Foto: Frederik Ringnes / NTB
Vil avskaffe avsluttande eksamen i Danmark
Danske ungdommar bør ikkje avslutte skulegangen med avsluttande eksamen. I staden vil Danmarks Lærerforening (DLF) at elevane skal avslutte med ei meir heilskapleg vurdering frå læraren.
Det skriv folkeskolen.dk.
Dette er den nye tilrådinga til politikarane frå DLF, som foreslår å avskaffe avgangsprøver for alle elevar og i alle
fag. DLF er Danmarks største lærarorganisasjon, slik Utdanningsforbundet er i Noreg.
– Både forsking og praktisk erfaring viser at avgangsprøver
ikkje gjer undervisninga i skulen betre. Utan avgangsprøver kan vi fokusere på
å lage god, variert og motiverande undervisning, seier Regitze Flannov, leiar
for undervisningsutvalet i Danmarks Lærerforening.
– Vurdering
Det er allereie politisk semje om å redusere talet på
eksamenar. I vår vart dei danske partia einige om å redusere talet på
avgangsprøver frå åtte til seks frå komande skuleår.
Samtidig skal ei ekspertgruppe kome med forslag til korleis
prøvene kan vidareutviklast og presset reduserast på lang sikt. Men lærarane
går endå lenger og foreslår at alle prøvene blir avskaffa.
I staden for å avslutte grunnskulen med eksamenar, meiner
DLF at elevane skal få ei avsluttande vurdering av sitt faglege nivå, utført av
lærarane sine.
– Det vil gi eit heilskapleg blikk på elevens faglege nivå
som dei kan ta med seg ut av skulen, og det skal ikkje avhenge av ein 20
minutters prestasjon på ei avgangsprøve, seier Regitze Flannov.
Ser ein til dei andre nordiske landa, er det berre Noreg
som, i likskap med Danmark, avsluttar grunnskulen med eksamenar. I Sverige,
Finland og Island blir grunnskulen avslutta utan ei avgangseksamen.
Fjerne ordet «eksamen»
Den danske Skolelederforeningen er positive til initiativet.
Leiar Claus Hjortdal seier at spørsmålet er om det er
realistisk å få gjennomført.
– Dette er ikkje nødvendigvis det politikarane vil, seier
han.
Skolelederforeningen foreslår at ein i staden reduserer
avgangsprøvene til berre dansk og matematikk.
Fleire skuleleiarar ønskjer dessutan å fjerne ordet
«eksamen» fordi det kan skape unødig press for elevane.
– Grunnskulen skal ein ikkje bestå. Ein skal gjennomføre
den. Vi protesterte kraftig då det blei innført at ein skulle bestå, men det
blei nesten ubemerka vedteke, seier Claus Hjortdal.
© Utdanningsnytt