lesing barnehage språk språkstimulering bok
Borna må få møte og utvikle sitt eige språk i barnehagen, meiner Peder Lofsnes Hauge.

Noregs Mållag er misnøgde med språkopplæringa i barnehagen

Språkstimulering på bokmål er noko anna enn språkstimulering på nynorsk. Rammeplanen tek ikkje høgd for det, hevder Peder Lofsnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Publisert Sist oppdatert

Norges Mållag ber dei politiske partia om å hugse nynorsken når dei no meislar ut politikken dei skal gå til val på i 2025.

Peder Lofsnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, presenterer fem krav til styrking av nynorsken. Eit av dei er at lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar. Han er oppteken av at lærarane sine norskkunnskapar er avgjerande for god norskundervisning.

I kravlista heiter det: «Dei ulike lærar- og lektorutdanningane må sikre at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk. Denne kompetansen må stå på vitnemålet. Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk.»

Barnehagelærarar er nemnde spesielt.

«Barnehagelærarutdanninga må gjere barnehagelærarane i stand til å førebu borna på å verte nynorskelevar. Borna må få møte og utvikle språket sitt i barnehagen. Språkstimulering på bokmål er noko anna enn språkstimulering på nynorsk, det tek ikkje dagens rammeplan høgd for», heiter det.

Hauge meiner barnehagelærar- og lærarutdanningane må sørgje for kompetente lærarar som lèt alle ungar møte nynorsk frå barnehagen og ut heile skuleløpet.

Smutthol i lova

I tillegg til å stille krav til lærarutdanningane, lister Norges Mållag opp fire andre krav.

Første forslag er ei grunnlovsfesting av at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk etter Grunnlova. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status, meiner Hauge.

Han vil og halde på sidemålsordninga, som han meiner er ryggrada i å sikre nynorskbrukarane sine språklege rettar. Obligatorisk skriftleg opplæring på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring skal synleggjerast på vitnemålet.

Den nye opplæringslova får kritikk for å oppretthalde eit kunstig skilje mellom «læremiddel» og «læringsressursar». Hauge meiner det får produsentane til å nytte eit smutthol i lova som gjer at dei ikkje har nynorskversjon. Noregs Mållag frykter at den nye opplæringslova kan føre til ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane. Ønsket er at Stortinget skal sørgje for endring av lova.

Eit siste punkt omhandlar nynorsk litteratur. Noregs Mållag viser til at det stadig kjem nye gode nynorske forfattarar. For å gjere litteraturen tilgjengeleg, krevst det stønadsordningar, lov og løyving over statsbudsjettet som tek omsyn til at nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, heiter det.

 

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS