Når vi
no har læreplanar som har skifta fokus frå kunnskap til kompetanse, har vi gått
frå det konkrete til det diffuse, frå det avgrensa til det grenselause. Det har
gjort norsk undervisingspraksis so mangfaldig at det kollektive
danningsprosjekt har blitt bytta ut med individuell kompetansebygging som ikkje
fungerer som lagbygging, men meir som bunkring av konkurransefortrinn.
For å
forsvare desse spisse påstandane vil eg grave litt i omgrepshistorikk.
Eg skriv
i overskrifta «kunnskapane» og ikkje «kunnskap», av di vi har ikkje berre ein
kunnskapsform. Om vi går tilbake til Aristoteles, skil han mellom tre, i ei
inndeling som er gyldig den dag i dag: Han delte kunnskap inn i tre kategoriar:
- Episteme, den kunnskapen ein kan lesa seg til – altso noko du veit.
- Techne, den kunnskapen som trengs for å få noko gjort – altso noko du kan.
- Fronesis, evna til å bruka det det du veit og det du kan til det beste i konkrete situasjonar – det som ofte vert omsett med praktisk visdom.
Alle
kunnskapsformene har sin eigen logikk og kompleksitet. Episteme er ikkje
berre noko du veit, men det er noko du veit fordi det er formidla til deg
gjennom det symbolinventaret som ligg i språket. Episteme er teiknbasert og
dermed ein kunnskapsform som er knytt til det å vere sosial. Teikna gjer oss i
stand til å forstå ting og samanhengar utan å erfare det direkte gjennom eigen
fysisk erfaring. Episteme handlar om formidling og deling av erfaring, og det
handlar om abstraksjonar og teoridanning som vi bruker til å lage samanheng.
Det seier seg sjølv at denne kunnskapen er dominerande, ja tvert gjennom
definerande for det vi held på med i skulen.
Utan techne
ingen episteme. All formidling er avhengig av eit medium, ein reiskap
for å frakte symbol frå det eine mennesket til det andre. Læringsteknologiane
har kome langt frå tavle og griffel til den blitzkrieg mot sanseapparata våre
som dagens skjermkultur utfører dagleg. For berre få år sidan var det svært
lite teknisk kunne som skulle til for å henge med i undervising, medan det i
dag kanskje vert via meir merksemd til forma enn kva epistemisk
kunnskap vi faktisk tileignar oss.
Det å kunne
har blitt erstatta med å finne, og konkret kunnskap blir sett på som
annanrangs i møte med den o, så opphøide metakunnskap. Vi er
avhengig av det tekniske for å kunne lære, men det har skjedd eit skifte der vi
no har eit sterkt kollektivt trykk på kva reiskap vi skal bruke, medan kva
kunnskap vi bruker i skulen har blitt temmeleg individualisert og viska ut frå
fellesagendaen.
På toppen
av ein absurd situasjon der metaspråk og teknologi er meir stas enn faktisk
kunnskap har vi eit planverk i skulen med høge ambisjonar om fronesisk
kunnskap, noko vi kan lese ut av kompetanseomgrepet slik det er definert i
læreplanen: «Kompetanse er å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper
og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente
sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til
refleksjon og kritisk tenkning.»
Instrumentell definisjon
Med eit humanistisk perspektiv på det heile blir denne
definisjonen diverre altfor instrumentell, den legg med verba «tilegne» og
«anvende» vekt på kompetansen sin bruksverdi, i mindre grad på at den
kunnskapen vi tileigner oss utvikler oss på eit djupare plan. Kunnskap som handlar om å vere
meir enn å handle. Med gjeldande læreplan vart «gagns menneske» brent på
bålet, og ut av asken vart det raka ein grå visjon om eit kompetent menneske
som er klar til å hevde seg i «kompetisjonen».
Eg spurte
sjølv ein fagansvarleg i Udir under Fagfornyinga om kvifor ikkje sosiale og
emosjonelle kompetansar var inkluderte i kompetanseomgrepet og fekk svaret at
desse kompetansane er for lite målbare’. At noko er målevenleg skal dermed vere
avgjerande for om det kjem med i det viktigaste omgrepet i planverket. Skal ein
operere med skrinne modellar av danningsprosjektet grunna vanskar med måling? I
ei menneskeleg verd kan vi arbeide med det menneskelege utan å ha målingar som
sluttprodukt. Kva er eit godt og klokt menneske?
I staden for
det som kunne ha blitt ein rekultivering av tradisjonen og læreplanen, fekk vi
med Kunnskapsløftet ein avkultivering, der alt snakk om «danning» eigentleg er
tomsnakk, i beste fall ekko frå eit humanistisk skrik om hjelp. Optimistane
tenkte nok at om vi knuste kanon, fekk vi ein «ground zero» til å bygge ein
skule og eit samfunn på konseptet «medborgarskap», men til og med desse har nok
kilt fast ein og annan skjeggstubb i postkassa. Det gamle danningsprosjektet
forsvann då Kunnskapsløftet kom, utan at vi har samla oss om eit nytt. Eit
konkret døme på dette forfallet er polarisering i politiske syn, der ekstreme
synspunkt bygd på tynne argument og lite kunnskap har blitt både normalisert og
akseptert.
