Marit Himle Pedersen, fylkesstyremedlem UDF Vestland.
Foto: Tom Egil Jensen
Kommuneøkonomi i krise – skulen kan ikkje ofrast for å betala rekninga!
Debatt: Me er avhengige av å satsa på skulen – det er ikkje ein budsjettpost ein kan skalta og valta med.
Eit stort fleirtal av norske kommunar slit med
økonomien og styrer mot underskot, melder leiar i KS, Gunn Marit Helgesen, til
NRK. Ho meiner det må bli slutt på
bemanningsnormer og kompetansekrav. Samstundes fortset Håvard
Moe i KS-Konsulent sin turne i kommunane der bodskapen er klar: Gjer noko med
skulestrukturen. Dette vitnar om eit korttenkt KS utan tanke på kva god
samfunnsøkonomi på lang sikt inneber.
Det er skremmande at KS presenterer eit så enkelt svar på komplekse
samfunnsutfordringar. Når regjeringa no snart legg fram statsbudsjettet for
2025 og lokalpolitikarane skal vedta neste års kommunebudsjett, er det difor
viktig å løfta blikket og sjå litt lenger enn nasetippen. Å tisse i buksa for å
halda varmen er sjeldan eit godt råd.
Demokrati i krise
Me lever i ei uroleg verd. Det er krig i Europa og krig og uro andre
stader i verda. Både i USA og Europa ser me at ekstremistiske parti er på
frammarsj. At demokratiet er trua fleire stader, bør få oss til å vera opptekne
av å verna om demokratiet i vårt eige land. Skulen er den siste fellesarenaen
me har i samfunnet vårt, og spelar ei svært viktig rolle når me skal bygga
demokratisk beredskap i samfunnet. Det er ikkje berre for å møta storpolitiske
utfordringar dette er viktig.
Ungdomskriminalitet og utanforskap frå arbeids- og samfunnsliv er døme på dette. Det vert no lagt store
summar i statsbudsjettet i kampen mot ungdomskriminaliteten. Det er truleg
naudsynt, men skapar me ein inkluderande fellesskule som gir alle moglegheiten
til utdanning og danning, trur eg me vil lukkast betre på lang sikt. Skulen er
den førebyggingsarenaen som møter alle barn og unge. Å lukkast betre med dette er viktig både på individ- og samfunnsnivå. Det er billigare å førebygga enn å
reparera.
Den nemnde Håvard Moe presenterer og på sin kommuneturne at ein skule i
dag godt kan ha om lag 700 elevar. Det er smått absurd viss nokon tenker det er
ein god ide med dei utfordringane me ser i ungdomsmiljøet og med dagens mangel
på lærarar.
Skulen sin plass i samfunnsbygging
Då landet vårt låg i ruinar etter krigen, var det skulen som var den
sentrale arenaen for attreisinga og vidareutviklinga av samfunnet. Det har gitt
oss ein velferdsstat som manglar sidestykke i verda. Kompetansen i befolkinga
er høg, og me har vore verdsleiande i omstillingsprosessar gjennom historia.
Ikkje minst då oljealderen starta på slutten av 1960-talet og fram til i dag,
då norske verksemder sit i førarsetet i omstilling til det grøne skiftet, har
kompetanse vore avgjerande for utvikling av samfunnet. Det norske
utdanningssystemet og norske lærarar har difor mykje av æra for at me bur i
verdas rikaste land.
Då Noreg var fattig, satsa ein på skulen
På 1950-1970-talet, då Ap var nærmast eineveldig i norsk politikk, vart
det satsa på utdanning og skule i stor skala. Mange har kalla denne tida ein
utdanningseksplosjon. Det vart brukt store summar på denne utbygginga; fordi
det var viktig for landet. Skulen var nøkkelen til at alle skulle ha dei same moglegheitene,
tilgang på velferdstenester og eit godt liv – det var eit hovudfokus i norsk
politikk. Læraren hadde respekt i samfunnet, og det vart satsa mykje på å bygga
skulebygg, ha tilgjengelege læremiddel og ikkje minst; nok kvalifiserte lærarar
i klasserommet. Alt dette var viktige rammevilkår for at læraren skulle få
gjort jobben sin på vegner av samfunnet. Dette gjeld enno, men prioriteringane er
diverre annleis i dag.
Alle veit at utdanning er
viktig. Det kjem ikkje av seg sjølv, men er eit politisk ansvar som må
prioriterast ved å satsa på skulen!
Framtidige arbeidsgjevarar i
alle sektorar vil trenga arbeidskraft i framtida. Å sikra at flest mogleg blir
inkluderte i arbeidslivet, er difor avgjerande for både den enkelte og
samfunnet. Samfunnet vil vera i stadig endring. Då må fokuset på skulen og
utdanningssystemet sin plass i samfunnet fram frå skuggedalen.
Manglar fagfolk i alle sektorar
I same nyhendesending på NRK vert det vist til at det er akutt mangel
på fagarbeidarar i mellom anna byggenæringa. Me manglar lærarar,
barnehagelærarar, legar, helsefagarbeidarar og no altså snekkarar.
Då tillet eg meg å minna om at utan lærarar og skule har me heller
ingen fagarbeidarar, legar eller ingeniørar. Grunnutdanninga i skulen legg
grunnlaget for all anna utdanning, difor må dette satsast på. Då vil me rusta samfunnet for å møta framtida,
og innbyggarane vil få betre liv. Med andre ord, å satsa på skulen er eit Kinderegg me som
samfunn er avhengige av, ikkje ein budsjettpost ein kan skalta og valta med når
ein ikkje veit kva anna ein skal kutta …