– Vi må sette ekte, menneskelege avtrykk i møte med studentane

Debatt: – Ein del av oss opplever verken reell avlastning eller nemneverdig inspirasjon ved å bruke KI i undervisninga.

Publisert Sist oppdatert

Debatten om kva slags plass kunstig intelligens kan og skal ha i utdanning, held fram. Moglegheitene er endelause! Elevar og studentar kan bruke chatboten som ein sparringspartnar i læringsarbeidet, medan undervisarar kan få ferdig genererte oppgåver og undervisningsopplegg, eller kanskje avlastning i vurderingsarbeidet? Presset på å ta i bruk og inkludere KI i undervisninga er stort. Ofte blir det framheva at kunstig intelligens kan bidra til effektivisering av mange samfunnsoppgåver. KI-bruk i undervisning skal også kunne gjere kvardagen meir overkommeleg for overbelasta lærarar og rådville studentar. Om det reelt sett blir opplevt som avlastning i lengda, er det rett nok grunn til å stille spørsmål ved.

KI gir lite avlastning og inspirasjon

Faktum er uansett at ein del av oss ikkje opplever verken reell avlastning eller nemneverdig inspirasjon ved å bruke KI i undervisninga. Slik har eg det. Det skuldast ikkje angst eller vegring for teknologi generelt, og eg nikkar jo anerkjennande til dei som seier at det er viktig at studentane lærer å bruke KI, for sjølvsagt er det viktig. Det berre luggar sånn. (Ja, eg har prøvd ein betre prompt.)

Sjølv om både digital undervisning og såkalla nett-og-samlingsbaserte studium er i vinden: Det å gå gjennom eit krevjande studium utan å møte opp fysisk, er ikkje for pyser. Dei aller fleste studentane har godt av læringsfellesskap med andre menneske, både medstudentar og undervisarar. Det har – iallfall inntil no – vore ganske lett å tenke at KI neppe kan erstatte dette, sjølv om det har vore vanskeleg å få studentane til å møte til undervisning, særleg etter pandemien.

Men nyleg viste ein studie at yngre menneske føretrekker helseinformasjon frå KI, samanlikna med svar frå ein ekte lege. Den kunstige intelligensen blei rett og slett oppfatta som meir empatisk enn mennesket. At KI kan vere nyttig i helsevesenet, skal eg ikkje argumentere mot (sjølv om eg lurer på om «å vere empatisk» er i ferd med å endre tyding til «å stryke medhårs»). Overført til utdanningsbransjen står dette likevel for meg som den ultimate dystopien: Studentane vel vekk fysisk undervisning saman med ekte menneske, til fordel for ein KI-samtalepartnar som kan varte opp med både oversiktlege samandrag av powerpointen undervisaren har lagt ut på Canvas, forsøk på å lappe studentens kunnskapshòl med fakta som ofte, men innimellom slett ikkje, stemmer, balansert med empatiske tilbakemeldingar og «peptalks» tilpassa studentens dagsform.

Lagar undervisningsopplegget sjølv

Skulle vi likevel framleis komme til å ha studentar i klasserommet i ei ikkje så fjern framtid, manglar det ikkje på tips til korleis KI kan hjelpe oss å lage engasjerande undervisningsopplegg og underhaldade quiz-oppgåver. Mange som presenterer slike tips, framstiller dei som inspirerande og banebrytande. Men alvorleg talt: Er det noko vi veit no, i 2025, så er det vel at KI kan gjere sånt? Etter å ha blitt tuta øyrene fulle i to-tre år om kor engasjerande undervisninga kan bli med KI, landar eg likevel framleis på å lage undervisningsopplegget mitt sjølv. 

Av og til blir det også engasjerande, seier studentane. Men til og med når ein planlagt aktivitet ikkje klaffar hundre prosent i gjennomføringa, gir dette arbeidet meg moglegheiter til å vere kreativ i jobben min, eg får avveksling frå oppgåver som er mykje kjedelegare, og eg får bearbeide og vidareutvikle min eigen kunnskap om emna eg underviser i. Eg håpar og trur dessutan at studentane kan merke avtrykket mitt på opplegget, og at dei ikkje sit att med ei kjensle av at noko frå ein chatbot hadde vore like greitt.

Oslo-skulen tilrår at lærarane bør utforske ulike måtar å bruke KI i vurderingsarbeidet på. Eg har høyrt det foreslått på universitetet også, at ein kan bruke KI til å for eksempel generere fyldige tilbakemeldingar til studentane ut frå ei stikkordsliste. Så altså: Medan eg ventar av studentane mine at dei skriv og arbeider fram sin eigen tekst, med alt det inneber av blod, sveitte og tårer, så skal eg skamlaust la KI gjere denne jobben for meg? Uansett, også om studentane har funne måtar å «sparre» med diverse chatbotar i skriveprosessen på utan å bli koko, så skal sluttproduktet vere signert studenten. Då synest eg det er nokså usmakeleg om eg som mottakar skal servere KI-pjatt tilbake. 

Ein personleg tekst fortener ein personleg respons, sjølv om det kan vere både kjedeleg og tidkrevjande for meg å generere alle desse tilbakemeldingane. Eg kan ikkje anna enn håpe at studentane les tilbakemeldingane mine som ein tekst skriven av eit menneske – ein levande språkmodell.

Og jada. Det å fornekte kunstig intelligens er ei øving som neppe har stort føre seg. Tannkremen kjem ikkje inn i tuben att uansett kor hardt ein skulle ønske det. Men eksempelet med ekte og kunstige legesvar viser etter mitt syn at den nye verkelegheita stiller høgare, ikkje lågare, krav til oss som menneske i møte med andre menneske. Vi må rett og slett framstå meir ekte enn den kunstige intelligensen, og vi må sette ekte, menneskelege avtrykk i møte med studentane. Dersom nokon treng ein sparringspartnar, bør vi ikkje avskrive dei med ein boksesekk.

 

Powered by Labrador CMS