Vi må styrkje lærarane sin ytringsfridom

Debatt: Som lærarstudent har eg undra mykje over kvifor det ikkje er fleire lærarar som ytrar seg i debattar som omhandlar utfordringar i skulen.

Publisert

Eg synast det er viktig at lærarar kan ytre seg om korleis undervisninga kan bli betre, og korleis skulen kan styrast betre. Som lærarstudent har eg undra mykje over kvifor det ikkje er fleire lærarar som ytrar seg i debattar som omhandlar utfordringar i skulen. Det er nokre lærarar som uttalar seg, men ein ser ofte at det er dei same namna som går att. Kvifor er det slik?

Ytringsfridom er eit viktig prinsipp i det norske samfunnet. Det er ein grunnleggjande menneskerettigheit som er nedfelt i Grunnlova. Likevel er det slik at svært få lærarar tør å ytre seg, spesielt når det gjeld kritikkverdige forhald og utfordringar i skulen. I ei undersøking gjennomført av Norsk Lektorlag[1] i 2011 kom det fram at berre 13,6% er einige i at dei fritt kan uttale seg til journalistar om korleis dei vurderer forhald ved sin skule. Dette synast eg er urovekkjande få og noko vi bør prøve å endre.

Det at det berre er nokre få stemmer vi høyrer i skuledebatten, kan føre til at debatten blir mindre nyansert og sentrale synspunkt bleiknar. Sidan det er lærarane som kjenner skulekvardagen best, er det ikkje då viktig at dei òg har ei stemme i debatten? Eg tenkjer at det er lærarane som har størst innsikt i kva som fungerer og ikkje fungerer i skulen og klasserommet. Det er dei som ser og står ovanfor utfordringane i skulen og er difor ei viktig stemme som må lyttast til i debatten, men det er då viktig at det òg er trygt for dei å ytre seg.

I dag er det mange som kvir seg for å uttale seg i frykt for negative konsekvensar. Vi såg jo korleis det gjekk for nokre år sidan då Simon Malkenes[2] fortalde om ein uroleg skuletime på Dagsnytt 18. Det førte til at leiinga i Oslo-skulen kalla han illojal, og det blei ein stor debatt om lærarar sin rett til å uttrykkje seg kritisk om forhald på arbeidsplassen. Det skal ikkje vere slik at ytringsfridomen blir knebla ved negative konsekvensar og sanksjonar på arbeidsplassen.

I tillegg er det utfordrande med den kulturen eller ukulturen som finnast i kommentarfelta i dag. Det har blitt slik at ein nesten må forvente hets og trugslar på nett om ein uttalar seg om noko. I dagens samfunn har dei fleste ei meining om det meste og terskelen er høg når det gjeld å vere ueinige. Dette er i utgangspunktet bra, men når det resulterer i stygge usaklege kommentarar, meiner eg at det går over streken. Mange vel å ikkje ytre seg nettopp grunna dette. Ein ynskjer ikkje drapstrugslar og personangrep fordi ein ytrar ei meining om ei viktig sak.

Vi må altså gjere meir for at det skal vere trygt for lærarar å ytre seg i skuledebatten. Dette gjeld ikkje berre for leiinga ved skulen, men òg vi som samfunn og fellesskap. Det er lærarane som opplev og har innsikt i skulen, og dei har difor ei viktig stemme som bør verdsetjast og lyttast til. Dette ynskjer eg båe for mi eiga framtid som lærar, men òg med tanke på elevane si framtid. Vi vil vel alle det same? Skape ein best mogleg skule for barna og gi dei ei god framtid? Kvifor skal vi ikkje lytte til og stole på dei som brukar store delar av dagen med barna?

[1] Lektorlaget (2011): Ytringsfrihet i skolen – rom for forbedring. Norsk lektorlag, 26.05.2011

[2] Marianne Ruud (2020): To år er gått siden Malkenes fortalte om en urolig skoletime i Dagsnytt 18: Nå kommer endringene i Oslo-skolen. Utdanningsnytt, 05.03.2020

Powered by Labrador CMS