Oddmund Hoel.
Foto: Jørgen Jelstad.
35 lærarutdanningar får unntak frå karakterkrava
Frå i haust får lærarutdanningar ved 12 universitet og høgskular fritak frå nivåkrava. Det vart nyleg vedteke i Stortinget.
– Vi treng fleire lærarar, men dei karakterkrava vi har i dag, hindrar motiverte folk frå å begynne på ei lærarutdanning. No gir vi dei utdanningane som har søkt om det, dispensasjon frå krava. Det betyr at vi allereie frå i haust kan ta opp fleire lærarstudentar over heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Det kjem fram i ei pressemelding frå regjeringa.
– Slik sikrar vi at barn og unge i framtida vil bli møtte av lærarar med ei solid utdanning i ryggen, seier Hoel.
Endra reglane
I dag finst det nasjonale karakterkrav på to typar utdanningar i Noreg: sjukepleiar- og lærarutdanningane.
Det var i stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning at regjeringa melde at dei ville fjerne nivåkrava for opptak til sjukepleiarutdanninga, og la dei lærarutdanningane som ønska det, søke om dispensasjon frå desse krava.
Dette har Stortinget slutta seg til, og no har Kunnskapsdepartementet vedteke dei nødvendige forskriftsendringane.
Desse utdanningane får dispensasjon frå alle nivåkrava
- Høgskolen i Østfold
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Høgskolen i Volda
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Høgskulen på Vestlandet
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- NLA Høgskolen
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Nord universitet
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Samisk Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13
- Lektorutdanning
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–10
- OsloMet – Storbyuniversitetet
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, design, kunst og handverk
- UiT – Norges arktiske universitet
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Lektorutdanning i realfag
- Lektorutdanning i språk- og samfunnsfag
- Universitetet i Sørøst-Norge
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13
Desse utdanningane får dispensasjon frå karakterkravet i matematikk:
- Høgskolen i Innlandet
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Lektorutdanning
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13
- MF vitenskapelig høgskole
- Universitet i Agder
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
- Lektorutdanning med engelsk i første studieår
- Lektorutdanning med framandspråk i første studieår
- Lektorutdanning med historie første studieår
- Lektorutdanning med idrett i første studieår
- Lektorutdanning med norsk i første studieår
- Lektorutdanning med religion i første studieår
- Lektorutdanning med samfunnskunnskap i første studieår
Desse får utdanningane dispensasjon frå karakterkravet i matematikk og krav til skulepoeng:
- Samisk høgskole
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7
- Grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10
For å få fritak frå karakterkrava i lærarutdanningane, må institusjonane ha tiltak som varetek dei same omsyna som karakterkrava er meint å vareta. Dette har institusjonane gjort greie for i dispensasjonssøknadane, står det i pressemeldinga frå regjeringa.
Håpet er at dei skal få endå fleire til å søke på lærarutdanninga, då søkartala har stupt dei siste åra.
– No skal vi lære og skaffe oss kunnskap om konsekvensane av karakterkrava. Eg er trygg på at universiteta og høgskulane sikrar god kvalitet i utdanningane. No vil vi få utdanna endå fleire dyktige lærarar, seier Hoel.
– Vil skape B-lag
Høgre er svært kritiske til dispensasjonen.
– Barna våre fortener betre enn at skulepolitikken blir redusert til å handle om distriktspolitikk. At regjeringa gir 35 lærarutdanningar dispensasjon frå karakterkrava, vil få store konsekvensar. No vil det bli store skilnader på inntakskrav over heile landet, skriv Høgres forskings- og høgare utdanningspolitiske talsperson, Kari-Anne Jønnes, i ein e-post.
Dei fryktar at typiske distriktsuniversitet vil få fritak for karakterkrav, medan det i dei store byane framleis vil vere karakterkrav.
– Det vil skape A- og B-lag av lærarar, og det ønskjer ikkje vi i Høgre.
Høgre er samde i at norsk skule står overfor mange utfordringar.
– Altfor mange elevar slit med å lese, skrive og rekne skikkeleg, fråværet har auka, for mange lærarar og rektorar sluttar, og særleg gutar slit med å henge med i skuleløpet. Løysinga på desse utfordringane er ikkje å senke den faglege kompetansen til dei som skal undervise barna våre. Dette er som å tisse i buksa for å halde seg varm. Vi veit at læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for elevane si læring. Då må vi satse på å få fleire kvalifiserte og dyktige lærarar i klasseromma, vi må auke attraktiviteten til læraryrket og vi må sørgje for fleire karrierevegar.
– Dette er totalt skivebom frå regjeringa, og eg er redd for at dei som vil tape på dette, er barna og dei unge, avslutta Høgres forskings- og høgare utdanningspolitiske talsperson, Kari-Anne Jønnes.
© Utdanningsnytt