Der eg har lukkast best som lærar, har inkluderande humor alltid spelt ei rolle

Debatt: Gjennom humor viser du mange ting, mellom anna at du liker yrket ditt og dei du møter i klasserommet.

Publisert Sist oppdatert

Eg har stått i mange klasserom sidan eg tok praktisk pedagogikk i 1993, og tenker ofte tilbake på dei erfaringane eg har gjort meg. Mykje er av sjølvransakande karakter i form av «Takk og lov at det gjekk bra», men eg har òg tenkt på eitt og anna som eg har fått til, og kva som gjekk igjen i dei situasjonane. 

I desse åra har eg i tillegg etter beste evne freista å lese tekstar om både pedagogikk og didaktikk. Eg kan slå fast med eit samanliknande perspektiv på særs lågt og anekdotisk nivå, at noko som det har vore lite av i bøker, artiklar, debattinnlegg og andre teksttypar som handlar om skule, men meir av i eigen praksis, er humor. 

Der eg har lukkast best som lærar, har inkluderande humor alltid spelt ei rolle. Å vere lærar er ikkje noko ein må, men kan. Gjennom humor viser du mange ting, mellom anna at du liker yrket ditt og dei du møter i klasserommet.

Pedagogisk litteratur er utan unntak prega av gravalvor, sjølv den delen som handlar om den kjelda til liv og samvirke som ligg i det intuitive møtet mellom andlet og andlet, har blitt kapra av religiøse tenkjarar. Om det no er nærleikspedagogikken til Løgstrup, Levinas eller Buber, dei legg alle til grunn ein metafysikk som gjer menneskemøtet til eit religiøst møte, og då er det ikkje plass til lettsinn og god stemning! Djevelens verk!

Eg trur det var Oluf i Rallkattlia som kalla humor for «sublimert melankoli». Ein påstand verd å tenke over. Om vi følgjer sporet til Oluf, skjønar vi fort at vi ikkje skal spøke med humor. Det er ikkje sånn at livet har for lite alvor, om du no er elev i barneskulen eller er ein femtiårig deltakar i vaksenopplæringa, lever du neppe eit liv skjerma for alvor. Ofte har elevane våre fått so mykje alvor inn i livet, at når dei faktisk kjem på skulen, vil dei gjerne ha litt fri frå faenskapet.

Humor er ikkje å ta lett på alvoret i livet. Humor og humør heng tett i hop, og den gode stemninga der vi ler med kvarandre og ikkje av kvarandre, er det sterkaste limet vi kan ha i klasserommet. Humor er å gripe det potensialet som er i ein situasjon som kan vere fagleg steril eller sosialt fastlåst og løyse litt på snippen, lette litt på trykket, endre litt fokus; vel sjølv den metaforen du likar best. Med høge skuldrar vert verken land eller kompetanse bygd.

Det er ikkje sånn at du lærer mindre om du er i ein atmosfære prega av låge skuldrar og gjensidig høve til litt tøys og tull i kvardagen. Elevar i alle skuleslag skal lære å interagere med andre. Å lære å interagere er å øve seg i eit spekter av uttrykksformer, og Piet Hein har vel sagt det best når han skreiv «Den som kun tar spøk for spøk og alvor kun alvorligt, han og hun har faktisk fattet begge deler dårlig.» Om ein avviser dette kortdiktet som fjaseri og lettsindig omgang med rim, er jo det berre ei understreking av Hein sitt poeng. Piet Hein har i det store og heile blitt tatt altfor lite alvorleg.

Ein flott kollega av meg, Ingvild, sukka over at «Norskfaget er stappfullt av triste tekstar», og det stemmer jo langt på veg. Triste tekstar skrivne av triste menn er jo ryggmargen i den tradisjonelle litterære kulturarven som skal gjere dei unge til «gagns menneske». Ein skulle tru at tankegangen er at blir du berre deprimert nok, so blir du eit godt menneske. Det å løfte stemninga blir dermed det store tabu, pedagogikken si blindsone, som ein helst bør unngå om ein skal framstå som «seriøs» og «profesjonell». Eg siterer gjerne Nils-Fredrik Nielsen her: «Ingen kan spre slikt mørke som den som har sett lyset» (Samlede tristesser i utvalg, Oslo, 2018: s.37)

Kan det rett og slett vere for lite godlynt kødd i norske klasserom akkurat som det er for lite godlynt kødd i den offentlege røynda? Det er trist at det der har gått so langt at humor har blitt politisert til å bli ein sosial risikosport i ein politisk leir, medan mangel på respekt har blitt ei dygd i ein annan. På den eine sida står ei venstreside livredde for å seie noko feil, på den andre sida står eit kor av udanna høgrevridde, som vil bruke talefridomen til taktløyse og som apologi for smakløyse og manglande verbal impulskontroll. Rett og slett «overdanning» mot «underdanning».

