Illustrasjonsbilde.

Fekk nei til å bli prøvefylke for valfritt sidemål

No håpar fylkesrådet i Nordland på eit regjeringsskifte – slik at dei kan børste støv av søknaden.

Publisert Sist oppdatert

Fylkestinget i Nordland vedtok i slutten av oktober å søkje om å bli prøvefylke for valfritt sidemål i vidaregåande skule.

Svært få i Nordland har nynorsk som hovudmål. Faktisk berre éin elev.

Det treårige forsøket var planlagt å starte i skuleåret 2025/2026. Målet var å gi elevane større valfridom og bruke tida på å styrkje undervisninga i hovudmålet.

Men no har Fylkeskommunen fått blankt nei frå Utdanningsdirektoratet, ifølgje NRK.

Forslaget fekk kritikk

Sist eit liknande forsøk vart gjennomført, var for 17 år sidan i Oslo. Utdanningsdirektoratet har siden det avslått alle søknader om valfritt sidemål. Direktoratet viser til ein rapport frå Oslo-forsøket mellom 2004 og 2007, som ikkje fann store positive verknader på læringseffekten.

På lærerutdanningen ved Nesna, var norskseksjonen uroa for at dei skulle få studenter som ikkje hadde hatt opplæring i sidemål. 

Også Språkrådet mente det var en svært dårlig idé å la eit framtidig "lærerkull" i Nordland gå uten sidemålsundervisning. 

Utdanningsforbundet i Nordland hadde difor ingen forventningar om at forslaget skulle gå gjennom. 

Fylkesråd for utdanning i Nordland, Joakim Sennesvik er skuffa over avslaget, men gir ikkje opp håpet om å få gjennomslag seinare.

– I Nordland heng vi framleis etter resten av landet når det gjeld gjennomføring i vidaregåande skule, og vi ønskte å sjå om dette kunne vere eit tiltak som fekk fleire elevar gjennom vidaregåande skule, seier han til NRK.

Han håpar difor på eit regjeringsskifte til hausten.

– I så fall så tenker eg å ta fram denne søknaden på nytt igjen, seier han til statskanalen.

Fikk også nei i Vestfold

I Vestfold sende dei òg ein søknad om å prøve ut valfritt skriftleg sidemål i vidaregåande i desember.

Også den er avslått.

Utdanningsdirektoratet meiner at eit slikt forsøk ikkje vil vere i samsvar med ansvaret fylkeskommunen har for å bruke, utvikle og styrkje både bokmål og nynorsk.

Kunnskapsdepartementet støttar direktoratet si vurdering.

Både Nordland og Vestfold har borgarleg fleirtal i fylkestinget, som sikra støtte for å søkje om forsøket.

Mållaget jublar

Noregs Mållag er er nøgd med avgjerda frå Utdanningsdirektoratet.

– Dette er veldig bra for alle elevane i Nordland og Vestfold, og bra for nynorsken, seier leiar Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Han er ikkje i tvil om kva resultatet av ei slik ordning ville blitt:

– Prøveprosjekta ville ført til at færre elevar fekk opplæring i sidemål. Når sidemål ikkje blir vurdert som ein eigen del av norskfaget, blir det ofte nedprioritert av både lærarar og elevar. Dette vil på sikt svekkja nynorsken si stilling i samfunnet, i strid med dei språkpolitiske måla Stortinget har vedteke, seier Peder Lofnes Haug

Powered by Labrador CMS