Kvar annan danske lærar vurderer å forlate yrket

Kvar annan av danske grunnskulelærarar vurderer å forlate yrket. Det skuldast dårlege vilkår, seier den danske lærarforeningen DLF. 

Publisert

Det skriv folkeskolen.dk.

Arbeidsgivarane finn det naturleg at nokre vel ein ny karriereveg.

57 prosent av Lærerforeningens medlemmer i grunnskolen har vurdert å droppe lærarjobben og skifte yrke innan det siste året. Og meir enn kvar tiande har gjort alvor av det og søkt ein jobb utanfor folkeskolen.

Tala kjem frå ei medlemsundersøking. 11.795 medlemmar har svart. Undersøkinga sine svar uroar Thomas Andreasen, leiar for arbeidsmiljø- og organisasjonsutvalet i DLF.

– Det er eit bekymringsverdig høgt tal lærarar som på ein eller annan måte vurderer å forlate læraryrket. Om berre ein del av dei gjorde alvor av det, ville lærarmangelen bli eit endå større problem enn det allereie er, seier han.

Av dei medlemmene som innan det siste året har vurdert å forlate yrket, svarar litt over halvparten at vurderinga skuldast manglande samanheng mellom oppgåver og ressursar/tid. Den årsaka som er valt nest flest gonger, er det psykiske arbeidsmiljøet.

Thomas Andreasen peikar på at vilkåra for lærararbeidet kan føre til tankar om eit anna arbeidsliv.

– Mange gir uttrykk for at dei ikkje kan lukkast med sitt lærararbeid. Dei når ikkje måla dei har for elevane. Det er ikkje samanheng mellom mål og det ein kan gjere. Det handlar ikkje om ei kortvarig forandring eller omstilling. Det er ei varig bekymring som mange medlemmer gir uttrykk for, seier Andreasen.

Powered by Labrador CMS