Framtidas fellesskule, ei felles framtidig skulefelle
Debatt: «Eksamen er elefanten som alle er samde om skal vere i rommet.»
Under førre regjering vart det ein ståande vits at dei sette ned nye komitear og ekspertgrupper raskare enn det var råd å lese rapportane deira. Det var og slåande at lærarane gjennomgåande ikkje var representerte i desse tekstfabrikkane. Viktige avgjerder og føringar om kva ein stor og viktig profesjon skal gjere, vart utan skamkjensle gjennomført av presumptivt skrive- og tenkjeføre folk utan særleg undervisingserfaring.
Med ny regjering var det von om nye takter, men førebels har det vore ganske taktlaust. Vi fekk ei stor og mangfaldig evaluering av Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, leia av professor Tine Sophie Prøitz. Denne evalueringa vert knapt diskutert, ut over at nasjonale prøver sannsynlegvis står for fall. Allereie før evalueringa er drøfta i Stortinget, er kunnskapsministeren ute og fredar eksamen, som er sjølve omdreiingspunktet for heile kvalitetsvurderingssystemet.
Eksamen er elefanten som alle er samde om skal vere i rommet. Vi må leve vidare med at ein dags kaldsveitte formelt skal telje like mykje som mange år med systematisk arbeid for ein standpunktkarakter. Vel. Dei fleste som hadde von om endringar av Kvalitetsvurderingssystemet har nok resignert no, og innsett at sluttesting frå steinalderen òg blir sluttestinga i framtida.
Nok eit utval
Vi har heldigvis fått nye ting å bli resignert over, slik at det blir litt variasjon. No har det blitt sett ned eit nytt utval som skal sjå på fellesskulen sin moglege skjebne i framtida. Utvalet kunne person for person vore forma av ei Solberg eller til og med Listhaug-regjering. Lærarrepresentasjonen er som vi er vant med, heilt på lågmål. Det næraste vi kjem er ein som var rektor i mange år før han starta eigen business, og ein tidlegare fotballspelar som i det minste ser ein lærar eller to til kvardags, i jobben som miljøarbeidar.
Elles er utvalet akademisk framtungt med nokre professorar frå lærarutdanningar, ein økonom og ein direktør frå Skanska Norge. Næringslivet er verdig eit sete i utvikling av framtidas skule, men lærarane ikkje. Til sist vil eg nemne ein ny paveven, Aslak Sira Myhre. Gudane veit kva ein nasjonalbibliotekar kan tilby av vyar for framtidas fellesskule. Kanskje paven kviskra han det i øyret.
Det største resignasjonpunktet er val av leiar for dette utvalet. Sjå det, der fann eg på eit nytt ord. Det er ingen kven som helst som skal leie dette rådet av lærde. Bjørn Haugstad er i motsetning til dei fleste andre i utvalet, kjend for retoriske hjørnetenner og pondus i alle posisjonar han har vore i. Relevant å nemne her er Kjell Magne Bondeviks si andre regjering, der han frå november 2001 til november 2005 var statssekretær for Kristin Clemet i Utdannings- og forskingsdepartementet.
Spol so fram nokre år.
For den som huskar tilbake til Torbjørn Røe Isaksen si tid, kan eg minne om at i oktober 2013 vart Haugstad statssekretær for han. Det var han til februar 2018, då han gjekk tilbake til stillinga som ekspedisjonssjef. Han sto til tider fram som Isaksen sin veskeberar, men i røyndomen trur eg at han var både superstrateg, inspirator og mentor for unge Isaksen. Haugstad er ein bulldog av ein retorikar, og det meiner som eg ein kompliment, men eg tykkjer ikkje han er rett person som leiar av dette utvalet. Den pragmatikken han representerer, gjer seg betre på andre område, og i ein annan politisk leir.
Er utvalet blitt slik for å ikkje avle for mykje motstand frå høgresida? Det er lov å spekulere. Vi har jo akkurat sett at regjeringa sine idear om ein meir praktisk skule gjekk til pisis i handsaminga i stortinget. Kanskje regjeringa vil unngå fleire ideologiske møter med veggen. I det perspektivet har dei sikkert gjort ein strålande jobb med dette utvalet.
Heia fellesskulen. Prosjektet som er for viktig til at læraren får eit ord med i laget. Kvar er barnehagelæraren og barneskulelæraren som ser dei yngste i augene kvar dag? Kvar er ungdomsskulelæraren som arbeider med dei i den mest krevjande formative fasen av alle, puberteten? Kvar er læraren frå vidaregåande, som skal gjere siste innsats før elevane vert sortert vidare til yrkesliv eller fleire år i høgare utdanning? Desse personane som jobbar kvar dag med å lære elevar å lese og skrive kan å lese og skrive sjølv òg. Kors på halsen!
Dei som skulle ha vore med
Lista over gode kandidatar som skulle ha vore med i ei gruppe for å greie ut fellesskulen si framtid er lengre enn lesaren sitt tolmod, eg kan ramse opp nokre frå denne boka som Brenna regisserte, men og nokre andre som er vel so kvalifiserte. Under Tonje Brenna si tid som kunnskapsminister vart det samla ein antologi med tekstar av sterke hjarter og hovud. Ingen frå denne lista er med. Eg nemner:
- Gunn Imsen, professor emerita. Ho skreiv den beste og mest kjende og sikkert mest lesne boka i norsk pedagogikk, «Elevens verden». Med ho på laget ville ein vore sikra eit heilskapssyn på eleven og kva fellesskulen si rolle skal vere.