Dei raude er anemiske og kjedelege i si politisk korrekte boble, medan dei blå er vulgære og masete. Dei blå er faktisk meir opptatt av å kritisere politisk korrektheit enn konservativt kristne er opptekne av andre sitt seksualliv. Det er ikkje so reint lite. Det er ikkje eit poeng i å vere grenseoverskridande berre for å protestere mot grensene, akkurat som det er lite poeng i å vere livredd for potensiell krenk i kvar ein ytring.

Dei grøne er stort sett på jordet der dei høyrer heime, om dei ikkje er i skogen og skrik etter ulven eller nede i elva og tømmer ut silosyre.

Ikkje er det lov å seie at noko er stygt eller feil lenger heller. Dette vert kvar dag unngått av lærarar på kvar ein skule, samstundes med at det blir gjennomskoda av elevane. Klart noko er stygt. Klart noko er feil. Når ein elev held fram eit samanraska krot av ei teikning eller gjer store feil i rettskrivinga ville det vore løgn og svik om vi kom med skryt og formildande taleformer. «Nei, den teikninga er faktisk ganske stygg, og du har laga den slik for å teste meg», har eg sagt ved høve, og eg seier òg at skriftlege feil er feil, om det er stikk i strid med gjeldande rettskrivingsnormer. Ekte og negativ kritikk er betre enn falskt skryt, og om vi ikkje er etterrettelege av redsle for å knekke motet på elevane, er det vel i overkant pysete av oss.

Ja takk til godlynt kødd og ærlege tilbakemeldingar. Pedagogikkfaget har fått mykje pes opp gjennom åra, og kanskje det hadde fått litt mindre pes om det i større grad reflekterte det livet som faktisk er både i og utanfor klasserommet, og ikkje som no, at det legg opp til ein gravalvorleg og emosjonelt innsnevra praksis der vi alle skal passe oss for å tråkke feil. Pedagogisk takt vert tradisjonelt knytt til å ta raske og ofte intuitive avgjerder om kva som er best å seie eller gjere i ein kanskje uventa situasjon. I eit sånt perspektiv kan humor vere ein taktfull intervensjon i ein situasjon der dei involverte treng å bli tekne vare på og løfta litt opp.

Eg er redd for humorens levevilkår i framtidas klasserom. Humor som kan vere ein drivkraft i det faglege og pedagogiske arbeidet og eit lim som knyter oss i hop, er allereie i ferd med å bli ei faresone der vi blir livredde for å komme i trøbbel om vi seier noko som kan bli tatt feil opp.

Sjølvsagt er humor farleg. Du må kjenne ditt publikum, og det skal vere humor for dei like mykje som for deg sjølv. Du må unngå å skape eit skilje mellom dei kloke som tek poenget og dei dumme som ikkje gjer det. Sjølvironi er aldri feil. Du skal sjølvsagt ikkje kome med objektiv krenk av namngjevne personar eller folkegrupper. Mykje kan gå gale, men det skal òg vere takhøgd for å dumme seg ut og ta seg inn att.

Norskfaget, den litterære tristesse sitt hovudkvarter, har utvilsamt eit potensial for å skape litt liv og røre der det no er like stilt som på bedehuset etter ein brakfis frå bakarste benk.

I all humorteori er den viktigaste eigenskapen til humor det å tilføre noko uventa i ein situasjon. Elevane treng uventa og positive hendingar. Då ser dei også ein lærar som likar å vere med dei og som kan vere spontane og ta kjappe steg ut av boksen full av korrektheit, inn i den verda der eleven faktisk er. Og det er kanskje den viktigaste opplevinga ein elev kan ta med seg.

 

 

Powered by Labrador CMS