Politikarar og foreldre sit inne med forelda skule-kunnskap

Debatt: Eit hovudproblem for både politikarar og foreldre i skule-debatten er at dei sit inne med forelda kunnskap.

Publisert Sist oppdatert

Alle har meiningar om skule, fordi alle har gått på skule. I politikken dukkar temaet opp med jamne mellomrom, og særleg når det er val. 

Mange politikarar har prøvt å setja sitt avtrykk på skulesoga ved endringar. Eit hovudproblem for både politikarar og foreldre i skule-debatten er at dei sit inne med forelda kunnskap. 

Lærarane som har den aktuelle kunnskapen, vert stadig meir overstyrde og lite høyrde! 

I skulen, som på dei fleste andre område, var ikkje alt betre før. Men både Reform -94 og 6-årsrefoma har hatt mange negative konsekvensar. Studiekompetanse som overordna mål, med nedvurdering av praktiske fag, og 6-åringane sitt tap av leik og motorisk utvikling er eit par stikkord her! Nedvurderinga av praktisk utdanning førde til at mange droppa ut av allmennfag, og me har fått mangel på folk på ulike område. 

Ein må revurdera omgrepet «kompetanse», og i krisetider overlever praktikarane! Kva 6-åringane taper, er eit stort felt for seg.

Nyvinningar

Kort om bakgrunnen min for å ta opp temaet: Etter å ha vore studentlærar byrja eg på 3-årig lærarskule med eitt års engelskstudium inkludert. Seinare byrja eg på universitet. Det starta med førebuande og propedeutiske kurs. Det sistnemnde var obligatorisk for å studera filologi. Eg tok nordisk mellomfag og tysk hovudfag. Samla vart det cand.philol med opprykk. Det var arbeidssame fag i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. 

Eit halvårseining i data og eksamen i bibliotek (Mikromarc) seinare, gav litt andre aktivitetar i dataen sin barndom. Den beste hjelparen eg hadde, var ein gut på vg1! Som rådgjevar kom eg i nær kontakt med elevar med ulike utfordringar.

Eg opplevde diskusjonen om nyvinnigar som kalkulatoren. Seinare fekk me mobiltelefonen, og det nyaste er kunstig intelligens. Kalkulatoren har for lengst fått sin plass. Drøftingane går på bruken av mobil, og kunstig intelligens er på trappene. Det er ulike meiningar om bruken. Ein kan ikkje stoppa utviklinga, og politiske og bastante vedtak løyser ikkje problema. 

Me må finna gode løysingar i samarbeid mellom lærarane og elevane! Det vert ikkje enten eller, men korleis ein skal bruka desse nye moglegheitene!

Ein har snakka om «tilpassa opplæring» i mange, mange tiår, utan ein kan seia at dette har lukkast godt nok. Men etter ei litt historisk innleiing vil eg denne gongen ta opp eit tema som vert nemnt stundom, men ikkje teke på alvor: Søvn! 

Då eg var rådgjevar, opplevde eg at mange av elevane sov for lite. Det kunne ha ulike grunnar, men ein viktig grunn var at dei hadde ulik søvnrytme, kjent som A og B menneske. Musikk, fjernsyn og filmar kunne sjølvsagt òg vera grunnar. I våre dagar er det fleire aktivitetar som held born og unge vakne på ei tid dei burde vera i senga: Datamaskin, ipad, internett og ikkje minst mobiltelefonen! 

I tillegg til tidsbruken så verkar det såkalla blå lyset inn på produksjonen av stoff som held ein vaken!

Mangel på søvn verkar inn på evna til både å læra og til å hugsa det ein lærer. Når ein søv, bearbeidar og lagrar hjernen kunnskap. Det er på høg tid at temaet vert teke opp. Stikkord kan vera litt seinare skulestart om morgonen! 

Det vil vera til dobbel hjelp for dei som har lang skuleveg, føra til betre læring og truleg mindre fråvær! 

I tillegg må skulen i samarbeid med elevane og foreldra i fellesskap betra søvnvanane til dei unge. Vitskapen føreslår meir søvn og mindre blått lys, jamvel led-pærer på sein kveldstid gjer ein vaknare, og tilpassa søvntid vert viktig, nett som tilpassa opplæring! 

Lysbehandling

Såkalla «lysbehandling» i mørketida prøvde eg som rådgjevar, på ungdommane. For å få elevane til å sovna om kvelden, tok dei lysbehandling om morgonen. Både tilsette og elevar var med. Eg vil påstå at det er ein måte å hjelpa på søvnproblema i mørketida!

Det er to grunnar til at at eg tek opp dette no. Den fyrste er den same som sirkushesten har: «Den som ein gong har opplevt sagflisa sirkuset»… Ein gong lærar alltid lærar! Den andre er at eg nett har lese ei bok på 600 sider om «Hvordan vi sover», av Matthew Walker. Han tek utgangspunkt i at søvnrytmen og søvnbehovet har utvikla seg i millionar av år, med me på eit par hundre år har fått eit sterkt regulert søvnmønster. 

Dette er unaturleg og reduserer både arbeids- og læreevna! Ulikt søvnmønster går gjerne i arv slik som moral og folkeskikk. Å arbeida med søvnmønsteret i skulen kan vera med å byggja ned klasseskiljet! Boka er ein internasjonal bestseljar, og ho bør lesast av både skulefolk og arbeidsgjevarar!

Powered by Labrador CMS