Vald mot lærarar er tabu i Tyskland, meiner lærarleiar

56 prosent av tyske lærarar som underviser barn under 12 år, har opplevd å bli fysisk nedverdiga av elevar det siste året.

Publisert Sist oppdatert

56 prosent av tyske lærarar som underviser barn under 12 år har opplevd å bli fysisk nedverdiga av elevar det siste året. For dei som underviste elevar over 12 år, var talet 52 prosent i tre av dei fire skoleslaga for denne aldersgruppa. Unntaket var lærarane i gymnasiet, der elevane begynner når dei er tolv. Der hadde 26 prosent opplevd dette.

Fjernsynselskapet ZDF, som melder dette, siterer den tyske fagforeninga for offentleg tilsette, DBB, Beamtenbud und Tariffunion, som har hatt ei undersøking blant medlemmane.

Den viser at ved fleire skolar skjer vald mot lærarar dagleg. Likevel er det eit tabuemne.

Underrapportering

I ei undersøking frå i haust svarte 37 prosent av tyske skoleleiarara dei hadde meld frå om vald mot lærarar dei siste fem åra. Denne undersøkinga vart utført av lærarorganisasjonen VBE, Verband Bildung und Erziehung.

Prestisjetap

Spriket i dei to undersøkingane viser at dei med leiarstillingar i skolen bagatelliserer valden, seier leiar i VEB, Gerhard Brand. Han meiner at å verne lærarar mot vald tvert om burde ha høgste prioritet hos styresmaktene. Grunnen til at skoleleiinga ikkje tar opp problemet meiner han kjem av at å innrømme vald vil vere eit prestisjetap for skolen.

Powered by Labrador CMS