La profesjonen vår få ta oss av skule og læring

Debatt: – Etter å ha lese «Skjerm barna» av Maja Lunde, er hovudkjensla mi at ho ikkje veit kva vi gjer i skulen.

Publisert

Etter å ha brukt første helga etter ferien på å lese «Skjerm barna» av Maja Lunde, sit eg igjen med litt tankar. Sidan eg er mor til barn fødd i 2009, 2011 og 2014, lærar/avdelingsleiar på 1:1 skule, samt varastyremedlem i Barnevakten, har eg lese ut frå ulike synsvinklar. 

Mykje er eg einig i, spesielt når det gjeld skjermtid, sosiale medium og aldersgrenser. Det er når det kjem til skule at ulikskapane kjem fram. Forslaget hennar til løysing er på mange måtar det vi allereie gjer, så hovudkjensla mi er at ho faktisk ikkje veit kva vi gjer i skulen.

Dette er ikkje den første Maja Lunde-boka eg har lese. Dei andre bøkene har til felles at dei tar opp eit viktig tema rundt menneska sin eksistens, og drar fiksjonen i retning dommedag. Denne sjangeren er ho god på, og denne boka held fram i same stil. Med eigne barn står vi i daglege kampar om skjermtid, aldersgrenser og sosiale medium. Vi er stadig vekk verdas verste foreldre, men likevel kjenner eg meg ikkje igjen i dommedagsstempelet om dagens barndom.

Mykje er eg einig i:

  1. Eg er uroa. Fri skjermtid og sosiale medium gir uante konsekvensar for oss alle. Barn (og vaksne) får tilgang til mykje dei ikkje har kompetanse til å takle. I skulen ser vi auka ekstremisme, dårleg språkbruk, endra normalitet og mobbing/utestenging på nett. Mykje av dette må handterast på skulen, men skjer heime på private dingsar.
  2. Vi må ta innover oss at det både har vore og er mykje dårleg bruk av digitale verktøy. Det er mange som har digitalisert på feil grunnlag. Vi må lære av dei som har klart det, heller enn å kutte det digitale. Foreldre som lurer på kvifor og korleis barna brukar digitale verktøy, har rett på eit svar. Har du som lærar/skuleleiar ikkje eit godt svar på dine pedagogiske val, så har du ein jobb å gjere!
  3. Vi treng ein viss regulering av skulen sine digitale einingar. Men her er ein viktig og vanskeleg balanse. Elevane må også etter kvart lære å regulere seg sjølv. Uansett kor mange filter og blokker vi legg inn, klarer nokon å snike seg rundt. Når det gjeld å ta vekk distraksjonar, meiner eg at vi heller må øve opp kognitiv kondis. Vi må øve på å stå i problem/oppgåver/tekstar utan å bli distrahert. Vaksengenerasjonen er eit godt døme på at det ikkje er vellukka å forvente at ein skal lære seg dette sjølv.
  4. Ja til leik og leseglede i skulen! Det er ingen motsetning mellom bruk av digitale verktøy og leseglede. Elevane kan faktisk både leike og lese i bøker samstundes som dei har tilgang til digitale verktøy. 

Så til der eg er grunnleggande ueinig, skulen. Her kunne eg skrive ei heil bok i motsvar, men skal halde det kort.

  1. Digital kompetanse. Her er litt forvirra om kva Maja Lunde eigentleg meiner. I starten av boka verkar det som ho meiner, som Gaute Brochmann, at digital kompetanse er å kunne trykke på og bruke ein digital dings. På slutten skriv ho at det å vite når ein ikkje skal bruke det digitale, er ein del av digital kompetanse. Eg støttar meir denne siste og meiner i tillegg at kritisk tenking og digital dømmekraft er særs viktig i digital kompetanse. Dette må øvast opp. 
  2. Digitale verktøy har kome for å bli fordi det er ein viktig del av lærarane si verktøykasse. Ein brukar digitale verktøy for å lære fag. Powerpoint blir ikkje brukt i staden for å lage kunst i kunst og handverk, men for å lære i fag. Vi lagar Powerpoint, podkast, teikneserie, veggavis, film, multimodale tekstar og liknande for å lære fag. 
    Fokuset er på kva ein skal lære, ikkje kva ein skal gjere. Eg vil påstå at å lage eit kreativt produkt om Sokrates vil gi meir kunnskap enn den tradisjonelle framgangsmåten, å lese ein tekst og svare på spørsmål. Dette siste er ein lesestrategi for skumlesing eller «leit og les», der ein finn informasjon og skriv informasjon – og ikkje ein god læringsstrategi. Ved å bruke informasjon aktivt gjer ein denne om til kunnskap.
  3. Eit lite punkt om det digitale klasserommet må med. Vi har aldri hatt så mykje diskusjon, samarbeid og klasseromssamtale som etter elevane fekk 1:1-dekning med digitale dingsar. Lunde skildrar i boka si eit idealisert klasserom med bøker opp mot eit digitalt klasserom der alt går skeis. La meg berre seie at det er vel så mange distraksjonar i det analoge klasserommet (og dei lagar ofte meir lyd). Eg gir gjerne eit heilt motsett døme om før og no når eg held foredrag. 
  4. Lunde skriv i boka at det at ein eller to treng digital støtte grunna diagnosar ikkje rettferdiggjer at alle må få skjerm. For det første meiner eg at alle profitterer på god bruk av digitale verktøy, og for det andre meiner eg at inkludering er viktig. Utan digitale verktøy, ingen inkludering. Og er vi ikkje opptekne av personvernet til denne elevgruppa? Å dele ut PC til enkeltelevar må jo gå mot viktige personvernomsyn? Diagnosar er noko av det vi skal verne ekstra om.

 Så Maja Lunde, slå meg så hardt du vil! Eg meiner digitale verktøy er kome for å bli, fordi vi treng dei i vår digitale verktøykasse for å lære fag. Heimebruk og bruk på skulen er to ulike ting. Kampen for fritida, for aldersgrenser på sosiale medium samt skjermtid er det viktig at vi tar på alvor og at vi står saman om, men ver så snill – la profesjonen vår få ta oss av det vi er best på, nemleg skule og læring. 

Powered by Labrador CMS