Lanserer digital vidaregåande skole
Frå januar av kan dei over 19 år søke seg inn som elev på Nettskolen Møre og Romsdal.
Tilbodet er for alle vaksne som vil ta vidaregåande fag på nett og som ønsker seg studiekompetanse, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
– No kan vi tilby ein moderne og smidig måte å ta vidaregåande opplæring på, seier avdelingsleiar Kristian Vold.
Han legg vekt på at sjølv om undervisninga er digital, vil oppfølginga vere tett og personleg.
Opplæringa startar med eit fysisk møte mellom elevar og lærarar. Deretter er det møter og arbeid på nett som gjeld. Elevane skal ha vekevis kontakt med lærarane og kan også samarbeide med andre elevar, om dei vil.
– Tilbodet er eit verkemiddel for å styrke kompetansen i heile fylket, utjamne skilnader og byggje robuste lokalsamfunn, skriv fylkeskommunen i pressmeldinga.