Ja til nynorsk i Utdanningsnytt!
Debatt: – Nynorskandelen i Utdanningsnytt må bli høgare
Både nynorskelevar og bokmålselevar har glede av å lese nynorsk utanom
skulen, og det gjeld òg oss lærarar. Mange av oss er organiserte i
Utdanningsforbundet, og vi les Utdanningsnytt.
I Utdanningsnytt hender det at det er
saker på nynorsk, og det er bra! Vi meiner derimot at nynorskandelen i bladet
må bli høgare. Det er viktig at lærarar, både nynorsklærarar og bokmålslærarar
i nynorskland, bokmålsland og i randsoner, har gode språklege føredøme.
Utdanningsnytt bør vere eit slikt godt
føredøme, og vi håper dei vil leggje ein plan for å auke nynorskandelen i
bladet drastisk.