Ei blanding av bokmål og nynorsk er trass alt betre enn berre bokmål
Debatt: Elevane skal møte og lære både bokmål og nynorsk, og meir eksponering vil auke forståinga og betre haldningane til det minst brukte språket.
Regjeringa ville at fylkeskommunane skulle påleggje lærarar i vidaregåande opplæring kva språk dei skulle drive opplæring på. No er endringa sett på pause, og lærarane kan halde fram med å bestemme sjølve. Det er bra for nynorsken veldig mange stader.
Etter den nye opplæringslova som trer i kraft 1. august, skal alle fylkeskommunar vedta om opplæringsspråket er bokmål eller nynorsk. Dette er lovteksten som påverkar kva språk det er læraren skal bruke i klasserommet. Med andre ord, kva språk eleven møter mest i klasserommet. Nyleg kom forskrifta til lova.
Der skriv departementet at fylkeskommunane ikkje treng å rette seg etter paragrafen om opplæringsspråk før i 2026. Altså får ein halde fram med den same språklege styringa av vidaregåande skule som den vi er kjende med frå før.
Det gjev oss til tid til å arbeide politisk for å endre lova. Det er vanskeleg å lese dette på nokon annan måte enn at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ser at endringa kom brått, umotivert og utan at styresmaktene såg konsekvensane. I Vestland har lovendringa skapt bølgjer. Det har vore politisk umogleg for fylkestinget å vedta nynorsk som opplæringsspråk for dei vidaregåande skulane i Bergen, men like fullt vanskeleg å gå for bokmål.
Vestland er eit nynorskfylke, og det bur og arbeider mange lærarar i Bergen som i dag skriv nynorsk på tavla og i kommunikasjon med elevar og føresette. Det er viktig for både nynorskelevane og bokmålselevane i Bergen at dei får sjå og møte nynorsk i løpet av skulekvardagen.
Dersom alle lærarane i bergensskulen hadde blitt tvinga til å undervise på bokmål, ville dei vidaregåande skulane i Bergen blitt kjemisk frie for nynorsk.
Slike konsekvensar kan ein sjå for seg også i andre fylke, og det er bra at styresmaktene no langt på veg gjev Noregs Mållag rett. Lova bør vere som i dag:
Lærarane i den vidaregåande skulen bør sjølve få velje om dei vil undervise på nynorsk eller bokmål. Det beste ville sjølvsagt vore om alle brukte nynorsk. Elevane skal møte og lære både bokmål og nynorsk, og meir eksponering vil auke forståinga og betre haldningane til det minst brukte språket.
Lærarane skal vere kvalifiserte til å drive opplæring i og på nynorsk. Men dersom bokmål blir valt, vil mange elevar risikere å møte mindre nynorsk. Det går ikkje. Difor
er det bra Kari Nessa Nordtun set saka på vent. Eg trur ho brukar pausen godt, og endrar lova tilbake til slik ho var. Ei blanding av bokmål og nynorsk er trass alt betre enn berre bokmål.