Når elevar brukar nettbrett, jobbar dei meir åleine

Samstundes er lærarane nøye med å vurdere når nettbrett brukast. Det viser ei fersk doktoravhandling.

Publisert

– Vi veit at samhandling mellom lærarar og elevar er viktig for elevane si læring. Så kva skjer eigentleg med den samhandlinga når elevane får utdelt nettbrett i klasserommet? Det var det eg var nysgjerrig på, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Øvereng er høgskulelektor ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. 

I fjor haust leverte ho doktorgradsavhandlinga si om nettbrett i begynnaropplæringa.  Prosjektet er ein del av NFR-prosjektet DigiHand, eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Stavanger. 

Øvereng har undersøkt korleis nettbrettet påverkar undervisninga og korleis det blir brukt i førsteklasse. 

For å finne ut av dette har ho filma skuledagane i 18 klasserom der nettbrett blir brukt, og intervjua lærarane.

– Studien viser at produktiviteten er høgare når nettbrett blir brukt. Det betyr at elevane i større grad er i aktivitet med oppgåver. Men samtidig er det mindre samhandling mellom lærarar og elevar, og mellom elevane, i nettbrettsituasjonane. Elevane jobbar meir åleine, og responsen dei elles ville fått frå ein lærar, kan dei i nokre tilfelle få frå nettbrettet, seier Øvereng.

Ho peikar på at tidlegare forsking har vist at nettopp samhandling med læraren er viktig for elevane si læring.

– Men samtidig viser undersøkingane mine at lærarane er svært medvitne om når, kor mykje og i kva for aktivitetar nettbrettet blir brukt i undervisninga. Det er ikkje noko gale med individualisering når det berre gjeld ein liten periode av dagen.

Opptatt av meirverdi

Øvereng intervjua lærarane i studien to gonger, ein gong i starten av prosjektet og så to år seinare. Ho merka seg spesielt ei stor endring.

– I den første intervjurunden var mange lærarar usikre på korleis nettbrettet skulle brukast. Kommunane hadde sjeldan laga retningslinjer for bruken, og praksisen varierte frå skule til skule. To år seinare var situasjonen annleis. Under pandemien fekk dei mykje kompetanse, og det kom fram at dei var nøgde med praksisen dei hadde etablert, og meinte dei tok gode val for bruken av nettbrett.

– Lærarane er opptekne av at nettbrett skal brukast i dei situasjonane der teknologien gir meirverdi i undervisninga. Dei tek medvitne val og er svært opptekne av at nettbrettet skal brukast på ein meiningsfull måte. Sjølv i klasserom med høg kvalitet på den digitale undervisninga, blir nettbrettet brukt relativt sjeldan, og lærarane er medvitne om at skuledagen må vere variert, med økter med sjølvstendig arbeid og økter med samhandling og samarbeid, seier ho.

Men Øvereng har ei oppmoding å kome med.

Meir av dette, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Altså, meir samhandling. Vi veit ikkje kva ho meiner om Minecraft.

– Eg tenkjer at lærarane kan bli endå betre på nettbrettaktivitetar der elevane samarbeider. Der ligg det mange moglegheiter.

I avhandlinga skriv Øvereng at nettbrettundervisninga også er prega av at elevane i mindre grad er utforskande på den måten at dei deltek lite i diskusjonar og anna meiningsutveksling.

Få digitale øktar

– Elevane har godt av å delta i situasjonar der dei skal finne løysingar, og der dei får prøvd ut forståinga og ideane sine i samhandling med andre. Det viste seg å vere lite av dette i nettbrettøktene, seier Øvereng.

– Men det skal også nemnast at lærarane samtidig lyfter fram nettbrettet som eit svært viktig verktøy for å utforske bokstavane. Med brettet får førsteklassingane tilgang til bokstavane heilt frå starten og kan leike seg med ord og skrive tekstar tidleg.

– Då professor Elisabeth Bjørnestad og hennar kollegaer evaluerte seksårsreforma, skreiv dei at begynnaropplæringa er prega av leik, rørsle og kreative aktivitetar. Lærarane brukar minst tid på individuelle arbeidsoppgåver og bruk av nettbrett eller PC, var konklusjonen deira. Har du same oppfatning?

– Eg filma heile skuledagar, og øktene med nettbrett var nok færre og kortare enn ein kanskje kunne forventa. På den måten stemmer det overeins med funna til Bjørnestad.

– Læreplanane ligg fast

– Kva tenkjer du om debatten som pågår om skjermbruk i skulen?

– Det er viktig å skilje mellom skjermbruk i skulen og på fritida. Dessutan må vi stole på den faglege kompetansen til lærarane. Dei viser at dei er gode til å vurdere kva for læremiddel som bør brukast i dei ulike situasjonane. Det må vi ha tillit til.

– Det kan verke som om den digitale vinden har stilna. Ap og kunnskapsministeren går inn for mindre skjermbruk, og Høgre i Oslo fjernar kravet om éin-til-éin-einingar på dei lågaste trinna. Er det ei endring på gang?

– Tja. Læreplanane ligg fast, og dei er tydelege på at elevane skal utvikle digitale ferdigheiter i skulen. Det ser eg heller ingen grunn til å gå bort frå. Men om vi kan få ein betre balanse mellom digitale verktøy og bøker og blyant, og sørgje for at lærarane har tilgang til begge delar, så er det bra.

Powered by Labrador CMS