Korleis kan skulen førebu elevane på å møte truslar mot demokratiet?

Debatt: Demokratisk deltaking kan ikkje lærast, det må erfarast.

Publisert

Presidentvalet i USA er rett rundt hjørnet, og Trump er i alle kanalar. Dersom han vinn, er mange demokratiforskarar bekymra for at det amerikanske demokratiet vil kollapse[1]. Det er ei tydeleg påminning om at alle samfunn treng ein demokratisk beredskap. Skulen er viktig for å utvikle denne beredskapen, og me må difor spør oss korleis me kan førebu elevane våre på å møte truslar mot demokratiet, som framtidige «Trump’ar». Sjølv har eg byrja reflektere over eigne handlingar då mine elevar ville kjempe for meir elevdemokrati.

Kva gjer eg no?

Det er klassens time, og min plan for timen er at klassen skal velje elevrådsrepresentantar. Klassen viser lite engasjement, heilt til ein elev plutseleg ropar: «Me boikottar elevrådet! Rektor høyrer ikkje på oss likevel!» Fleire elevar sluttar seg entusiastisk til ideen, mens eg som lærar tenkjer: Kva gjer eg no?

Boikottforslaget skapte mykje uro i klasserommet, så eg sette val av elevrådsrepresentantar på vent og gav klassen beskjed om at me skulle koma tilbake til saka i ein annan time. Eit par veker seinare inviterte eg rektor til klasserommet for ein samtale om elevrådets rolle. I dette møtet var elevane mest opptatt av å diskutere lekser, og møtet munna ut i at rektor lova at skulen no skulle vurdere om me skulle bli ein leksefri skule. 

Det som byrja med ein klage over å ikkje bli høyrt av rektor, førte til at rektor starta ein prosess rundt lekser. Elevane vart høyrt, men me vaksne tok kontroll over prosessen. Eg hadde parkert boikott-initiativet. Trump har fått meg til å gruble på det valet eg der gjorde.

Kva seier læreplanen?

Opplæringa skal fremje demokrati, står det i formålsparagrafen. Læreplanen utdjupar kva det vil seie å fremje demokrati: «Skolen skal være et sted der barn og unge opplever demokrati i praksis.» I læreplanens kapittel om demokrati og medborgarskap, står det: «Skolen skal stimulere elevene til å bli aktive medborgere, og gi dem kompetanse til å delta i videreutviklingen av demokratiet i Norge». Korleis kan skulen leggje til rette for at elevane får oppleve demokrati i praksis og dermed bli demokratiske medborgarar?

Forskinga på læring og demokrati skil gjerne mellom tre ulike tilnærmingar. Den eine er utdanning om demokrati, som handlar om å lære den kunnskapen som er naudsynt for å ta del i demokratiet. Det kan til dømes vere kunnskap om politiske institusjonar og menneskerettar. Den andre tilnærminga, utdanning for demokrati, handlar om at elevane utviklar ferdigheiter, kunnskap og verdiar som gjer at dei kan bli demokratiske medborgarar. Skulen er dermed med på å utvikle ein demokratisk beredskap. Den tredje tilnærminga, utdanning gjennom demokrati, vektlegg at elevane lærer å vere demokratiske borgarar gjennom å delta i demokratiske prosessar. Elevrådet kan vere eit døme på demokratiske prosessar i skulesamanheng (Breivega et al 2019, Lenz 2020, Biesta 2003).

Utdanningsfilosofen Gert Biesta (1957- ) hevdar at om skulen skal drive utdanning for demokrati, er utdanning gjennom deltaking i demokratiske prosessar mest effektivt. Elevar lærer meir av å sjølv vere aktive og få reelle erfaringar. Demokratisk deltaking kan ikkje lærast, det må erfarast, men i ettertid kan ein lære gjennom å reflektere rundt det ein erfarte (Biesta 2003).

Demokratiske initiativ

Eleven som ropte «Me boikottar elevrådet!» tok eit sjølvstendig, spontant og demokratisk initiativ. Læreplanen seier at elevane skal erfare demokrati og at målet er å utvikle demokratiet. Å diskutere, eller til og med å organisere ein boikott-aksjon, er demokratisk deltaking. Det finst mange historiske eksempel på bruk av boikott som eit kraftfullt demokratisk verkemiddel. Bussboikotten initiert av Rosa Parks i det rasedelte USA på midten av 1950-talet, er velkjent. Ville ein boikott vore eit effektivt og rettferdig verkemiddel for å få rektor til å høyre meir på elevrådet? Burde elevane heller tatt i bruk andre verkemiddel? 

Å reflektere rundt desse spørsmåla ville vore ein ypparleg anledning til å lære meir om demokrati. Om klassen også hadde fått ta stilling til om dei var for eller mot boikott, og eventuelt gjennomført boikotten, hadde elevane fått erfare å delta i reelle demokratisk prosessar.

Biesta (2006) spør kva skular bør gjere for at elevar skal få demokratiske erfaringar, og svarar sjølv at skular må skape eit miljø der elevar kan ta initiativ og lærarane må vise interesse for desse initiativa. Når Trump no stirar på meg i skjermen, tenker eg at skulle ha handla annleis. 

Som lærar skulle eg ha tredd eit steg tilbake, utfordra og stilt gode spørsmål, men latt elevane sjølv få diskutere og konkludere. Fordi elevane treng demokratiske erfaringar, og samfunnet treng demokratisk beredskap.

Litteratur

  • Biesta, G. (2003). Demokrati - ett problem för utbildning eller ett utbildningsproblem? Utbildning Och Demokrati, 12(1), 59–80. https://doi.org/10.48059/uod.v12i1.741
  • Biesta, G. (2006). Beyond learning: democratic education for a human future (Vol. 2). Paradigm.
  • Breivega, Rangnes og Werler (2019) Demokratisk danning i skole og undervisning. I (red.) Breivega og Rangnes. Demokratisk danning i skolen. Tverrfaglige empiriske studier.
  • Hansen, H.F. (2022) Republikanisme og demokratisk medborgerskap i skolen. I Nilsen (red.) Myndig medborgerskap. Demokrati i lærerutdanningen. Universitetsforlaget.
  • Kunnskapsdepartementet (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
  • Lenz, C. (2020) Demokrati og medborgerskap i skolen. Fagbokforlaget.
  • [1] NTB (2022). Forskere frykter USA kan miste demokratiet. Forskning.no. https://www.forskning.no/demokrati-ntb-politikk/forskere-frykter-usa-kan-miste-demokratiet/1961830
Powered by Labrador CMS