Katrine Aursand, leiar i Utdanningsforbundet Tromsø.

Tromsø: Tør ikkje tru på betre bemanning

Maktkameratane i Tromsø har alle lova betre bemanning i barnehagane. Men Utdanningsforbundets leiar våger ikkje gleda seg for tidleg.

Publisert Sist oppdatert

I Tromsø var det Arbeiderpartiet som blei årets valvinnar. Dei hadde ei fremgang på 5,8 prosent og enda til slutt på 24,7 prosent. Får dei med seg dei gamle kompisane pluss Raudt, har dei knappast mogeleg fleirtal. 

22 er talet som gir fleirtal i Tromsø. I siste periode har Ap, SV, Sp og MDG hatt fleirtal med til saman 23 representantar i kommunestyret. Får dei same partia med seg Raudt denne gongen, blir dei akkurat 22 til saman.

– Så nå skal vi forhandle om plattform, seier Marta Hofsøy, Arbeidarpartiet sin kandidat til varaordførar.

I Tromsø har ikkje Senterpartiet gjort som i Stavanger og lagt ned veto mot å samarbeide med Raudt.

Betre bemanning

I ei rundspørring Utdanningsforbundet i Tromsø gjorde før valet, svara både Ap, SV og Raudt ja på spørsmålet om dei vil jobbe for auka bemanning i barnehagane i Tromsø. (Senterpartiet og MDG svara aldri på spørsmåla fra forbundet.) 

Både Ap og SV skriv i sine partiprogram at dei vil at bemanningsnormen skal gjelde heile barnehagedagen. Senterpartiet skriv at dei vil «sikre nok bemanning i barnehagane.», mens Raudt lovar aukt grunnbemanning, men i første omgang som eit prøveprosjekt. MDG nemner ikkje bemanning i sitt partiprogram.

Tromsø Arbeiderparti hadde fleire kostbare lovnadar i sitt partiprogram i år også, som skolemat, ny ungdomsskole på Kvaløysletta og ny barneskole i Tromsdalen. I ei sak Utdanningsnytt publiserte før sommaren, kom det også fram at både Ap og SV, i tillegg til Frp, går inn for masterlønn til barnehagelærarar i kommunen. 

– Vi har fått tillit av veljarane til å innfri valløftene, konstaterer Aps Marta Hofsøy overfor Utdanningsnytt no. 

Men ho vil ikkje vil forskuttere forhandlingane med dei andre partia.

– Men skolen på Kvaløya, den er alt under arbeid, avsluttar ho.

Skeptisk til bemanningsløfter

Leiar i Utdanningsforbundet Tromsø, Katrine Aursand, er både glad og skeptisk til at fire av fem parti som vil danne fleirtal, med ulik ordlyd seier dei vil ha betre bemanning i barnehagane.

– Skepsisen kjem av at alt i 2021 vedtok kommunen eit prosjekt for betre bemanning. Men ingenting har skjedd, seier ho.

At noko må skje er, ho derimot sikker på. 

– Det er avgjerande at det kjem meir pengar til barnehagane. Situasjonen er kritisk. Bemanninga må opp og sjukefråveret ned, slår Aursund fast.

Men på grunn av prosjektet det aldri vart noe av, er ho langt frå sikker på at valresultatet automatisk vil føre til pengar til betre bemanning.

– Nei, nå må vi arbeide for å få pengar på bordet og fortgang i prosessane. Vi kan ikkje halde fram i det same treige travet, seier Katrine Aursand.

 

Powered by Labrador CMS