Foto: Matej Kastelic
Lærarstudentane vurderer si eiga utdanning lågare enn andre studentar – KD må ta dette signalet på alvor
Debatt: – Det er grunn til å tru at den nåverande grunnskulelærarutdanninga verkar lite tiltrekkjande på søkjarar.
Det
kan vera mange årsaker til at altfor få søkjer lærarutdanning. Dette er eit
problem også i andre land. I denne samanhengen vil eg peika på to årsaker: Den
eine er korleis skulen i dag er blitt for mange lærarar. Den andre gjeld
lærarutdanninga.
Regjeringa
har saman med ei rekkje organisasjonar lagt fram ein strategiplan for å få
fleire søkjarar til lærarutdanninga. I planen er det mange gode intensjonar og
også forslag til konkrete tiltak. At så mange samfunnsinstitusjonar står bak
planen, betyr at det etter kvart kan koma fleire konkrete tiltak.
Statusen må styrkjast
For
å få fleire til å søkja lærarutdanning for grunnskulen må lærarane sin status
og autoritet i klasserommet styrkjast. Lønns- og arbeidsvilkåra for lærarane må
også bli betre. Det same gjeld for å få lærarar til å bli verande i yrket. Styresmaktene
må leggja til rette for dette.
I
Utdanning nr. 4 2023 var det eit oppslag om at det året før var kome inn 20.000
meldingar om vald, trugsmål og krenkingar mot tilsette i skular i landets tjue
største kommunar. Dette betyr at mange tusen elevar har sett lærarane deira bli
utsette for vald og krenkingar utan at lærarane har kunna nytta høveleg
reaksjonsmåtar. Slike opplevingar skaper nok inga lyst eller motivasjon til å
bli lærarar.
Maktforskyving
Tidlegare
hadde lærarane det meste av «makta» i klasserommet. Nå er ein hamna i den
motsette grøfta der elevane har stor «makt». Vi les og høyrer om at lærarar
blir slått, bitt, skjelt ut og trua av elevar. Elevar og foreldre kan skjella
ut og trakassera ein lærar utan at lov og regelverk legg til rette for reaksjonar
frå læraren si side. Til og med irettesetting og rettleiing kan bli oppfatta
som krenking og føra til melding til rektor. For ein lærar kan ei slik melding
opplevast som eit nederlag og vera ei psykisk påkjenning. Læraren kan missa
energi, motivasjon og pågangsmot. Prosessen rundt ei slik sak vil også vera
energi- og tidkrevjande. Vi kan ikkje ha
det slik at ein lærar gruar seg for å gå på jobb og er engsteleg for å kunna
koma til å seia noko i klasserommet som ein elev «føler» som ei krenking.
I
tillegg til å gi undervisning må læraren i dag vera psykolog og sosialarbeidar
og dessutan ta seg av grunnleggjande oppseding som eigentleg høyrer heimen til.
Somme foreldre ser på skulen som ein serviceinstitusjon. Dei kan ha
urealistiske forventningar og krav til kva for oppgåver læraren og skulen kan
ta seg av. Lærarane må også gjera mange andre ting som har lite med sjølve
undervisningsarbeidet å gjera I Utdanning nr.10. 2023 er det fleire lærarar som
fortel om dette.
Lærarane
blir også pressa av krevjande kompetansemål i læreplanane og av eit omfattande
test- og vurderingssystem. Rapportering og administrative oppgåver tek mykje
tid som elles kunne ha blitt brukt til fagleg og pedagogisk oppdatering og
førebuing til undervisning.
Læraryrket
har dessverre fått ord på seg å vera eit tøft og dårleg betalt yrke. Altfor
mange lærarar har opplevd å bli krenka og å stå makteslause i møte med
utagerande elevar og kravstore foreldre. Eg har møtt lærararar som seier at dei
ikkje vil rå eigne barn eller venners barn til å bli lærarar i dagens skule. Somme
seier at dei gjerne ville ha slutta dersom dei fekk ein annan jobb eller kunne blitt førtidspensjonert.
Statistikken viser at svært mange med lærarutdanning i dag er i andre yrke.
Framstillinga
ovanfor gjeld heldigvis berre ein del av lærarane og skulane i vårt vidstrakte
land. Eg trur at fleirtalet av lærarane trivst i arbeidet og har eit godt
arbeidsmiljø og positivt forhold til elevar og foreldre. Vi må derfor ikkje
tapa av syne at det å vera lærar er eit av dei viktigaste yrka i samfunnet
vårt. Det å kunna påverka den faglege og personlege utviklinga til barn og unge
er noko av det mest meiningsfulle arbeidet ein kan ha. Styresmaktene må derfor
leggja til rette for at lærarane kan utføra samfunnsoppdraget sitt. Dei må
sikrast eit trygt og godt arbeidsmiljø som skaper motivasjon og trivsel, og
kjensle av å bli verdsette for det viktige arbeidet dei gjer.
