Kvar andre danske skuleelev er utsett for vald og truslar

Nesten halvparten av alle elevar i grunnskulen i Danmark har vore utsette for vald, truslar eller annan utagerande åtferd frå medelevar det siste året.

Publisert

Dette kjem fram i ei spørjeundersøking utført av Skole og Forældre (Danmarks svar på Foreldreutvalet for grunnopplæringen, red.anm), skriv folkeskolen.dk.

Ifølgje undersøkinga har 49 prosent av foreldra oppgitt at barna deira har vore utsette for vald, slåsskampar, øydelegging av eigedelar, skriking eller trugande åtferd i løpet av dei siste 12 månadene. Mange av desse barna har opplevd dette fleire gonger.

I dei 20 største kommunane i Noreg kom det i fjor inn over 26 000 meldingar om vald og truslar. Det er ein auke på 30 prosent frå året før.

Undersøkinga i Danmark avslører og at kvar femte forelder rapporterer at barnet deira har opplevd utagerande åtferd meir enn 10 gonger det siste året. I tillegg oppgir mange foreldre at barna deira har vore utsette for grenseoverskridande åtferd, inkludert seksuelle tilnærmingar, uønskt fysisk kontakt, krenkjande kommentarar og trakassering på sosiale medium frå andre elevar.

Leiar for organisasjonen Skole og Forældre, Rasmus Edelberg, uttrykkjer uro over dei høge tala og peikar på at skulane må gjere meir for å sikre tryggleik og fellesskap blant elevane.

Ei tidlegare undersøking frå Danmarks Lærerforening i mars 2024 viste at kvar andre lærar opplever vald mellom elevar minst éin gong i veka.

Undersøkinga frå Skule og Foreldre, som blei gjennomført i juni 2024, omfattar svar frå 980 foreldre til barn i grunnskulen.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS