De syv søstre.

Ja til nynorsk i Nordland

Debatt: – Å fjerne nynorskopplæringa er i beste fall å gjere ungdommen ei bjørneteneste.

Publisert Sist oppdatert

 Fylkeskommunen i Nordland vil søke Utdanningsdirektoratet om å få prøve ut ei ordning med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen. Bakgrunnen for søknaden er fylkesrådet i Nordland si innstilling til vedtak som fekk fleirtal i fylkestinget. Er dette ein hemnaksjon over at nynorsken sin far, Ivar Aasen, i si tid var nådelaus i si skildring av fylket vårt? Aasen var første gong i Nordland hausten 1846 og skriv i dagboka si at «Bredderne af Vefsenfjorden ere hæslige og for en stor Deel ubestigelige. Fjeldrækken De syv Søstre er skrækkelig».

Fylkesrådet meiner nok ikkje å hemne seg på Aasen, men argumenterer med at få elevar i fylket har nynorsk som hovudmål, og at valfritt sidemål kan vere med på å motverke fråfall frå vidaregåande skole. Desse argumenta er syltynne. Hovudvekta av norsk ungdom har allereie bokmål som hovudmål, dette er ikkje eit nordlandsfenomen. I høve til fråfall er det heller ikkje særleg truleg at det nett er nynorsken som er syndaren. Fylkesrådet bør heller vurdere korleis ein kan ta vare på tilbodsstrukturen i fylket for å unngå ein hærskare av hybelungdom vi faktisk veit er sårbare med tanke på fråfall.

Kritisk Språkråd

I kva grad valfritt sidemål vil vere ei forsøksordning eller eit spørsmål om fritak har allereie blitt problematisert av direktøren for Språkrådet, Åse Wetås. Språkrådet meiner at søknaden frå Nordland fylkeskommune om å gjera halve norskfaget valfritt, har særs tynt fagleg grunnlag, og at prosjektet fører til ei svekking av elevrettane. Vi støttar kritikken Wetås reiser i sin heilskap og meiner at Utdanningsdirektoratet bør avvise søknaden.

Skriftkulturen i Nordland har historisk sett vore sterkt prega av landsmål og nynorsk. Nordnorske dialektar har stor likskap til nynorsk skriftspråk, avstanden til bokmål er større. Å lære nynorsk i skulen gjer det mogleg å reflektere over språkleg mangfald på ein heilt unik måte, og den norske skriftspråkssituasjonen er i seg sjølv ei didaktisk gullgruve. Ei styrking av nynorskopplæringa i skulen og i lærarutdanninga vil såleis vere eit viktig bidrag til (i slike KI-tider) å utvikle eit sårt tiltrengt språkleg medvit hos unge menneske. Å fjerne nynorskopplæringa er i beste fall å gjere ungdommen ei bjørneteneste.

Nynorsk i lærarutdanninga

Sett bort frå dei generelle manglane i fylkesrådet sin søknad om valfritt sidemål, er det òg ei utfordring spesifikt knytt til lærarutdanninga. Ettersom ei lærarutdanning sjølvsagt må vere nasjonal og ikkje regional, er det naudsynt at alle kandidatar har kompetanse til å undervise ved alle norske skular, òg skular der nynorsk er hovudmål. Dei er det enno mange av, om enn ikkje i Nordland. Det er heller ikkje mogleg å velje bort nynorsk frå norskfaget i lærarutdanninga, dette bør også Utdanningsdirektoratet ha i mente når dei skal ta stilling til søknaden frå Fylkesrådet.

Søkinga til lærarutdanninga har vore kritisk låg i mange år, og vi har etter fleire år med «mattekraveffekten» erfart at færre og færre har valt å bli norsklærarar. Sidan mattekravet vart oppheva, trur vi atter på ein oppsving for norskfaget. Overvekta av studentane som tar lærarutdanning i Nordland fylke kjem også frå Nordland, men vil det så seie at dei ikkje vil velje norskfaget sidan dei då ikkje kan velje bort nynorsk? Kven skal då lære ungane våre opp i norskfaget i framtida?

Allereie i dag må vi som underviser i lærarutdanninga gjere mange grep for å få opp den generelle nynorskkompetansen hos studentane. Dersom dette fritaket blir ein realitet, må anten lærarutdanninga skjerpe opptakskrava, eller så må opplæringa som skulle vore gjort i vidaregåande skule til dømes leggjast om til obligatoriske forkurs. Dette krev ressursar vi ikkje ser er moglege å oppdrive i ein allereie hardt økonomisk pressa sektor, så spørsmålet er om Nordland har råd til å tape fleire framtidige norsklærarar?

  • Kurt-Are Einmo, stipendiat
  • Kathrine Fosshei, førstelektor
  • Claude Goffeney, universitetslektor
  • Hallvard Kjelen, professor
  • Jenny Myklebust, lærar KVN
  • Renate K. Nordnes, universitetslektor
  • Berit Oksfjellelev, stipendiat
  • Anne-Lise Wie, førstelektor
Powered by Labrador CMS