Lærarutdanninga for grunnskulen
Det årlege Studiebarometeret viser at
grunnskulelærarutdanninga igjen er lågast rangert når det gjeld studentane si
vurdering av eiga utdanning. Denne rangeringa har vore den same sidan 2016. Det
er vanskeleg å forstå at departementet, med skiftande statsrådar, ikkje har teke
dette signalet meir på alvor. Studentane etterlyser mellom anna meir og betre
praksis. Det kunne til dømes blitt gjort forsøk med alternative opplegg og
organisering av utdanninga. Sike forsøk kunne gitt lærarutdanninga auka
merksemd og såleis hatt positiv innverknad på rekrutteringa.
Det er grunn til å tru at den nåverande
grunnskulelærarutdanninga verkar lite tiltrekkjande på søkjarar. I tillegg til
pedagogisk teori og praksis er utdanninga sentrert om få teorifag. Ho startar
med at studentane må velja ei omfattande studieeining i norsk eller matematikk.
Dette er fag studentane har hatt i 13 år i grunnskule og vidaregåande
opplæring. Praktiske og estetiske fag som tidlegare var viktige i denne
utdanninga, er det lite av. At ein alt ved søknad om opptak, må velja mellom ei
utdanning anten for å bli lærar på 1.–7. eller 5.–10. klassesteg kan også vera så pass vanskeleg at somme let
vera å søkja.
Skisse til forsøksopplegg
På eit seminar på Stord 9. november
2023 la eg fram ei skisse til eit forsøksopplegg med ei 4-årig obligatorisk
lærarutdanning med høve til frivillig påbygging til master for studentar og
vidareutdanning for lærarar.
- Det første studieåret skal gi ei innføring
i arbeidet til ein lærar i dagens skule. Pedagogisk teori og praksis og lover,
regelverk og læreplanar for grunnskulen er sentrale studieemne. Det bør også
vera plass til ei studieeining i eit praktisk eller estetisk fag.
- Heile det
andre studieåret skal studentane vera i ein kommune/ kommunar der dei skal vera
i praksis ved ein eller fleire skular. Lærarutdanningsinstitusjonen gjer avtale
med ein kommune/kommunar i nærområdet om dette. Studentane kan her få følgja
undervisninga til erfarne lærarar, sjølve undervisa på ulike klassesteg og få
rettleiing. Saman med lærarar på skulen kan dei også få oppleva starten og
slutten på eit skuleår, vera med på planleggingsdagar, møte med foreldre og
hjelpetenester m.v. Lærarutdanningsinstitusjonen kan gjennom studieåret
arrangera faglege og pedagogiske seminar for studentane.
- Det tredje og
fjerde studieåret skal nyttast til fagstudium. Studentane skal kunna velja
einingar på 15, 30 eller 60 poeng og såleis kunne innrette studiet mot
undervisning på barnesteget eller ungdomssteget. Ei studieeining i norsk og eit
praktisk eller estetisk fag bør vera obligatorisk. På www.skolehistorie.no er dette forsøksopplegget presentert meir detaljert.
Karakterkrava
I 2005 bestemte regjeringa at det
skulle stillast krav om karakteren 3 i norsk og matematikk frå vidaregåande
opplæring for å kunne bli oppteken til allmennlærarutdanninga. Eg hugsar at det
var flinke lærarar i Rogaland som sa at med desse krava hadde dei ikkje kome inn
på lærarutdanninga. Krava blei endå meir skjerpa då det blei bestemt at i
matematikk skulle kravet vera 4. Desse krava påverka i høg grad talet på
studentar i lærarutdanninga, og mange studieplassar ved
lærarutdanningsinstitusjonane blei ståande tomme.
Så vidt eg veit, er det ikkje påvist
nokon samanheng mellom karakterar i vidaregåande opplæring og dugleik som lærar.
Det bør vera lærarutdanningsinstitusjonane som tek standpunkt til om
lærarstudentar – helst undervegs i studiet – har dei faglege og personlege
kvalifikasjonane som trengst for å bli godkjende som lærarar. Det er vanskeleg
å forstå at skiftande regjeringar ikkje har teke bort dei spesielle krava i
norsk og matematikk. Sidan det har vore mangel på lærarar, burde det vore meir
fornuftig og fylt opp studieplassane ved lærarutdanningsinstitusjonane med
studentar som oppfylte dei generelle opptakskrava. Det kunne i alle fall blitt
gjort forsøk med ulike opptakskrav.
Forslag til tiltak
- Paragraf 9 A i grunnskulelova bør utformast
slik at lærarane sin rettstryggleik og deira arbeidsmiljø blir ivareteke.
- Lærarar som blir melde for krenking av
elevar, bør få juridisk hjelp frå kommunen.
- Det bør utarbeidast ein brosjyre der det
blir nærare omtala kva forventningar foreldra kan ha til skulen og
forventningar skulen kan ha til foreldra.
- Lærarutdanningsinstitusjonane
bør driva forsøk med profesjonsretta lærarutdanning der praktisk lærararbeid
blir styrkt.
- Dei
spesielle krava til karakterar i norsk og matematikk bør falla bort i samband
med stortingsmeldinga om opptakssystemet
i høgre utdanning.