Kva har skjedd med dei praktiske og estetiske faga i grunnskulen?

Debatt: – Det må politisk vilje og pågangsmot til for å kunne byggja opp att dei praktiske og estestiske faga.

Publisert

Dei praktiske og estetiske faga har i dei siste tiåra hatt kummerlege vilkår i grunnskulen. Det er lite att av kunst og handverk, musikk, dans, kroppsøving, husstell/mat og helse og drama. I Mønsterplanen frå 1974 (M74) Mønsterplanen frå 1987 (M87) og Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen (L97) var dette sentrale fag og emne. Då Kunnskapsløftet kom i 2006, blei desse faga meir eller mindre borte. I det følgjande skal eg peika på nokre årsaker til dette.

Mål- og resultatstyring

På 1990-talet blei New Public Management innført som styringssystem også i skule og høgre utdanning. Politikarane skal setja mål og vurdera resultat. 

Dette førte mellom anna til at dei faglege råda, til dømes Grunnskulerådet og Rådet for vidaregåande opplæring, blei lagde ned. I desse råda hadde det vore med personar frå ulike delar av landet som representerte ulike område innan skule- og samfunnsliv. Råda hadde mellom anna til oppgåve å gi statsråden faglege råd om utviklingstiltak i skulen, og innspel i saker som var oppe i tida. Dei var sentrale når det galdt framlegg til læreplanar m.m. Råda la vekt på at skulen skulle ha eit breitt opplæringstilbod der mellom anna at dei praktiske og estetiske faga skulle spela ei viktig rolle i den faglege og personlege utviklinga for barn og unge. 

Då desse råda blei borte, blei det etter kvart få med erfaring frå praktisk arbeid i skulen som hadde til oppgåve å gi faglege råd til statsråden. I staden overtok mange med statsvitskapleg, juridisk eller økonomisk bakgrunn denne oppgåva.

Pisa-sjokket

Dei første Pisa-resultata som kom i desember 2001, plasserte vårt land lågare på rangstigen enn nokre andre land, til dømes Finland. For mange var ei slik plassering eit sjokk. Pisa undersøkingane galdt kunnskap i norsk, matematikk og naturkunnskap. Andre viktige sider ved målsetjinga for den norske skulen, til dømes personlegdomsutvikling og praktisk dugleik blei ikkje vurderte. 

Pisa-rangeringa førte til krav om at landet vårt måtte opp på rangstigen. Vi fekk derfor Kunnskapsløftet i 2006 med krevjande læringsmål i dei teoretiske faga. Dette galdt også for 6-åringane som kom inn i skulen i 1997. Dei fekk såleis eit teoribasert opplegg i staden for eit leikbasert som var føresetnaden. Det blei dessutan innført eit omfattande test- og vurderingssystem. Alt dette førte til stress både for elevar og lærarar. Mange elevar opplevde skulen som teoritung og kjedeleg der dei gjerne kom til kort i teoretiske fag. Dette kunne i neste omgang føra til utagerande åtferd, mobbing m.m.

For å styrkja Pisa-faga blei timetalet i desse faga auka på kostnad av dei praktiske og estetiske faga. Auka timetal i eit fag fører ikkje utan vidare til betre læringsresultat. Det viktigaste er elevane sin motivasjon og læringslyst og kvaliteten på lærarens undervisning. Dei praktiske og estetiske faga kom etter kvart til å bli meir eller mindre raderte ut. Dette førte igjen til at det blei mindre behov for lærarar som kunne undervisa i faga og for utdanning av lærarar for grunnskulen der også desse faga fall ut.

Denne satsinga påverka ikkje plasseringa på Pisa-rangstigen noko særleg. I åra framover blei Noreg liggjande på nokolunde same nivået, og den siste rangeringa som kom i 2024, viste at dugleiken i både lesing og i matematikk var gått ned.

Skulesentralisering

I dei siste tiåra er stadig fleire mindre skular blitt lagde ned og elevane overførde til større sentrale skular. Skular med gode spesialrom for praktiske og estetiske fag er blitt ståande tomme medan sentrale skular har fått mangel på undervisningsrom. Ved mange skular er derfor spesialrom blitt ombygde til undervisning i teoretiske fag. Ved somme grunnskular har dei greidd å ta vare på spesialromma og gitt litt undervisning, ved andre utan spesialrom er det blitt gitt litt undervisning i desse faga i vanlege klasserom. I det heile har dei praktiske og estetiske fått kummerlege vilkår i dei siste tiåra.

Kan noko gjerast?

Dei praktiske og estetiske faga er viktige for å få ein god skule som kan hjelpa elevane til å bli «gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn» (formålsparagrafen i grunnskulelova frå 1969). Det må politisk vilje og pågangsmot til for å kunne byggja opp att det som er avvikla for denne faggruppa. Spørsmålet gjeld prioritering. Både staten og kommunane må visa handlekraft og bruka nødvendige ressursar dersom dette skal skje. Med unntak av synet på private skular har Ap i dei siste tiåra vore eit haleheng til Høgre sin skulepolitikk. Det er derfor forfriskande at Ap igjen er kome på banen. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har vist ambisjonar, idear og pågangsmot til å ta fatt på å løysa utfordringar i skulen. Kanskje kan ho gjera noko også for dei praktiske og estetiske faga?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS