barnehage sandkasse spade

Tidlegare barnehagebyråkrat:
– Ordskiftet forfell til ein konkurranse om kven som er mest for og mest imot private barnehagar

Debatt: Som i dei fleste saker når vaksne ikkje maktar å einast: Det går verst utover barna, skriv Øystein Lundestad.

Publisert Sist oppdatert

Ein byråkrat skal i det lengste unngå å ytre seg offentleg. Slik skal og må det vere. Som borgar og tidlegare barnehagebyråkrat vonar eg derimot at eg kan tillate meg nokre ord. Alle fakta i denne kronikken er frå offentlege dokument, vurderingane står eg sjølv for.

Kva er det med barnehagane? Ingen andre område i Kommune-Noreg framstår som meir prega av mistru og politisk krangel. Det offentlege ordskiftet er som oftast hardt, einsidig og djupt uforsonleg. Begge sider avskriv reelle bekymringar og argument hos motparten som rein ideologi.

Og, som i dei fleste saker når vaksne ikkje maktar å einast: Det går verst utover barna.

Framfor alt kranglar dei vaksne om kor mykje styring det offentlege skal ha over private barnehagar. Eit godt døme er høyringsrunden tidlegare i år om endringar i barnehagelova. Ein sektor på veg inn i ei stadig større krise hadde nok håpa på ein diskusjon om korleis ein best oppdaterer lovverket for å motverke denne utviklinga. I staden forfall ordskiftet som vanleg til ein konkurranse om å syne kven som var mest for og mest imot private barnehagar.

Bakgrunn for dagens krangel

For å forstå dagens situasjon, må ein spole litt tilbake i tid. Dagens kranglar stammar i hovudsak frå ein blind flekk i det som elles er ei solskinshistorie. Barnehageforliket i 2003 gav ein stor og etterspurt auke i talet på barnehageplassar. Samstundes gjekk kvaliteten opp og plassprisen ned. Med rette har forliket vore omtalt som den viktigaste velferdsreforma i dette hundreåret. Det var eit solid stykke tverrpolitisk arbeid, godt tilpassa sitt formål og si tid. Og så lenge marknaden var i vekst, klaga ingen.

No har dette definitivt endra seg. Særleg to område har i fleire år hatt ei eintydig negativ utvikling. Til dels heng dei i hop, men dei har og ulik problematikk som ikkje må blandast saman. Talande nok var det også på desse områda det vart høgast temperatur i høyringsrunden i vinter. Dette handlar om økonomi og, ikkje minst, demografi. Kunnskapsdepartementet har her lagt opp til to store endringar.

Kva gjeld økonomi lyd departementet sitt forslag at kvar kommune skal lage eiga forskrift som regulerer tilskota til dei private barnehagane i kommunen. Tanken er at kommunane kjenner dei lokale forholda best og kan tilpasse kartet til det lokale terrenget.

Forslaget er møtt med motstand, både frå kommunane og den største interesseorganisasjonen på privat side, PBL. Begge fryktar at departementet i staden for å løyse ein gamal knute no berre sleng den midt i fanget deira. Kommunane og PBL har allereie vore i eit utal rettssaker om dagens tilskotsordning, og utan gode føringar og tydeleg rettsleg grunnlag blir dette fort advokatmat i årevis.

Det andre området er demografi, som etter mi meining er den viktigaste drivaren bak den negative utviklinga i sektoren. Her tenkjer eg ikkje berre på den økonomiske nedgangen, men også utviklinga i det offentlege ordskiftet. Dei siste åra har dei politiske frontane skjerpa seg markant.

– Demografien er ein gamechanger

Den demografiske utviklinga er ein gamechanger, som har skjedd på relativt kort tid. I takt med stadig lågare fødselstal har Barnehage-Noreg mista over 20.000 barn sidan toppåret 2013 (SSB), ein nedgang på sju prosent. Nedgangen skjer til tross for utvidingar av retten på plass og ein klar auke i andelen barn som går i barnehage. Dette er ei enorm endring for ein sektor der regelverket er bygd for vekst.

Naturleg nok merkast dette godt i barnehagane. Både kommunale og private verksemder blør no plassar, og dermed også pengar. Mange barnehagar er dei siste åra lagt ned, uavhengig av eigarform og om dei er gode og lokalt ettertrakta. Særleg utsett er kommunale barnehagar i kommunar med stor overkapasitet og dei minste og minst ressurssterke private barnehagane. I dag er både det offentlege «systemet» og den private «marknaden» innretta slik at desse blir mest skadelidande.

For å prøve å bøte på dette har departementet foreslått at kommunane kan lage eiga forskrift for å styre nedgangen noko meir kontrollert. Forslaget inneber at kommunar skal kunne pålegge også dei private barnehagane å redusere talet på plassar i område med lokal overkapasitet (men maksimalt ein gong kvart 10. år). I dag kan kommunar berre pålegge kommunale barnehagar å ta ned kapasitet.

Reaksjonane frå privat side har ikkje latt vente på seg. Her har særleg PBL mobilisert kraftig sidan Storberget-utvalet tok til orde for ein slik type endring i 2021. Mot slutten av høyringsrunden var det talande nok ikkje forslaget om økonomisk forskrift som skapte høgast temperatur i det nasjonale ordskiftet. Mest motstand vekte forslaget om korleis best handtere dei demografiske endringane.

To argument vart særleg trekt fram: Forslaget hindrar frie barnehageval for foreldre, og tomme plassar i private barnehagar kostar ikkje kommunane noko. Frå Stortinget sin talarstol 31. januar hevda motstandarane at ein «unison» sektor var imot forslaget, og at årets opptak kan bli det siste med fritt barnehageval.

Tomme kommunale plassar = auka tilskot til private

Med «unison» kan ein her berre meine privat side, og som vanleg tok argumenta berre for seg halve sektoren. Det er isolert sett riktig at tomme private plassar ikkje kostar det offentlege noko. Men da overser ein den andre sida av saka, nemleg at tomme kommunale plassar ikkje berre er kostbare for skattebetalarane, dei gir også auka tilskot til alle private barnehagar.

Dette høyrast kanskje rart ut, men følgjer av dagens regelverk. Tilskot til private barnehagar reknast ut frå kor mykje kommunale barnehagar brukar i snitt pr. barn. Når krava til bemanning og pedagogar er som dei er, kostar dermed tomme kommunale plassar kommunane dobbelt: først i ekstra utgifter i dei kommunale barnehagane, deretter som ekstra tilskot til alle private barnehagar i kommunen.

Kommunane kan i dag velje å setje hardt mot hardt og ikkje redusere plasser på kommunal side. Det gir «fritt» barnehageval for foreldre, men også overkapasitet og meir uføreseielege rammar for alle barnehagane i kommunen (private og kommunale). I tillegg er det dårleg kommuneøkonomi. Dette kan vere ein farbar veg for kommunar som er mindre opptatt av god ressursbruk eller har fri tilgang på pengar, plassar og personale.

Alle andre kommunar vurderer kvart år kapasiteten i dei kommunale barnehagane. I årevis er det tatt ned kapasitet i takt med lokal behovsnedgang. (Dette bidreg også til å skjerme private barnehagar frå nedgangen.) Utifrå premissane i det nasjonale ordskiftet har ein altså ikkje hatt frie barnehageval sidan den første kommunen tok den demografiske utviklinga inn over seg og reduserte kapasitet på kommunal side.

Dette verkar å gå mange debattantar hus forbi, som meiner at forslaget truar foreldre sin valfridom. Enkelte påstår til og med at det er heile poenget med forslaget. Til dømes skriv PBL i sitt høyringssvar at det er «vanskelig å se noen annen hensikt med lovparagrafen enn nettopp å kunne styre barn bort fra barnehager som foreldrene foretrekker» (s. 30). Det same vart også hevda i Stortinget.

Det er her verd å merke seg at forslaget faktisk opnar for at ein kan leggje søkartal og lokale behov til grunn for tilpassing av lokal kapasitet, i motsetnad til i dag. Forslaget har utan tvil problematiske sider, men foreldre sin valfridom og negativ diskriminering av privat sektor er ikkje blant dei.

