Ill.foto: Inger Stenvoll
Nynorskfritak er ikkje valfridom
Debatt: – Søknaden frå Nordland fylkeskommune om å gjera halve norskfaget valfritt har særs tynt fagleg grunnlag.
Eit forsøk med valfritt sidemål i
vidaregåande skule skal gje elevane større valfridom i opplæringa, meiner
Nordland fylkeskommune. Men resultatet kan verta mindre valfridom når
nordlandselevane skal velja språk, utdanning og yrke.
Nordland fylkeskommune har søkt om å få
setja i gang eit forsøk med valfritt skriftleg sidemål i vidaregåande skule,
med oppstart skuleåret 2025/2026. Føremålet skal vera å gje elevane større
valfridom og meir tilpassa opplæring. Timane som vert frigjorde, skal nyttast
til å styrkja undervisninga i hovudmålet.
Tynt fagleg grunnlag
Opplæringslova paragraf 29-3 slår fast at ein kan
gjera unntak frå lova for å gjennomføra pedagogiske forsøk. Slike forsøk skal
vera etisk forsvarlege og godt fagleg underbygde, og dei skal ikkje svekkja elevane sine grunnleggjande
rettar. Språkrådet meiner at søknaden frå Nordland fylkeskommune om å gjera
halve norskfaget valfritt, har særs tynt fagleg grunnlag, og at prosjektet
fører til ei svekking av elevrettane.
Norskfaget er eitt fag, og det omfattar
skriftspråka nynorsk, bokmål og dei to tilhøyrande skriftkulturane.
Med dette forsøket vil Nordland
fylkeskommune testa om valfri sidemålsundervisning kan gje høgare
gjennomføringsgrad, auka motivasjonen eller betra trivselen til elevane. Eit liknande forsøk vart gjennomført ved ni vidaregåande
skular i Oslo 2004–2007. Den gongen kom ein fram til at forsøket ikkje gav
tydelege gevinstar, men at elevar som hadde skriftleg sidemålsopplæring, ikkje
fekk den undervisninga dei hadde krav på, og dermed kom dårlegare ut fagleg enn
dei elles ville ha gjort. Det er ikkje forsvarleg å utsetja endå eit elevkull
for den same risikoen.
Metodiske veikskapar
Søknaden frå fylkeskommunen har visse
metodiske veikskapar. Til dømes manglar informasjon om kor mykje tid som
faktisk vert nytta på skriftleg sidemålsundervisning i Nordland. Om
fylkeskommunen vil styrkja undervisninga i hovudmålet, må han jo ha ei
oppfatning om kor mange timar som skal flyttast frå sidemålsundervisning til
hovudmålsundervisning. Fylkeskommunen bør også ha ein måte å måla denne
tidsbruken på.
Ein annan metodisk veikskap med det
føreslegne forsøket er at det ikkje står noko i søknaden om kven som skal vera
kontrollgruppe. I proposisjonen til opplæringslova skriv Kunnskapsdepartementet
at «forsøksordninga ikkje skal oppfattast og nyttast som ein ordinær
unntaksheimel eller få karakter av å vere ein dispensasjonsheimel». Det
fylkeskommunen søkjer om, framstår dermed meir som ein dispensasjon frå kravet
om at elevane på studieførebuande program skal ha undervisning og vurdering i
skriftleg hovudmål og skriftleg sidemål, enn som ei kontrollert
forsøksordning.
Nordland fylkeskommune stiller
sidemålsundervisning opp mot valfridom. Vi vil hevda at ei god
sidemålsundervisning er med på å gje elevane verkeleg valfridom. Alle som
nyttar norsk, står fritt til å velja å skriva nynorsk, bokmål eller begge
delar. Ein føresetnad for å kunna gjera det valet er at ein har kjennskap til
og kompetanse i både nynorsk og bokmål.
Kven
skal ta rekninga?
Paragraf 4 i språklova slår fast at nynorsk og
bokmål er likeverdige språk som skal kunna brukast i alle delar av samfunnet.
Skulen skal førebu elevane på vidare studium, arbeidsliv og samfunnsliv. Den
såkalla fridommen til å velja vekk skriftleg sidemål vil avgrensa valfridommen
til elevane i framtida. Det er ei rekkje kommunar, fylkeskommunar og andre verksemder og
institusjonar som forventar at tilsette
skal kunna skriva både bokmål og nynorsk. Alle statlege og fylkeskommunale
organ bruker dessutan både bokmål og nynorsk.
Det manglar kvalifiserte lærarar til
skular i heile landet, også i Nordland. Eit fritak frå vurdering i sidemål på
vidaregåande skule fører ikkje automatisk til eit fritak frå opptakskrava til
lærarutdanningar. Eit forsøk med valfritt sidemål vil gjera at Nordland mistar
eit kull med elevar som kunne søkt seg inn på lærarskular. Har Nordland råd til
det?
Nordland fylkeskommune vil finna ut om
valfritt skriftleg sidemål påverkar generell gjennomføringsgrad i
studieførebuande programområde. I juni kunne fylkesråden for utdanning og
kompetanse varsla at Nordland hadde det beste resultatet for gjennomføring nokosinne.
Dette fekk skulane og lærarane til, sjølv med skriftleg sidemålsundervisning.
Vi trur det er meir fruktbart å ta lærdom av denne suksessen enn det er å
gjennomføra eit forsøk med valfritt sidemål.