Ragnhild Lied og Steffen Handal

Steffen Handal er vald til ny leiar for Unio

Steffen Handal vart i dag vald til ny leiar i Unio. Ny nestleiar blir Cecilie Woll Johansen.

Publisert Sist oppdatert

Det melder unio.no

Begge var på førehand innstilte av valkomiteen og vart valde ved akklamasjon på Unio-kongressen på Sundvolden Hotel. Handal og Woll Johansen takkar kongressen for tilliten.

– Noreg står overfor store utfordringar. For å løyse mangelen på arbeidskraft og møte behovet for omstilling er samarbeid og ei samla fagrørsle viktigare enn nokosinne, seier nyvald leiar Steffen Handal.

Fakta om Unio

  • Stifta: 2001
  • Medlemmer: Om lag 400 000
  • Unio er Noregs største hovudorganisasjon for tilsette med høgare utdanning. Organisasjonen jobbar for å fremje medlemmenes interesser innan arbeidsliv, utdanning og forsking.
  • Medlemsforbund:  Utdanningsforbundet, Politiets Fellesforbund, Akademikerforbundet, Presteforeininga, Skatterevisorenes Foreining, Norsk Sjukepleiarforbund, Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Ergoterapeutforbund, Bibliotekarforbundet, Det Norske Diakonforbund, Forskarforbundet, Det Norske Maskinistforbund, Norsk Radiografforbund, Norsk Tannpleiarforeining.

– Eg ser fram til å jobbe for gjennomslag for Noregs største hovudorganisasjon for tilsette med høgare utdanning og for Unio som ein sentral samfunnsaktør, seier nyvald nestleiar Cecilie Woll Johansen.

I går vart det kjent at Guro Lind trekte sitt kandidatur til leiarposisjonen, og støtta kandidaturet til Handal.

Steffen Handal (55) er lærar og utdanna adjunkt med tilleggsutdanning i statsvitskap. Han har lang fartstid som tillitsvald og var leiar av Utdanningsforbundet i perioden 2016–2024. Cecilie Woll Johansen (51) er utdanna sjukepleiar og leiar og har vore einingsleiar i Narvik kommune sidan 2018. Ho har sete i forbundsstyret i Norsk Sjukepleiarforbund sidan 2019.

Den nye leiinga tek over 1. januar 2025. Unio-leiar Ragnhild Lied går av ved årsskiftet.

Følgjande vart valde til styremedlemmer:

Frå Utdanningsforbundet:

  • Geir Røsvoll 
  • Ann Mari Milo Lorentzen 
  • Thom Jambak 
  • Lars Erik Wærstad

Frå Norsk Sjukepleiarforbund: 

  • Lill Sverresdatter Larsen 
  • Kai Øivind Brenden 
  • Kari Tangen / generalsekretær ved tiltreding

Frå Forskarforbundet: 

  • Steinar Sæther 
  • Birgitte Olafsen

Frå Politiets Fellesforbund: 

  • Unn Alma Skatvold 
  • Roar Fosse

Frå Norsk Fysioterapeutforbund: 

  • Stig Fløisand

Frå Det norske maskinistforbund: 

  • Hege-Merethe Bengtsson

Frå Fellesordninga: 

  • Mizanur Rahaman, Akademikarforbundet 
  • Tove Holst Skyer, Norsk Ergoterapeutforbund
Powered by Labrador CMS