dans rumba illustrasjon illustrasjonsbilde

Kan Høgre kome til dansegolvet for sin rumba?

Debatt: – Høgre insisterer på gamle songar, sjølv om dette har vært forsøkt, utan resultat, i 20 år.

Publisert

Fleire parti byr for tida opp til utdanningspolitisk selskapsdans, men Høgre vert sitjande som veggpryd. Det lovar dårleg for ei sårt trengt ny retning for utdanningspolitikken.

Det har til no vore mest sving i paljettane hjå Venstre og KrF. Der begge i november lanserte utdanningspolitiske nyvinningar. Men på Dagsnytt 18 4. desember, slår og kunnskapsministeren frå Arbeidarpartiet fast at fleire timar ikkje er løysinga for ein skule ridd av motivasjonsunderskot.

Venstre vil i sitt alternative budsjett forsøke å løyse ein av lærarkvardagen sine største utfordringar: Meir tid. Dei budsjetterer med ein time ekstra i veka til alle kontaktlærarar, slik at dei faktisk får meir tid til elevane. Med komplekse utfordringar og elevar med aukande grad av psykisk uhelse, så har tid brukt til kontaktlæraroppgåver eksplodert dei siste åra. 

I ei undersøking Respons Analyse gjorde i januar i år, svarar 74 prosent av kontaktlærarane at moglegheita for å følge opp elevane er dårlegare no enn dei var for tre år sia. Å forsøke å tenkje ut løysingar på denne utfordringa, som i utgangspunktet er ei forhandlingssak mellom partane, skal Venstre ha honnør for. Her går det gamle lærarpartiet til kjernen av det norske lærarar ynskjer seg mest av alt: meir tid.

KrF derimot, går dristigare ut på dansegolvet. Dei føreslår å kutte veketimar i undervisning, for å frigjere tid til læraren, kostnader som kan gå attende til høgare løn og lette ein fullpakka undervisingsdag for elevane. Her tenkjer KrF heilt utanfor den boksen som har vore norsk utdanningspolitikk i 20 år. Og dei syner gjennom europeiske sveip at det finst andre måtar å tenkje på, og land me kan sjå til. Både Finland og Estland får til meir enn oss, på færre timar, syner KrF.

Medan Arbeidarpartiet har lufta tanken om eit skuleår mindre, og no altså sett ned foten for fleire timar på allereie umotiverte elevar.

I det gamle sentrum er det med andre ord full fart på dansegolvet, men i eit hjørne sit Høgre, kunnskapspartiet, som ein litt trassig veggpynt. Dei insisterer på gamle songar: Fleire timar, meir testing og lærarspesialistordninga er framleis det som skal redde norske elevar ut av svake resultat på internasjonale testar, låg motivasjon og høgt stress. Til tross for at det er dette me har forsøkt, utan resultat, i 20 år.

Tenk om Høgre og kunne byrje å leite etter andre løysingar enn dei dei har hatt i 20 år. Då kunne kanskje ei ny regjering på høgresida med Venstre og KrF blitt noko det kunne svinga av. Eg byr opp til dans.

Powered by Labrador CMS