Ill. generert av Open AIs Dall-E
Gym i Buffalos, det går fint!
– Vis meg gymskoa dine, og eg skal seie deg kven du er.
Som
gymlærar, eller eigentleg kroppsøvingslærar, gjennom eit halvt liv, er ein
vitne til noko få andre har tilgang til. Når garderobane blir låste opp, og
gymtøyet blir pakka ut frå bagar, sekkar og Rema 1000-posar, kjem det fram
fottøy du ikkje ante var mogleg å spele innebandy i.
Tøflar,
Crocs, Uggs, militærstøvlar og jesussandalar blir observerte mellom joggesko.
Ekstra
interessante er dei som droppar å ta på gymskoa, for dei ligg i bagen, til
fordel for akrobatikk i dei slappe tennissokkane.
Sokkane
som er litt store og nesten firkanta på foten, gjer at dei utvalde idrettane
får eit ekstra element, glidefasen i vendingane. Sokkane spinn rundt i salen,
delvis i frykt for å bli banka av ei dårleg koordinert bandykølle. Sokkefantane
gir uansett alt.
I same
sjanger er Crocs-gjengen. Dei er sveitte, ivrige, og ikkje så nøye. Det er
nemleg berre å vippe den gummistroppen bak foten for at Crocs skal bli til
gymsko. Når timen er over, blir stroppen vippa fram igjen, og ein er enkelt
tilbake til fritidsbruk. I andre økt raknar vanlegvis Crocs-stroppen, då blir
det fritidssko også i gymtimen. Men det går heilt fint, så lenge ein held igjen
med tærne.
Militærstøvlar,
Uggs, og Buffalos er i «tjukkasgjengen». Og då meiner eg ikkje at dei er
overvektige, vanlegvis heller dei faktisk mot det stikk motsette. Tjukkasgjengen
fordi dei likar å chille mest mogleg på tjukkasmadrassa i løpet av timen.
Forresten kan også felles fiendar med joggesko her utgjere god stemning på den
blå madrassa, og soss og emo går plutseleg hand i hand.
Det var
ein gong då alle føtene var like, i alle fall nesten. På 1970-talet fanst
gymsokkane. Dette var ein spesialsokk med plastikk under, slik at ein skulle
unngå å skli. Desse kunne vere endå slappare enn tennissokkane – sokken skulle
kanskje vare ut ungdomsskulen.
Eit plagg
perfekt til linjegymnastikk, verre må det ha vore å skru fotballen. Og endå
verre skal det ha vore å bade med sokkane. Sokkebad skulle nemleg hjelpe mot
fortidas fotvorteproblem.
Våte,
sveitte sokkar må ha lukta verre enn sveitte Buffalos.
Personlegdommen
kom likevel fram også her, i fargane på gymsokkane. Dei kvite var for eksempel
femi, kan Jan Kjærstad melde på nettsida til Gymsokkens venner. Blå var
klassikaren, og dei brune og raude, det må ha tilsvart militærstøvlar – og
kanskje dagens barføtte.
Uansett,
i eit lite tiår var gymsokkar det einaste som fanst, heilt til ein Judas, ein
gong på 1980-talet stod der med oppumpa Reeboks. Då var det gjort, og taperane
med gymsokkar blei silt ut, ein etter ein.