Leeds. Elevane er veldig usamde. Det skapar noko bra i klassen. Vi får ein engasjert dialog. 

For Asbjørn Lura har det vore 24 fantastiske år i skulen. Han stortrivst, både med kollegaer og elevane. 

– Det viktigaste med jobben er å vere medmenneske. Du må kunne sjå elevane frå riktig vinkel, aldri ovanfrå og ned. Eg har eit stort engasjement for elevane, og står på for at dei skal klare å fullføre. Den dagen eg ikkje kjenner engasjement, er det på tide å gi seg, seier Lura.

Verden mangler 44 millioner lærere

FNs bærekraftsmål nummer 4 er å sikre inkluderende og rettferdig utdanning av kvalitet og fremme livslang læring for alle innen 2030. 

Det mangler 44 millioner nye lærere på verdensbasis om man skal nå dette målet. Behovet er størst i landene sør for Sahara. Der trengs det 15 millioner lærere de neste seks årene. 

UNESCOs råd er å bedre lærernes lønns- og arbeidsvilkår, sørge for bedre lærerutdanninger, styrke internasjonalt samarbeid og lytte til lærerne når man utformer utdanningspolitikk. 

Analyser viser at halvparten av alle land i dag betaler lærerne mindre enn andre yrker med lignende kvalifikasjonskrav.

Powered by Labrador CMS