- Lars Løvlie, professor emeritus i pedagogisk filosofi ved Institutt for Pedagogikk. Ein akademisk tungvektar frå humaniora som over fleire mannsaldrar har kjempa for danninga sine vilkår i skulen
- Professor Solveig Østrem ved Oslo Met, som over lang tid har advart oss mot å erstatte autentisk menneskeleg samhandling med fastsette program i barnehagen
- Professor i lesevitskap Kjell Lars Berge ved UiO. I fleire tiår har han framheva skulen som arena for øving og førebuing til medborgarskap, samt verdien og funksjonen i å forstå og ta del i skriftkulturen.
- Per Alf Brodal, professor og hjerneforskar. Ein som sit på talmateriale for dei negative konsekvensane av konkurranseskulen og kva den gjer med dei unge si mentale helse.
- Elise Farstad Djupedal, stipendiat i pedagogikk ved NTNU. Ho har rekna seg fram til at grunnskulen har auka i timetal slik at i dag går vi på skule to år meir enn for tjue år sidan, utan at det har styrka trivsel og resultat.
- Kjell Ove Hauge. Rektor ved Kuben videregåande skule. Med han på laget ville vi hatt ein garantist for ein god representasjon for det yrkesfaglege og kontakten med arbeidslivet.
- Simon Malkenes, stipendiat ved NTNU. Skriv doktorgrad om humankapitalomgrepet sin funksjon i skulepolitikken, ein systemkritikar med hjartet på rette staden, som har brukt heile seg som sjetong i spelet om ei meir rettferdig inntaksordning og styrka demokrati i Oslo-skulen.
- Tom Are Trippestad, professor i pedagogikk ved HVL. Skreiv ein doktorgrad på over 400 sider om Gudmund Hernes sitt skuleprosjekt, og har markert seg jamt, kritisk og også humoristisk med bidrag i det offentlege ordskiftet, som til dømes med «Politikerløftet - den nødvendige reformen».
- Professor emeritus Svein Sjøberg, åttiåringen med betre kondis enn deg og meg, som aldri gir seg i å synleggjere både metodiske og demokratiske manglar i bruk av PISA-testing.
Av yngre krefter er det verd å nemne sosiologiprofessor Kristoffer Vogt ved UiB, som har gått i djupna av korleis det er vanleg å bruke statistikk for å få det til å sjå ut som det går langt dårlegare med gutane i utdanningsløpet enn det eigentleg er dekning for.
Lista var lengre enn tenkt, men kunne vore lengre. Fem tilfeldige namn frå denne lista er meir kapable til å gjennomføre utvalsarbeidet om fellesskulen i framtida enn det skulefagleg florlette utvalet som er sett saman. Kanskje dei meiner for mykje. Kanskje dei er for kritiske. Kanskje dei ikkje er villige til å svelge enkle tankar om kva skulen skal handle om. Kanskje dei har for mykje integritet til å gå rett inn i Stockholm-syndromet etter tre rundar rundt bufféen i Udir.
I staden får vi eit utval med heilt marginal kontakt med skulesystemet, leia av ein superbyråkrat med utdanning som siviløkonom og ni(9!) års fartstid som statssekretær i Høgre-regjeringar. Arbeidet er òg for sensibelt til at ein vil ha det forkludra av representantar frå lærarorganisasjonane.
Utfallet er gitt
Eg kan allereie garantere utfallet. Vi får ein fyldig rapport som konserverer den underliggande ideologien som vi har hatt i skulepolitikken i over tjue år. Elevane skal snarast og på rimelegast måte utdannast og finne sin plass i arbeidslivet. For å klare dette må dei bygge konkurransefortrinn, også kalla «kompetanse». Korleis dei har det inni seg, er berre interessant i den grad det hever eller senker konkurranseviljen eller -evna.
Gode arbeidarar og lovlydige forbrukarar, sjå det vil gamle Noreg ha. Eg voner vi ein dag får eit utval for mennesket som skjuler seg bak alle desse dagsverka som skal leggast ned for nasjonens utvikling og suksess. But it is in reality more hanging snore than hope. Gud forby at det skal bli tenkt nye og betre tankar.
For den som framleis heng med, blir slutten eit sitat av nemnde professor Tom Are Trippestad, frå teksten «Politikerløftet – den nødvendige reformen». Noko å tenke over mens vi ventar på fellesskuleløftet:
«Politikken er i krise. Politikerne sliter med lav status og lav troverdighet. Selv statsministeren har lav lønn sammenlignet med andre ledere i staten. De smarteste velger ikke lenger politikk. Man trenger ikke konkurrere eller ha gode karakterer for å få politiske verv. Norske politikere bruker mer penger per velger enn politikere i mange andre land og viser liten evne til omstilling. Norske politikere er teorinære men praksisfjerne og lite profesjonsrettede.
Så når vi nå har hatt kunnskapsløftet, lærerløftet, yrkesfaglærerløftet, eldreløftet og helseløftet; er det ikke nå også på tide å reise debatten om et politikerløft, - og allerede nå sette av en politikermilliard til dette løftet!»