Lars
Løvlie har i teksten «Det nye pedagogikkfaget» ein fortent velkjent vinkling på
skulen sitt danningsprosjekt, som strålar i gyldigheit sjølv tjue år etter at
han skreiv det:
«Tilegnelsen av kulturarven kan nå oppfattes på to måter.
Den ene er tradisjonelt hermeneutisk og sosial, det å tolke og tilegne seg
tradisjonens «egentlige» mening gjennom dens tekster, bilder og vaner. Det er
aspektet innvielse. Den andre måten er å rekonstruere innholdet i tradisjonen
gjennom våre erfaringer med den. Det er den poetiske, det vil si skapende
tilegnelsen av fortiden gjennom vår egen tids temperament og deltakelse. Det er aspektet resepsjon, der
danning består i studentens aktive rekonstruksjon av faget gjennom innsikt og
nyskaping.»
Om vi
verkeleg meiner alvor med danningsprosjektet, må vi ta makta tilbake frå ein
galopperande teknologi og ein språkbruk som ikkje anerkjenner djupna i det
menneskelege vi kan utvikle i skulen.
Eg har,
som mange andre lærarar, blitt avstumpa og nummen etter mange år med det nye
styringsspråket, og har kanskje innfunne meg med det som ein slags normal. Ein
må til ein viss grad vere nummen og gjere gode miner til slett læreplanspel i
kvardagen for å fungere, men av og til må ein likevel stoppe opp og gjere opp
litt rekneskap.
Læreplanspråket skaper avstand
I
rekneskapen mitt er eg overtydd om at det språket vi møter i læreplanane er
meir eigna til å skape distanse enn nærleik, og at vi snart treng eit omskifte
der vi revitaliserer språket. Akkurat som i en berømt sketsj av Atle Antonsen
og Harald Eia er det rett før vi på øydelagt dansk roper «Men vi kan jo ikke
lenger forstå hinanden!»
Språket
som har enda opp med å bli terminologi i læreplanen, er jo forståeleg for oss lærarar
slik at vi kan konvertere det til undervisning, men det er for tungt for dei
som er utanfor denne overutdanna «folden». I ein vanleg skuleklasse er
planspråket i beste fall forståeleg for dei aller mest fagsterke, medan dei
svakaste skjøner lite. For mine eigne elevar, som i år er minoritetsspråklege
vaksne elevar, har vi det paradokset at hadde dei hatt språkleg kunnskap til å
forstå læreplanane, hadde dei ikkje hatt behov for å ta språkdelen av
norskkurset mitt. Heldigvis lærer eg dei meir menneskevenleg språkkunne enn den
kaudervelsken læreplanane er skrivne i.
For
foreldre og føresette er problematikken enda meir påtrengande, det er dei
færraste som kan gå rett inn i læreplanane og skjønne «ka det går i», som vi
seier i Bergen. Det meiner eg er eit alvorleg brot på ein uskriven
samfunnskontrakt. Frå og med kompetansemålplanane vi fekk i Kunnskapsløftet,
har det «medborgarlege» innblikk i skulen blitt svekka gjennom opprettinga av
eit stammespråk med fokus på kriterier, vurdering og teknologi. Vi har diverre
bygd ein språkleg mur rundt skulen som skjuler korleis vi forvaltar
samfunnsoppdraget vårt. Planane våre gir arbeidstilvisingar utan
innhaldstilvisingar og utan proporsjonar. To ulike lærarar kan med planverket i
ryggen ha praksisar med diametrale motsetjingar mellom kva dei prioriterer og
kva dei marginaliserer.
Klart det
er mange måtar å bli forstandige menneske fulle av «fronesis», med gode
verdiar, kunnskapar og dømmekraft, men mange ting tyder på at vi har spora av.
Om det er slik at språk er makt, er det kanskje på tide å ta språket tilbake,
snakke saman på språk alle skjøner og finne meir felles retning enn det dagens
planar legg opp til. Elevane våre skal som kjent lære å lese, skrive, tale og
rekne.
Vi har
hatt nesten tjue år med korleis dei skal gjere dette. På tide å spørje
oss om kva som bør vere det felles lærestoffet? I Løvlie si
tilnærming til danning handlar det om å setje sin eigen biografi inn i
historia. Kanskje vi då bør kunne vår historie heller enn å kunne google
historiske spørsmål, som om livet var ein quiz der svaret er målet.
Det djupt
personlege vert i Løvlie sin tankegang forma gjennom inderleggjering av det vi
har felles gjennom å lære det og å ta stilling til det. Då får vi ein genuin
individualitet, i staden for at vi som tusenvis av rævediltarar roper i kor «We are all individuals» akkurat som Brian sine disiplar i
«Life of Brian». Ikkje gløym han som ropte «I'm not!»
Referansar