lærer
elever
praktisk
undervisning

Styrka praksiskrav i lærarutdanningane er akademisk risikosport

Debatt: – Om vi prutar på lengda på utdanningane, vil det skade profesjonen sin kamp om styrka anerkjenning og betre løn.

Publisert

Det hjelp lite med relasjonell kompetanse og klasseleiing om vi ikkje har noko fagleg å fare med. Alle som er interesserte i skulen, veit at vi har ei rekrutteringskrise. Denne krisa har vi òg i helsesektoren. Det er for få som vil bli lærarar og sjukepleiarar, og vi har allereie for få som faktisk er det. Helsesektoren er avhengig av ufaglærte for å halde det gåande, og skulane klarer ikkje å fylle krava til bemanning, særleg i utkantane. Det kan vere freistande å leite etter enkle svar.

Kva som har skapt denne krisa og korleis ein kan og bør løyse den, er det delte meiningar om. I mangel av evidens er det mange kanskje her.

  • Kanskje yrka er for lite insta-venlege og i for stor grad retta mot ein omsut for fellesskapet som ikkje er in lenger i ei samtid som set det vellukka og eineståande individet i fokus.
  • Det kan kanskje vere freistande å leggje alt ansvar på ein sjølvdiggande Generasjon Z som ser verda gjennom mobilen, men det er jo urettvist å male ein heil generasjon med breie og svarte penselstrøk.
  • Kanskje det er slik at dei verkeleg har lågare altruisme enn tidlegare generasjonar, ,men om det er slik at dei har svekka tru på fellesskapet og det å gjere noko for andre, er det gjerne vi som har oppdradd og utdanna dei som bør ta mykje av skulda.
  • Kanskje det er lærarane og sjukepleiarane sjølve som er skuld i at tilstrøyminga til yrket er lågt, når dei har vore opne om utfordringane i yrka, og dermed blitt skulda for å nedsnakke yrka.
  • Kanskje har krava til læraren og sjukepleiaren vokse seg so store at dei ikkje går an å handtere gjennom eit heilt yrkesliv.
  • Kanskje er ungdommen som observante at dei har fått dette med seg.
  • Kanskje er løna for låg, arbeidsoppgåvene for mange og tida utilstrekkeleg.
  • Kanskje har kjerneoppdraget drukna i rapportering- og dokumentasjonskrav. Vi snakkar jo sjeldan om innhald og mykje om måling og vurdering.
  • Kanskje redsla for å gjere feil er meir styrande enn gleda ved å gjere det rette.
  • Kanskje profesjonane sjølv mista taket på profesjonsinnhaldet- og utviklinga då politikarane tok til å blande seg inn i kva vi driv med, utan å skjøne kjernen i oppdraget vårt.

Innrettinga på utdanninga

Ein gjengangar i ordskiftet og den verbale krigføringa om manglande rekruttering er innrettinga på utdanningane, der det vert hevda at det er for lite praksis og for mykje røyndomsfjern teori. Eg tviler personleg på at det er grunnen.

Ein luring slo fast i si tid at praksis er ein hån mot teorien. Eg meiner det var Goethe, medan KI meiner det var Arne Næss. Uansett er det ei fin spissformulering om den motstanden som praksis ofte yter mot tenkinga vår og dei fine modellane vi har arbeidd fram ved skjerm og skrivebord.

Teorien knytt til praktiske yrke må stå i eit dialogisk og røyndomsnært forhold til den praksisen den skal førebu til, men om vi vel den vekk i trua på at praksis i seg sjølv er tilstrekkeleg, er vi på ville vegar.

Teori har utan tvil fått eit dårleg rykte og mange trur at alt ordnar seg om vi berre tek vekk teori og køyrer på med meir praksis, som om den er en sjølvberande og utviklande storleik.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har valt denne tilnærminga og vert av Khrono.no sitert slik frå eit intervju i Aftenposten: «Lærerutdanningen er for rigid og akademisk, sier Nordtun» og «Studentene trenger mer kunnskap om relasjoner, klasseledelse og det å jobbe i skolen. Vi trenger tettere kobling mellom studier og praksis, sier Aasland».

