Forskingsministeren jaktar god lærarutdanning
– Tenk at lærarutdanning kan gi opplevingar som denne, seier Oddmund Løkensgard Hoel etter å ha opplevd stemninga i eit klasserom på Lørenskog.
– Eg er femtifem,
seier forsking- og høgare utdanningsminister Hoel, og tjue imponerte sjuåringar stønnar unisont.
Hoel har invitert seg sjølv til Fjellhamar skole i Lørenskog kommune rett aust for Oslo. Dei han er mest interessert i å treffe er dei fire praksisstudentane frå lærarutdanninga ved Oslo Met. Håpet er å få impulsar til tiltak for å auke rekrutteringa til lærarutdanningane.
Men andreklassingane er interesserte i ministeren. Interessa veks når dei får høyre at han er så utruleg gammal.
Alder blir eit tema: Ein gut har ein bestefar på 48, ei jente har ei oldemor på 101. Så er merksemda på Hoel igjen:
– Er du pappa?
– Er du bestefar?
Hoel svarar ja på det første og nei på det andre og stiller eit spørsmål sjølv:
– Kva for fag likar dei best?
Når alle som vil ha fått sagt sitt kan ministeren konstatere at det ikkje er eitt fag som ikkje er favorittfaget til minst ein elev.
Student er best
Hoel følgjer opp:
– Kva synest dei om å ha studentar som lærarar?
– Dei er best, ropar ein, og dei andre tar etter.
Og nå er det slutt på praten. Ungane vil ha lesestunda studentane har lova dei, og Hoel får vere med.
Boka er "Pølsetjuven" av Marianne Gretteberg Engedal. Det er ei oppfølging av ei anna bok om Tjuven av same forfattar som studentane las for dei same ungane sist dei var i praksis.
Konsentrasjon
Bilda frå boka blir vist på stor skjerm medan ei av studentane les. På avtalte stader gjer dei stopp i lesinga for å snakke om ulike hendingar i tekst eller bilde. Også ungane stoppar lesinga på ulike tidspunkt når dei finn noe dei meiner er spesielt rart eller fint. Dei går gjerne heilt fram til skjermen for å peike på det dei vil diskutere, men slike avbrot øydelegg på ingen måte konsentrasjonen i rommet, tvert om.
Heile seansen endar med at student Madeleine Hermansen finn fram eit brev klassen har fått frå personane i boka. Etter litt fram og tilbake finn ungane ut at det er noe tull studentane har funne på. Men dei er med på leiken og bur seg på å svare på brevet i morgon.
Imponert
– Eg er imponert, seier Oddmund Løkensgard Hoel til dei fire studentane Kathrine F. Kristoffersen, Lina Sand Østraat, Madeleine Hermansen og Elise Moe Elvsaas når timen er slutt.
– Eg arbeidde sjølv ei kort tid i lærarutdanninga, og har vore på praksisbesøk. Da vart eg den store distraksjon i klasserommet. All merksemd vart på meg som den framande fyren, og undervisninga gjekk på tverke, fortel han.
Da var han aleine. Nå kom han med ein hale av departementsfolk, Oslo Met-tilsette, lokalpolitikarar, skoleadministrasjon og presse.
– Vi har vore 20 barn og 17 vaksne i dette rommet, og dei fire studentane har halde all merksemda til ungane, seier Oddmund Løkensgard Hoel.
Realitetssjekk
På jakt etter innspel til kva som er god praksis noterer han seg blant anna at studentane understrekar svært nøgde med at første praksis kom svært tidleg i studiet. Dei kallar det ein realitetssjekk som nesten ikkje kan kome tidleg nok.
For desse fire resulterte denne sjekken med at dei var sikre på at dei hadde vald rett utdanning. Men når høgare utdanningsministeren fiskar etter om dei har vener som også har vurdert lærarutdanning svarar alle nei.
Rekruttere
– Tenk at lærarutdanning kan gi opplevingar som denne! Klarer vi å formidle alt det fine lærarutdanninga kan gi vil det bli lettare å rekruttere, utdjupar Oddmund Løkensgard Hoel overfor Utdanningsnytt.
Rektor ved Oslo Met Christen Krogh, som har vore med på besøket, seier til Utdanningsnytt at han ser eitt klart forbetringspotensiale i lærarutdanningane:
– Alle institusjonane har ein veg å gå når det gjeld å tilby betre utdanning for praksislærarane ved skolane, slår han fast.
Departementet legg nå siste hand på arbeidet med Profesjonsmeldinga,ei Stortingsmelding om profesjonsutdanningane