Ill.foto: Mostphotos
Lærarnorm, meir bismak enn honning?
Debatt: – Når lærarnorma er på skule- og ikkje gruppenivå, betyr den lite for lærarar med klasser på tretti elevar.
Sidan vi
fekk lærarnorma i 2018, har eg kjent på ein kraftig ambivalens og ikkje greidd
å bli samd med meg sjølv om den kostar meir enn den smakar. Kva smaker den og
for kven?. Det at Høgre og KS no vil utfordre den, er heilt klart vektige
grunnar til å halde på den, men dei tenkjer nok mest på prislappen, og kan nok
tenkje seg å bruke pengane på heilt andre ting enn skule. Eg er ambivalent av
heilt andre grunnar.
Heilt frå
den første diskusjonen om lærarnorm, vart det signalisert at det var ufruktbart
å krevje ein lærarnorm på klasse- eller gruppenivå. Lærarnorma var
framforhandla som ei styrking på skulenivå, der den einskilde skule vart
forplikta til eit tak på tal elever per lærer. Det inneber at det maks skal
vere 15 elever per lærer på 1.-4. trinn og 20 elever per lærer på 5.-10. trinn.
Vidaregåande fekk ikkje ein lærarnorm, og har i dag utfordringar med stadig
større elevgrupper. Dette
vart påpeikt som eit problem allereie i 2021, av tre dåverande
fylkesstyremedlemmar i Utdanningsforbundet Viken:
Lærarnormen må ned på klasse- og gruppenivå
So lenge
lærarnorma er på skule- og ikkje gruppenivå har den lite meining for den
einskilde lærar som står med klasser på gjerne over tretti elevar. Om
lærarnorma skal ha livets rett framover, må vi ned på klasse- og gruppenivå.
Slik som det er i dag, arbeider lærarar i vidaregåande livskiten av seg for å
undervise, vurdere og følgje opp klasser som blir berre større og større, i
takt med negativ skuleøkonomi.
Det er
fleire kjelder til ambivalens over lærarnorma. I år er det tretti år sidan eg
tok mot min første skuleklasse. Eg var klasseforstandar i mange år, og vart
etter kvart kontaktlærar. Krava og forventningane til denne funksjonen har økt
og økt, samstundes som vilkåra og tida til disposisjon for å vere kontaktlærar
har utvikla seg lite. Elevar i heile utdanningsløpet, frå første klasse til
3VGO treng ein nærverande kontaktlærar som følger dei opp, og deltakarane
i vaksenopplæringa har òg behov for ein kontaktlærar som kan følgje dei opp.
Grunnane til at ein vaksen deltakar treng kontaktlærar er ikkje heilt dei same
som for eleven, men det er so stort samanfall at det utan tvil legitimerer det
å ha kontaktlærar.
Grunnskulen
kjem best ut med kontaktlærartillegg., etter
forhandlingane i 2022 fekk dei dobla tida som er avsett til denne
funksjonen, til 90 minutt. Dei har då mest tid til rådvelde, har sentralt
kontaktlærartillegg og i mange kommunar lokalt kontaktlærartillegg òg. På
Sunnmøre av alle plassar er det til og med ei klok skuleleiing som har sett av
90 minutt ekstra til denne funksjonen.
Vidaregåande
skule fekk i 2022 litt meir avsett til tidsressurspott, men kontaktlærartida
vart ståande på 45 minutt i veka. Dei har likevel kontaktlærartillegg.
Vaksenopplæringa knytt til vidaregåande har ingen av delane, verken avsett tid
eller økonomisk godtgjering gjennom sentralt avtaleverk. Du kan seie mykje godt
om fylkeskommunane som skuleeigar, men dei har heller ikkje gjort noko for å
jamne ut desse urettvise vilkåra for kontaktlæraren. i VGO. Vaksenopplæringa
lever stadig eit liv i skuggen. Skammeleg.
Siste
kjelde til ambivalens er leseplikta. Det kan verke som haldninga i
lærarorganisasjonane er at om vi tar leseplikt opp til diskusjon, kan den berre
endrast til det verre. Å vere faglærar har knapt vore meir tidkrevjande, grunna
både klassestorleik, fleire oppgåver og ein vurderingskultur «på
steroidar». Likevel skal vi sitje stille i båten. Det er på tide å plaske
med årene.
Ein
upresis lærarnorm som legg beslag på store midlar og favoriserer grunnskulen.
Veksande klasser i vidaregåande. Kontaktlærarvilkår som er grovt urettvise, med
vaksenopplæringa som det svarte får, og ein leseplikt som ingen snakkar
om lenger. Eg vonar det berre er meg som har blitt ein gretten gamal gnom med
kjeften full av bismak. Honning er det i alle høve ikkje.