chat gpt

Tilsette i høgare utdanning er blitt mindre skeptiske til KI

«KI-panikken» blant tilsette i høgare utdanning har forsvunne, viser ny undersøking. 

Publisert

Undersøkinga er gjort av forskarar ved NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning).

I rapporten deira står det at då ChatGPT blei lansert i november 2022 sende det sjokkbølgjer gjennom høgare utdanning.

Informantane forskarane har intervjua, fortel at denne tida var prega av ei viss "krisemaksimering" og til dels "panikk", særleg når det gjaldt gjennomføring av eksamen og vurdering meir generelt.

– Panikken knytte seg særleg til uvissa rundt kva ChatGPT og liknande teknologiar faktisk var i stand til å gjere, står det i rapporten.

Les også:  Halvparten av lærarane seier dei vurderer elevane på nye måter etter KI kom inn i skulen

Lærestadene satsa raskt på kompetanseheving. Dei publiserte råd og tips til både tilsette og studentar. Til dømes laga dei rettleiarar knytt til korleis ein kan skrive eksamensoppgåver på ein måte som gjer det vanskeleg å nytte generative språkmodellar, og dei ga råd knytt til bruk av KI og persondata.

No, halvanna år etter, har fokus og synet på KI endra seg, ifølgje NIFU-rapporten.

Korleis bruke KI 

Fleire av informantane fortel at dei har fått eit meir positivt syn på teknologien. Dei har dreidd fokus mot korleis lærestadene kan bruke KI på ein god måte.

Ein informant seier det slik:

«Den første sjokkreaksjonen var ‘korleis kan me unngå juks ved hjelp av ChatGPT?’. [Dette fokuset] er jo der, men det er absolutt ikkje lenger det viktigaste perspektivet. Heldigvis (…) Hovudperspektivet no er korleis studentar kan bruke KI i læringsprosessen sin.»

Ei ny bekymring har likevel dukka opp.

Fleire av informantane uttrykkjer uro for at det kan oppstå ei form for klasseskilje dersom nokre studentar lærer seg å bruke KI på ein god måte og andre ikkje.

– Nokre av informantane etterlyste derfor ei viss felles tilnærming til dette feltet på tvers av lærestader, slik at studentar – uavhengig av kva universitet eller høgskule dei går på – får med seg den grunnleggjande kompetansen dei treng ut i arbeidslivet. I tillegg etterspurde nokon av informantane at nasjonale styresmakter tok ei meir aktiv rolle i kompetanseutviklingsarbeidet, både når det gjeld tilsette og studentar, står det i rapporten.

Ikkje i mål

I mars i år snakka Utdanningsnytt med fleire lærarutdanningar om bruken av kunstig intelligens. Dei kunne fortelje at dei har lite obligatorisk opplegg for studentane som dreiar seg om KI. I staden tilbyr dei nokre frivillige kurs og workshops.

Eit gjennomgåande tema var at lærestadene ikkje opplevde at dei var i mål når det kjem til kunstig intelligens.

– Det er klart at mange ikkje kan nok om det enno, sjølv om vi har fagtilsette som er heilt i front i forsking og undervising innanfor temaet. Med over 250 tilsette på fakultetet er det klart det varierer veldig kva for kompetanse ein har på feltet, sa Lin Ramberg, programleiar for grunnskulelærarutdanningane ved Høgskolen i Østfold (HiØ).

Eit varierande kompetansenivå blant dei tilsette er også ei hindring.

– Det er ein god del lærarar som har for lite kunnskap til å kunne implementere det i undervisinga på ein sikker måte. Ikkje fordi dei er dårlege lærarar, men fordi desse endringane har skjedd så fort, sa prodekan for utdanning, Anne Kristin Rønsen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS