Eksamen

Kvalitetssikring av eksamenstekstar – pytt pytt

Debatt: – When will they ever learn?

Publisert Sist oppdatert

No har Utdanningsdirektoratet(Udir) allereie fått kjeft for dårleg nynorsk i årets norskeksamen, og som gode norsklærarar legg vi jo godviljen til og vonar det blir betre neste gong.

Det finst diverre meir graverande tabbar å ta tak i. Vi har ei heil rekkje med ulike eksamenar i norsk på vidaregåande nivå. Ein av dei er for dei som fylgjer læreplanen NOR1420, namnet på læreplanen for minoritetar med kort butid. Denne elevgruppa er høgt motiverte vaksne som treng norskkompetansen på vidaregåande nivå for å anten få utteljing for kompetanse frå heimlandet, eller å få studiekompetanse for å ta høgare utdanning i Norge. Dette er ei viktig elevgruppe, som hadde fortent ein meir kvalitetssikra eksamen enn det dei fekk i år.

Den siste tida har det som vi alle har fått med oss eit solid fokus på kjeldebruk. Når du skriv akademisk skal det vere krystallklare skilje mellom det du sjølv har skrive, og det du låner. Vi lærarar skal førebu elevane våre på lese- og skrivepraksis i høgare utdanning, og vi har hamra inn i dei at alle kjelder dei bruker skal vere tydeleg merka, på ein slik måte at sensor kan finne tilbake til dei. Med det trykket vi har hatt på kjeldebruk og sitatteknikk burde vi kunne forvente at Udir stilte høge krav til seg sjølv når det vert laga eksamensoppgåver.

I ein av timane etter eksamen påpeiker nemleg ein av deltakarane at eksamensteksten «Unge kjemper for fridommen til å lese forbodne bøker» er skriven av ein frilansjournalist med eit svært frynsete rykte. (I vaksenopplæringa får ikkje vi lov å kalle elevane for «elevar», men det snodige «deltakar».) Ryktet til journalisten skjønar du godt etter at du har lest denne teksten: https://www.journalisten.no/frilanser-i-plagiat-skandale-aftenposten-innsikt-har-avpublisert-43-artikler/605442

Teksten er henta frå Aftenposten innsikt, som skriv at dei har avpublisert 43(!) tekstar frå omtalte journalist. Ein av dei to «verstingane» er teksten som fekk nytt liv i eksamensheftet for minoritetsspråklege.

Aftenposten skriv: «Magasinet skal republisere de artiklene som de ikke har funnet feil i, og også de fleste artiklene med feil, da med synlige rettelser og presiseringer. Men to artikler har så omfattende mangler i kildehenvisninger at de ikke blir publisert igjen, skriver Skarland: Det gjelder «Unge kjemper for friheten til å lese forbudte bøker» fra november 2022 og «Den hvite drikken som sier hvem du er» fra november 2023.»

Ein av dee dårligaste tekstane til ein frilansjournalist tatt for plagiat er altså bra nok til å bruke på eksamen. Eg får vondt i magen.

I tillegg til å bruke ein tvilsam tekst har Udir tilpassa teksten språkleg slik at den skal passe inn i oppgåvesettet. Teksten er difor umogleg å finne nokon plass, anna enn i eksamensoppgåva. Dette er totalt manglande kvalitetssikring av ein tekst som blir presentert for deltakarane som ein truverdig tekst. Aftenposten Innsikt er jo ein publikasjon med høgt etos og truverd, som har latt seg lure, men dei tok trass alt affære, og trakk tekstane for å gå gjennom kvaliteten. Journalisten sine artiklar vart avslørte av dei allereie i februar 2024, slik at det var god tid for Udir til å finne ein meir autentisk og etterretteleg tekst til eksamen.

I oppslaga om falskspelet til denne journalisten kjem det fram at han har fingert utsegner frå intervjuobjekt, og at han heller ikkje har snakka med alle han hevdar at han har snakka med. Det gjer at vi heller ikkje kan stole heilt og fullt på innhaldet i denne teksten. Når eg googlar dei personane som er nemnt i teksten, finn eg dei, og det er truleg at dei kan ha sagt noko som liknar, men tvilen er sådd.

Det eg finn som er garantert feil, er at ein dansk professor er presentert som lektor. Ho har vore professor sidan 1999, medan teksten vart publisert i 2022. Her har verken Aftenposten eller Udir faktasjekka teksten før publisering.

Det blir elles referert til to amerikanske ungdomar, og sannsynlegvis er dette parafraser frå intervju journalisten berre har lese på nettet. Innhaldet i teksten er jo i seg sjølv bra nok som eksamenstekst, men den blir publisert under falskt flagg. Teksten vert presentert som autentisk, men er det ikkje, i og med at Aftenposten sjølv har avpublisert den og greidd godt ut om journalisten sin manglande etikk.

Dette burde Udir fanga opp, slik at ein kunne gitt deltakarane ein tekst med minst like god kvalitet som vi krev at dei sjølv skal skrive. Eg går ut frå at eg trygt kan gje denne deltakaren høg måloppnåing i kritisk tenking og kjeldebruk, men eg er utrygg på om eg vil gje Udir studiekompetanse etter denne blunderen. Eg hadde forventa kvalitetssikring i alle ledd for noko so viktig som skriftleg eksamen. Oppgåvene og tekstane er skrivne av kompetente lærarar på oppdrag frå Udir, men det er Udir som har det juridiske og moralske ansvar for det som hamnar i hendene på eleven på eksamensdagen. Eksamen elles er jo brillefin!

Her jobbar vi lærarar hardt for å vere gode førebilete for elevane våre, og so blir Udir tatt med buksene nede av ein som enda ikkje har studiekompetanse. Pinleg. Dette er faktisk på høgde med då Udir i 2023 freista seg som lyrikar, og presentere eit litterært falsum på engelskeksamen. Eg vel å ta det humoristisk. Men: «When will they ever learn?» (William Shakespeare 1984: s. 27)

Powered by Labrador CMS