Illustrasjonsfoto: Siv Dolmen
Matematikkfaget på avvegar
Debatt: Eg trur at matematikkfaget i dag gir mange grunnskoleelevar og også lærarstudentar kjensle av å vera taparar.
I siste nummer av Utdanning (nr. 2 -25) er det eit stort oppslag om «Miriams
siste sjanse». Miriam kjem frå det solfylte California, og hennar draum er å
bli lærar på barnesteget i Noreg. Etter det eg forstår, har ho dei personlege
og pedagogiske føresetnadene for å kunne bli ein god lærar, men ho har stroke
fire gonger på nasjonal deleksamen i matematikk. Stryk ho ein gong til, så er
fem år integrert lærarstudium med mastergrad bortkasta.
Dette er meiningslaust.
Miriam treng ikkje undervisa
i matematikk på barnesteget, men kanskje kan ho nettopp vera ein god lærar for
elevar som slit med matematikk fordi ho har opplevd problema med å læra seg dette
faget. Dersom ho stryk på den femte prøva, bør ho få godkjent lærarutdanning
ved dispensasjon.
Sidan obligatorisk deleksamen i matematikk blei
innført i 2019 i lærarutdanninga for barnesteget (GLU 1 – 7), har årleg ca. 1/3
av lærarstudentane stroke til denne eksamen. Dette er studentar som har hatt
matematikk i grunnskole og vidaregåande opplæring i 12-13 år. At så mange lærarstudentar
ikkje greier denne prøva, må etter mi meining bety at det er noko gale både med
faget og eksamen. At så mange stryk, fører til at studentar ikkje får fullføra
studiet. Innhaldet i faget og dei faglege krava til eksamen kan også vera grunn
til at interesserte ungdommar ikkje søkjer opptak til lærarutdanning.
TEST DEG SELV: Her er eksamen lærerstudentene stryker på - klarer du oppgavene?
I
første omgang bør denne eksamen falla bort så snart som mogeleg. I andre
omgang bør læreplanen for faget både i grunnskolen og i lærarutdanninga endrast
slik at ein får ei meir praksisnær tilnærming i faget.
I Utdanning er det referert til Per Odd Eggen ved
Skolelaboratoriet ved NTNU som er kritisk til denne deleksamenen i matematikk
som har hovudvekt på algebra. Han meiner
mellom anna at prøva ikkje testar eigenskapar som er viktigast for å bli ein
god lærar, og at prøva er utforma på ein måte som ikkje passar for
lærarstudentar. Håkon Raustøl ved Universitetet i Agder meiner derimot at mattekravet
bør bestå. Det er mellom anna viktig fordi mange elevar i grunnskolen slit med
algebra. Ein treng derfor lærarar på barnesteget med solid forståing av algebraisk
tenking. Oppgåvene i denne deleksamenen er presenterte i Utdanningsnytt 19.
februar.
Fram til 1970-talet heitte faget rekning, og hadde
som føremål å gi elevane i folkeskolen praktiske kunnskapar som dei hadde bruk
for i arbeids- og samfunnsliv. På 1970-talet blei den moderne matematikken
introdusert med mellom anna nye omgrep og symbol som skulle gi grunnlag for
meir matematisk forståing og tenking.
I Mønsterplanen 1974, 1987 og Læreplanverket 1997 er
det element frå den moderne matematikken, men omgrepsbruken er forståeleg og
faget har eit praktisk føremål. Då Pisa-sjokket kom i desember 2001, blei det
viktig for regjeringa å koma høgare på den internasjonale rangeringa. Kunnskapsløftet
førte mellom anna til at det blei ei sterk satsing på Pisa-faga norsk,
matematikk og naturfag.
Timetalet i desse faga auka, og dei praktiske og
estetiske faga (kunst og handverk, musikk, kroppsøving, mat og helse, drama) fall
meir eller mindre bort. Mykje av leiken i 6-årsreforma blei erstatta med
undervisning i teori frå første klasse. Auka timetal til undervisning i eit fag
treng ikkje føra til betre læringsresultat. Det er motiverte elevar og
engasjerte og dugande lærarar som gir dei gode resultata.
Matematikkfaget blei sterkt prega av oppgåvene i dei
internasjonale undersøkingane frå OECD, Pisa og TIMSS. Det kom krevjande
kompetansemål både i matematikk og i dei andre faga i grunnskolen. Dette førte
til at mange elevar opplevde skolen som teoritung og kjedeleg, og ein stad der
dei kom til kort og blei taparar.
For ein del elevar førte dette til mobbing og
utagerande åtferd. Resultata av internasjonale målingar kan vera interessante
og nyttige, men dei bør ikkje vera bestemmande for mål og innhald i norsk skole
og utdanning.
Også lærarutdanninga blei påverka av resultata av dei
internasjonale undersøkingane. I 2010 fekk vi ei todelt grunnskolelærarutdanning
(1 – 7, 5 – 10) med hovudvekt på norsk og matematikk, utan obligatoriske
praktiske og estetiske fag. Søkjartilgangen til lærarutdanninga gjekk ned,
særleg for barnesteget. På studiebarometeret har lærarutdanninga frå 2016 vore
rangert lågast av studentane som tek universitet- og høgskoleutdanning.
Kunnskapsministeren har nå teke initiativet til å få
nye læreplanar med ein meir praktisk orientert grunnskole. I matematikk bør ein
i grunnskolen og i lærarutdanninga få eit matematikkfag med ei praktisk
tilnærming som er relevant for barn og unge i deira kvardag og viktig i dagens
samfunn. Folk med erfaring frå lærarabeid, arbeidsliv og kulturliv bør vera med
på fagplanarbeidet. Meir avansert matematikk bør ein kunne få velja på
vidaregåande-, universitetet- og høgskolenivå.
Eg trur at matematikkfaget i dag gir mange grunnskoleelevar
og også lærarstudentar kjensle av å vera taparar.
Barn, unge og lærarstudentar
bør kunne gå ut av skole og utdanning med tru på seg sjølve, vera stolte av det
dei har oppnådd og ha kjensle av å kunne meistra livet som ligg framfor dei.