Pål Julius Skogholt (SV).
Foto: Rune Stoltz Bertinussen
Vil gi barnehagelærarar i Tromsø masterlønn
Barnehagelærarar i Tromsø skal få ei ordning med kompetanselønn, lovar lokalpartia for Arbeidarpartiet, SV og Frp.
Stadig fleire barnehagelærarar har mastergrad. Men mange stader får dei verken løn eller arbeidsoppgåver som står til utdanninga. Det ønsker lokalpolitikarar i Tromsø å gjere noko med. Der tar representantar for SV, Arbeiderpariet og Frp til orde for at barnehagelærarar med master skal få lønn for kompetansen, på lik linje med lærarar i skolen.
Pål Julius
Skogholt frå SV leier oppvekst- og utdanningsutvalget i kommunen. Han har ikkje ein detaljert plan
for korleis dette bør bli sett i verk. Når
Utdanningsnytt tar kontakt, er han i ferd med å samle fakta for å kunne lage ein slik
plan.
– Men uansett:
Dette er viktig for å sikre kunnskap og kompetanse i barnehagane, så dette skal
vi få til, seier han og får støtte fra varaordførerkandidat for Arbeiderpartiet, Marta Hofsøy:
– Å ikkje gi
barnehagelærarar lønn for kompetanse skaper eit unaturleg skilje mellom skole
og barnehage, seier ho.
Hofsøy er oppteken av at politikarane
ikkje skal leggje seg opp i lønnsforhandlingane mellom arbeidsgivar og
arbeidstakar.
– Men dagens ordning gjer at vi har
minst kompetanse der vi treng det mest. Det passar ikkje saman med slagordet
til Arbeidarpartiet om at vi må tenkje stort om dei små, seier ho, og held fram:
– Det passar heller ikkje med vår
politikk om at kompetanse skal lønne seg. Så dette må vi få til.
Latterleg
Ida Gårdseth Hov, kommunestyrerepresentant for Tromsø Frp, lover også å ta opp saka i med stortingsgruppa til Frp.
– Det er latterleg at vi ikkje har
eit kompetanselønnsystem i barnehagane, seier Hov.
– I alle andre yrke får folk betalt
etter kompetanse. Da er det opplagt at dei må få det I barnehagane også. Jo
meir kompetanse dei tilsette i barnehagane har, jo betre blir det for heile
samfunnet. Barnehagar er dessutan ein stad der dei slit med å halde på og
rekruttere tilsette. Å ikkje betale for kompetanse gjer vondt verre, seier
ho.
Hov meiner ein bør ha eit kompetanselønnsystem i barnehagane for
heile landet.
– Går ikkje det, får vi ordne det
lokalt, seier ho.
Varaordførar Mats Hegg Jacobsen frå
Senterpartiet har ikkje fått med seg diskusjonen om kompetanselønn for
barnehagelærarar før Utdanningsnytt ringjer. Men også han er positiv.
– Kjempespennande, er den spontane
og entusiastiske kommentaren på problemstillinga.
– Vi har problem med å tiltrekke
oss og halde på kompetansen i
barnehagane. Da er jo dette svært spennande tankar. Det er dessutan eit tiltak
som høver svært bra for lokal gjennomføring, seier Mats Hegg Jacobsen.
Representantar frå Høgre og Raudt
har ikkje villa uttale seg til Utdanningsnytt om saka.
Høgre fram
Prognosane seier at Høgre vil gå
kraftig fram ved kommunevalet i Tromsø i haust. Difor er det ikkje sikkert at
dei fire partia som tydeleg seier at dei er positive til kompetanselønn etter
valet, aleine kan innføre eit kompetanselønnssystem for barnehagelærarar.
Gøril Nordmo, nestleiar i UDF Tromsø,
er likevel optimist. Ho viser blant anna til eit møte lokallaget hadde med
politikarar frå dei fleste partia. Her vekte kravet om kompetanselønn i
barnehagen positiv interesse frå fleire deltakarar.
– Eg trur difor eit fleirtal vil gå inn for dette,
seier ho.
Nordmo fortel at Tromsø kommune nå
vurderer å gjere alle barnehagelærarstillingar om til stillingar som pedagogisk leiar. Det vil gi barnehagelærarar som ikkje har slik stilling i dag
leiarstilling og lønn for det. Framlegget er eit tiltak for å stabilisere og
rekruttere til bemanninga av
barnehagelærarar.
– Vi tilrår heller å bruke det
dette vil koste på kompetanselønn, seier Nordmo.
Ho meiner det vil gi større
effekt.
Tar masteren med ut av barnehagen
Kravet om
kompetanselønn var oppe på fleire av fylkesårsmøta i Utdanningsforbundet i vår.
Ei av dei som tok opp dette, var Beate Louise Lund på årsmøtet i Utdanningsforbundet Vestfold. Ho
brukte seg sjølv som døme på ein barnehagelærar som tok mastergraden i
barnehagepedagogikk med seg ut av barnehagen for å få lønn for utdanninga. Ho
er i dag barnehagefagleg rådgivar i Horten kommune.
I ein epost
til Utdanningsnytt seier ho at lokallaget ikkje har reist krav om dette til
lokalpolitikarane i Horten. Ho meiner det er viktig at det blir gjort noe med
dette sentralt fordi lønn etter kompetanse bør gjelde alle barnehagelærarar med
vidareutdanning. Dessutan bør målet frå sentrale styremakter om meir kompetanse
i barnehagane bli følgt opp sentralt.
Utdanningsforbundet Tromsø vil likevel jobbe for ei lokal ordning.
– Eg forstår
argumentasjonen om ei sentral løysing. Men krisa er her nå! Vi
kan ikkje vente med tiltak for å betre bemanninga i barnehagane. Så da brukar
vi lokalvalkampen for å få fram saka, seier Gøril Nordmo i UDF Tromsø.