Ill.foto: Marianne Ruud
Nok ein kanondebatt
Debatt: – Å lovfeste ei liste særleg viktige tekstar som alle elevar skal gå gjennom, vil gå på kostnad av andre meiningsfylte verk.
Medan
mange i det ganske land var opptekne med å vaske gølv og bære ved, kom kunnskapsminister
Kari Nessa Nordtun med følgjande utsegn: Vi må ha en tydeligere norsk
forankring i skolen
(Lydersen, 2025). Ingen ny idé, men ein svært
inngripande tanke å snike inn i julestria. Denne norske forankringa vert
konkretisert som «felles sanger, bøker og historiske hendelser som alle skal
lære om». Dette kan ikkje forståast som anna enn eit forsøk på å (gjen)etablere
ein norsk kanon.
Situasjonen
i skulen er no slik: Vi har ingen nasjonal litterær kanon (lang a, kort o, forstått
som rettesnor). Dette omgrepet må ikkje vekslast med kanon (kort a, lang o, våpen),
sjølv om ideen er ladd. Det at debatten vert teken fatt i ein gong til er altså
heilt kanon (rogalandsk uttale). Diskusjonen om kva for nokre tekstar som kan
og bør løftast fram i klasserommet ønskast velkomen! Det bør vi snakke om
kontinuerleg, både i det offentlege rom og ved kjøkkenbordet heime. Men treng
vi at lærarar får «anbefalte lister med bøker, sanger og historiske hendelser?»
Det får
dei i Danmark, gjennom sin litterære og sin historiske kanon (lang a, kort o).
Formålet å sikre et «fælles fundament for forståelsen af dansk kulturarv». I
den obligatoriske delen finn vi Ibsen. I den «vejledende» tilleggskanonen,
meint til særleg inspirasjon, er også andre ikkje-danskar som Lindgren, Skram
og Egner inkluderte. Dette kan tyde på at «danskhed» kan dannast av noko litt
meir samansett enn statsborgarskap. I Danmark kan dei bruke tekstar med anna
opphav for å seie noko om dansk identitet. Kanskje kan «norskskap» difor også
dannast av nokon fleire enn dei (absolutt gode) gamle. Erfaringar
frå Danmark (Børne- og undervisningsministeriet, 2021) viser at lærarane
finn det trygt å ha ein kanon, men at det også er uvisse knytt til bruk av han
– mellom anna er det usikkert kva tekstar elevar har møtt tidlegare i løpet, og
korleis dei har møtt dei. Med andre ord fungerer det heilt passe. Ikkje så
einsidig nyttig at vi bør innskrenke læraren sin valfridom for prestisjen sin
del.
Kunnskapsministeren
meiner at vi i større grad skal «løfte vår felles historie, våre tradisjoner og
våre kulturuttrykk». Den rykande ferske læreplanen i norsk, NOR01-07 (fastsatt
av Kunnskapsdepartementet 15.12.2024 med svært liten fanfare, kun 8 dagar før
Nessa Nordtun kom med dette innspelet) forpliktar allereie til at dette skal
skje, utan at enkelte tekstar vert løfta fram – og andre utelatne. Vi kan ikkje
sjå vekk ifrå det at læraren som skal
tolke læreplanen er ein høgt utdanna profesjonsutøvar som vi bør stole på tek
val som er veltilpassa den globale, nasjonale og lokale samanhengen hen
arbeider i.
«Tydeligere norsk forankring»
Det er
sjølvsagt ikkje slik at læreplanen i norsk ikkje er forankra i den norske
kulturarven. Difor framstår omgrepet «tydeligere norsk forankring» i denne
samanhengen som eit populistisk og
ideologisk forsøk på å skyte sporv med… (Du skjønar kor eg vil). Kunnskapsministeren
meiner at vi i større grad skal «løfte vår felles historie, våre tradisjoner og
våre kulturuttrykk». Som norskdidaktikar og norsklærarutdannar meiner eg at
dette er noko vi allereie gjer og skal fortsetje å gjere. Må vi ha ein kanon, med
den forpliktinga som følger, for å få til dette, eller kan vi fortsetje å
verdsetje læraren sin fridom i tekstutval, som læreplanen legg opp til?
Ei
vesentleg ulempe med ein litterær kanon er at den er statisk, medan samfunnet
er dynamisk. Kunnskapsministeren sitt utolmod er urovekkande, for kanoniserte
tekstar kjem for å bli. Å lovfeste ei liste særleg viktige tekstar som alle
elevar skal gå gjennom vil gå på kostnad av andre meiningsfylte verk. I
NRK-artikkelen vert det sagt at det er iverksett eit arbeid i
Kunnskapsdepartementet, men det er lite transparens rundt arbeidet. Kven er
fagfolka som skal få ytre seg? Kan det vere nokon av dei som forskar nettopp på
kanonarbeidet?
Kjelder