Steile frontar

Også utanfor det nasjonale ordskiftet var frontane steile. Til frist mottok Kunnskapsdepartementet eit rekordhøgt tal høyringssvar (3656). Som Aftenposten har omtalt (lenke, krev abonnement) sende PBL ein mal til nærare 2000 private barnehagar og bad dei protestere mot endringane, samt vidaresende den same malen til foreldre. Leiaren i Utdanningskomiteen på Stortinget (R) kalla det eit skitent spel.

At ein privat interesseorganisasjon kjempar for sine interesser, er sjølvsagt. Det er jobben deira. Å gå ut til medlemmane sine på denne måten er kanskje ikkje ein god bruk av høyringsinstituttet, men er neppe langt utanfor spelereglane. Omfattande bruk av ein protestmal blant dei private høyringssvara fargar derimot påstanden om «unison» motstand mot forslaget.

Utbredt malbruk blant offentlege organ

No syner gjennomgangen til Utdanningsnytt (lenke) det som lenge har vore ein dårleg skjult løyndom i kommunane: Det var omfattande bruk av ein protestmal også blant offentlege organ. Dette fell i ein annan kategori enn tilsvarande frå private aktørar. I staden for ein reell politisk debatt om korleis ein best legg lov- og regelverk til rette for heile Barnehage-Noreg, stammar altså høyringsuttalen til ei lang rekke kommunar frå ein slett skriven og ferdig formulert tekst som berre ser halve sektoren.

Eg har sjølv lese høyringssvara til dei 20 største kommunane, samt administrative vurderingar og mindretalsforslag. I 16 av dei har administrasjonen vore open for forslaget om å kunne redusere talet også på private plassar. I alle stemte fleirtalet imot. Unntaket var den eine raudgrøne kommunen av dei 20. Her henta mindretalet formuleringane sin frå malen. (For ordens skuld: Eg skreiv delar av saksframlegget i ein av kommunane.)

Nokre stikkprøvar i mindre kommunar synar det same. Om ein tek med mindretalsforslag og vedtak der enkelte ord er skifta ut frå setningar i malen, er omfanget klart større enn kva Utdanningsnytt legg til grunn. Det er også tydelege spor etter klipp og lim som ikkje stammar frå den omtalte malen.

Politisk debatt og fagadministrative vurderingar er lagt bort og i stor grad erstatta av ferdige formular. Dette er ikkje forbode, men omfanget er uvanleg og interessant. I fleire døme har ein sett så blindt til formularet at ein har utelate viktige punkt der administrasjonen støtta dei private barnehagane mot endringsforslag. Påfallande er også fråværet av omsyn til dei kommunale barnehagane og deira vilkår.

***

Slik går dagane i Barnehage-Noreg. Dei vaksne kranglar medan alle barnehagane får stadig dårlegare utgangspunkt for sitt arbeid. I tillegg til den økonomiske og den demografiske utviklinga slit begge sider av sektoren no også med andre store utfordringar. Særleg urovekkjande er låge søkjartal til både utdanning og stillingar, samt høgt sjukefråvær og ein sterk auke i barn som treng ekstra støtte.

Nær sagt ingen tener på dagens situasjon: ikkje dei private barnehagane, ikkje dei kommunale barnehagane, ikkje dei tilsette og aller minst barna. Da treng heile Barnehage-Noreg at nokre vaksne frå begge politiske sider kan sjå heilskapen og ikkje berre ei side av sektoren. Det krev at ein set seg ned saman, set seg inn i saka og set barna sine behov først.

To lyspunkt til slutt. Ærast den som ærast bør: Høyringsuttalane til Oslo og Lillestrøm kommune har gode forsvar for privat sjølvstyre, også kva gjeld kapasitetsomsyn. I staden for skråsikre påstandar frå fiks ferdige formular er det viktige argument som ein kan ta konkret stilling til. Ros også til debatten i Politisk kvarter 1. februar. Den var forrykande, rett på sak og tidvis det sjeldnaste av alt: forsonande.

Powered by Labrador CMS