Noko var betre før

Alt var ikkje betre før, men vi hadde ei innretting i utdanningane som gjorde at vi enda opp med ulik kompetanse i ulike skuleslag. Eg trur det var av det gode, og at vi kan lære mykje av den praksisen vi faktisk hadde.

I barneskulen var dei fleste då allmennlærarar og kunne undervise i mange fag.

I ungdomsskulen hadde vi ei blanding av lærarskuleutdanna og lærarar med universitetsutdanning og PPU. Dei hadde meir fagleg tyngde, i færre fag, noko som var i tråd med arbeidskvardagen og ein timeplan med færre fag enn barneskulelæraren.

Vidaregåande skule var dominert av universitetsutdanna, ofte med hovudfag. Det borga for ein fagleg tilknyting der læraridentiteten var nært knytt til spesialkompetanse i eitt fag.

Akkurat som dei ulike skuleslaga hadde sine særdrag, hadde lærarane ein kompetanse knytt til dei.

Med dagens modell som krev masterutdanning for alle, vert sjølvsagt denne harmoniseringa utfordra. Sjølv om lærarutdanningane er delt opp i to, ein utdanning for 1-7. steg, og ein utdanning for 5-10. steg, står likevel kravet til mastergrad der. Om du fell gjennom på masterutdanninga, står du der med ein ufullført grad, stort studielån og skjegget i postkassa.

Masterkravet

Dei to ministrane utelet ikkje å sjå på masterkravet, og eg trur det er lurt. Det burde likevel ikkje bety å korte ned på studiet, i dagens yrkesliv har mastergrad på sett og vis blitt den nye normalen. Lærarutdanninga for barneskule burde ha fem års lengd, og å sløyfe masterdelen vil gje rom til to nye årseiningar i skulefag. Vi ville då fått lærarar som kan undervise i mange fag, slik behovet faktisk er i barneskulen.

I ungdomsskulen og vidaregåande ville det gjerne vere meir naturleg med mastergrad, men her trengs det òg lærarar som kan undervise i mange fag, ein vanleg kombinasjon er til dømes norsk, samfunnsfag, Krle og arbeidslivsfag. Eit ufråvikeleg masterkrav fører faktisk til at lærarar må undervise i fag dei ikkje har kompetanse i. Eg sjølv har til dømes undervist i religion i over tjue år utan eit einaste studiepoeng i religionsvitskap eller kristendomskunnskap. Kanskje autodidaktikken vart til gull nokre gonger, men eg skal love at det har vore ein del gråstein òg.

I vidaregåande er det sjølvsagt å halde på kravet til mastergrad. Elevane nyt der godt av lærarar med den breidde og djupne i faget som ein mastergrad gjev. 

Utdanningane må gjenspegle den praksis dei førebur studentane for. Om vi prutar på lengda på utdanningane, vil det berre skade profesjonen sin kamp om styrka anerkjenning og betre løn. Eg er samd med statsrådane om at vi må sjå på innhaldet i utdanningane og forholdet mellom teori og praksis. Dette forholdet er, som eg har vist til, ikkje det same i alle skuleslag.

 Å av-teoretisere alle skuleslag er eit stort feilsteg. Vi skal gje elevane kunnskap og verktøy for å forstå seg sjølv og verda, og kunnskapen og verktøya sit mellom øyrene. Teori er brillene våre for å skjøne, granske og systematisere empiri. Praksis kan ikkje bli forstått utan rette briller. Er det slik at vi må svekke teorien for å få lærarstudentar, kan vi òg risikere å ende opp med ein lærargenerasjon som er langt mindre reflekterande og kunnskapsrik enn tidlegare generasjonar.

Då kan vi ende opp med ein ganske tafatt, svak og kjip lærarprofesjon i ein stadig dårlegare skule. Klasserom fylte av kunnskapstomme lærarar, men hei: knallgode på klasseleiing, henging med kidsa og dokumentasjonskrav! Følg dei gjerne på TikTok.

Powered by Labrador CMS