Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Foto: Joakim S. Enger
– Vi kan ikkje stenge døra for motiverte folk som ønsker å bli lærarar
Forskingsminister Oddmund Hoel er nøgd med at universitet og høgskular tar inn studentar som ikkje oppfyller dei opprinnelege karakterkrava.
I år kom 716 studentar inn på lærarstudier utanom karakterkrava. Tidlegare kunnskapsminister Guri Melby er redd for at desse studentane kjem til droppe ut av utdanninga.
Forskingsminister Oddmund Hoel trur ikkje det kjem til å skje.
– Nei, det gjer eg ikkje. Vi har ikkje råd til å stenge døra for motiverte folk som ønsker å bli lærarar, slik Venstre vil. Vi har opna for å tenke nytt i ei tid der Noreg treng fleire lærarar. Derfor har vi teke dei nødvendige grepa for å få fleire inn i utdanningane og ut i skular i heile Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
– Interessa blant søkarane har vore stor
Alle institusjonar med grunnskulelærarutdanningar unntatt NTNU har no søkt om dispensasjon frå nivåkrava for opptak til dei femårige lærarutdanningane.
Han seier dette har vore ønskt velkommen av universitets- og høgskulesektoren og at dei kan ta imot fleire motiverte studentar neste år.
– Universitet og høgskuler hadde ikkje søkt dispensasjon om dei ikkje meinte dei kunne
lukkast med å utdanne fleire gode kandidatar.
Opptakskrav lærerutdanninga
- For å komme inn på lærerutdanninga må man ha enten 35 skolepoeng og minimum karakteren 4 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk eller 40 skolepoeng og minimum 3 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk.
- I vinter åpnet regjeringen for dispensasjon fra kravene.
- Etter at hovedopptaket var ferdig i sommer, kunne institusjonene gjennom lokale opptak ta opp søkere som ikke oppfyller dagens krav til karakter i norsk og matematikk.
Hoel seier også at regjeringa er godt i gang med å følge
opp mål og tiltak i strategien for lærarrekruttering som dei har laga saman med
11 organisasjonar på utdanningsfeltet.
– Det er lenge sidan så mange har
forplikta seg til å gjere ein innsats for å rekruttere, utdanne og behalde
lærarar. Til dømes styrker vi no rettleiing for nyutdanna lærarar. Vi har også
teke grep for at fleire kan ta ei lærarutdanning uavhengig av kvar dei bur og
kva livssituasjon dei er i, seier forskingsminister Oddmund Hoel.
– Vil disse studentene bli fulgt opp på noen
annen måte enn andre studenter?
– Regjeringa krev forsterka
oppfølging som ein del av dispensasjonsordninga. Eg er trygg på at utdanningane
følger opp studentane på ein god måte, slik at dei lærer det dei treng.
– Vil de undersøke effektane av fritak frå karakterkrava?
– Kunnskapsdepartementet har gitt Nasjonalt
prosjekt for lærerrekruttering ved Høgskulen på Vestlandet oppdrag om å
evaluere dispensasjonsordninga løpande. Om ein lukkast med å utdanne gode
lærarar som ikkje har innfridd nivåkrava, vil regjeringa vurdere å avvikle
heile ordninga med særskilte karakterkrav.
© Utdanningsnytt